søndag 24. februar 2008

Søndagsklær til far...

Det er kanskje litt vel å kalla sokkar for søndagsklær, men uansett så er dette sokkane eg har strikka til pappa.

Som nemt i tidlegare innlegg så tok eg å utvida oppskrifta på Jaywalkers med tilsaman 8 maskar. Etter ein sokk var fullført så forstod eg at kanskje det ikkje var behov for denne utvidninga. Det er ein vanleg sokkepinne eg har lagt på sokken, så den er definitivt stor nok.

Men etter å ha strikka ein sokk så gadd eg så absolutt ikkje å rekke opp og strikka på nytt. Så det blei eit par av det tilslutt. Må få stappa sokkane i ein konvolutt og sendt til pappa, medan det framleis kan vera litt behov for strikkasokkar.

Har litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje har laga noko til mamma og, men dama er ein racer på å strikka sjølv og er alltid varm. Så vert kanskje med ei bok eller noko frå Mamutsalget til ho i same konvolutt.

No visar klokka seint seint, har vore å spelt brettspel hjå Bjørnar og Hanne, tapa så det sang etter. Men neste gong :) No er det sengetid.

lørdag 9. februar 2008

Shaun the sheep

I jula, slik som Fru Turøy, byrja eg å strikka det som i etterkant har blitt Shaun.

Idag har eg endeleg klart å montere ferdig guten og fått blåst liv i han. Kort tid etterpå fortalte eg han om Shaun som no bur på landet og kosar seg. Shaun fekk sjå bilete frå Fru Turøy sin blogg. Stakkars Shaun fekk nesten tåre i augene og kunne ikkje tenkje på anna enn at han måtte komma seg på landet så han og Shaun kunne leike saman.

Men på landet såg det ut til å vera kaldt, så Shaun fant ut han måtte fiksa seg eit skjerf nett som Shaun på landet. Men Shaun ville ha blått.

Så Shaun byrja å strikka, og han strikka og strikka... Til slutt så hadde han eit skjerf som varma godt. Eg måtte knyte det på han med ein gong og Shaun sprang til døra. Måtte forklara han om att og om att at det var seint og at det ikkje gjekk nokon bussar til landet så seint.

Det var jo sjølvsagt trist, men Shaun har bestemt seg for å venta til bussane går til landet att.





Så kva gjer ein liten sau medan han ventar på bussen til landet?
Jo han ser på seg sjølv på youtube, nærmare bestemt her...

onsdag 6. februar 2008

Litt etter litt

Her om dagen fekk eg ein bestilling frå broderen. Han ville gjerne at eg skulle laga ei hekla hue til han, av typen som ein utan hår kan ha og som ikkje gjekk ned over øyrene. Kva farge den skulle vera kunne eg velgja sjølv.

Når broderen bestillar så kan ein nesten ikkje seie at det gidd eg ikkje laga, så eg handla garn alt dagen etter. Då eg ikkje er den som heklar mest i verda så kom Tove med eit forslag til ei oppskrift eg kunne bruka som mal, og så gjekk det eit par/ein del dagar før eg fekk hjelp til å komma igong. Hua til broderen ligg no på kontoret, innpakka og treng litt meir i porto.

Det eg la merkje til etter denne hua var at eg hadde jo garnet som var satt opp i oppskrifta i hylla, så eg laga like greitt ei hua til meg sjølv i diverse lilla-fargar. Trur eg blei rimleg nøgd og :)

Når eg ikkje jobbar, trenar, ete, søve eller strikkar så har nokon kanskje lagt merkje til at kamera er aldri langt unna. Denne gongen vil eg og visa eit bilete eg har teke, dette frå ein flytur påveg til Gardermoen. Klokka er 0700 om morgonen.
Det er så godt som klin umogleg å ikkje ta bilete ut flyvindauga så tidleg på morgonen. Like fantastisk kvar gong.

Reknar med det kjem meir her inne om få dagar, følar det på meg. Produktiviteten blomstrar i strikkekroken :)