søndag 29. juni 2008

Bellatrix Socks




Eg har framleis garn frå Sokkegarnklubben som eg skal bruka, men kanskje desse sokkane hadde vorte betre i einsfarga eller eit effektgarn med lengre fargesekvensar, mønsteret forsvant ein del i alle fargane.




Dette er same garn som eg strikka sokkar i den 31.mai iår, og det er ikkje blitt noko betre. Får nok dessverre framleis kun terningkast: 2.

Til høgre har eg prøvd å få til eit nærbilete av effekten av mønsteret.
Det var ikkje vanskeleg å stikka desse sokkane, litt putlete å få til dette "hullete" mønsteret, men etter ei stund gjekk det sjølvsagt kjappare. Dersom eg skal laga desse sokkane igjen så skal eg prøva med litt tjukkare garn og pinnar.

Oppskrifta på sokkane finn ein her. Merk: den ligg på Ravelry.

Alfabetisk utfordring

Eg er blitt utfordra av Anna Maylèn til å fortelja om meg sjølv ved hjelp av alfabetet...

Akebrett
Bloggar - and proud of it
Cookies
Disney og Dykking
Engelsk
Familie og Fotografering
Gamle kunster/Gimping
Håret er nyklippa
Internett
Juleferie
Kokebøker og Korsang
Lilla
Michael Bublè
Nachos
Omtenksom
Pubquiz og Photoshop
Q-tip
Reell
Strikkegal
Teavhengig
Ullsokkar
Venner
Witches Aboard
X-ray vision (ynskjetenkning)
Yoga
Zero the Ghostdog
Ærleg
Økonomisk
Åleine

Temaet for denne er at for hver bokstav i alfabetet skal du finne ett ord (eller flere) som beskriver deg, hvem du er, hva du liker og hva som betyr noe for deg.

Eg utfordrar då Hanne og Irene :)

Unos tvilling - Uno Duo

Uno bestemte seg for at sommaren her i Noreg var litt i kaldaste laget, så tysdag 24. juni stakk han av i sikkerheitskontrollen på Flesland. Har ikkje sett eller høyrt frå han sidan...

Så no får tvillingen hans, Uno Duo, gleden av å pryda veska mi... Håpar vi to får eit litt lenger vennskap. Kryssar fingrane for det iallefall.

mandag 23. juni 2008

Uno - Zeros vetle bror

Eg er særdeles svak for Tim Burton og animasjonsfilmar av forskjellege slag. Blant favorittane som då dekkast av begge desse svakheitane er The nightmare before christmas. I den filmen er der ein spøkelseshund ved namnet Zero. Eg har då laga bror til Zero, som naturleg nok må heite Uno (oppskriften finn ein her). Uno har raudt slips istaden for raudt hundebånd rundt halsen. Frå no av skal han pryda den kule veska mi... :)

søndag 15. juni 2008

Baskecase sock

Dette er sokkane som Irene strikka i mai, eg er litt seinare, men pytt...

Det var når eg såg bloggen til han som har laga oppskrifta til desse sokkane at eg bestemte meg for å prøva å laga sokkane. Eg er nemleg ein STOR Disney-fan... Criminy Jickets aka Jiminy Cricket, og for dei som ikkje er sikker på kva karakter det er så er det gresshoppen i Pinocchio, han som synger "When you wish apon a star".

Men ein ting lærte eg etter å ha sett på sokkane som Irene laga, eg måtte hugsa å telja mønsteromgongane.

Desse sokkan er laga av den andre typen garn eg fekk frå Sokkegarnklubben. Dette heiter Cascade Yarns - Sassy stripes. Dette garnet syns eg var veldig behagleg å strikka med og det var veldig godt på foten (klør ikkje) og det varma :) Det består av 75% new wool og 25% nylon, 50 g tilsvarar ca 200m. Strikkast på pinne 2.5. Gjev dette garnet terningkast: 5

torsdag 12. juni 2008

Min fantastiske sommarkonsert

Band: Foo Fighters
Oppvarmingsband: Queens of the Stone Age
Dato: 11. juni 2008
Stad: Koengen, Bergen
Publikum: ca 20 000

Då var endeleg dagen komt då eg skulle få bruka konsertbilletten min. Værmessig så har eg (og Tove) vore rimleg engsteleg den siste veka, men værgudane har gjordt dei fleste meldingar gjennom veka til skam. Sjekk kor flott vær me fekk, opplett, sol til tross for at det var kaldt. Tove får ein god del av æra for det fine været, ho hadde teke på regnbuksa for å halde regnet unna :)
Det gjekk kjapt å komma seg inn på området. Vi fant til og med ut at vi skulle våga oss innanfor inngjeringen rett foran scenen. Genialt var det faktisk, for der fant vi den perfekte haugen som vi kunne stå på og sjå konserte frå. Det mest geniale med haugen var dumpa som var rett foran den, så der stod sjeldan folk :)

Queens of the Stone Age entra scenen så godt som akkuratt 19:30 og spelte i 1 time. Har berre sett eit par videoar og høyrt litt på platene deira før konserten, men definitivt nok til å vita at eg likar stilen deira. Eg syns dei var veldig dyktige, i avisene vert det sagt at dei fekk lida under vinden og at vinden øydelagde lyden for dei. Der vi stod merka ikkje eg noko til det. Kjem nok til å handla eit par cd'ar til med desse karane :)
Etter ein del ombygging av scenen etter QOTSA så kom Foo Fighters på scena og folk var elektriske. Foo Fighters og Dave Grohl var ufatteleg dyktige frå første stund. No var det berre å finna godstillingen der ein stod og nyta konserten. Kjekt å vita på førehand at Foo Fighters pleie spele i ca 2 timar, så ein viste der var mykje godt i vente :)
Alle som har sett iallefall ein musikkvideo med bandet veit at Dave Grohl har kameratekket. Litt ut i konserten byrja han nemleg å sjekke utsjånaden etter det han såg på skjermen som var satt opp til høgre for scena. Eg DIGGAR dette bilete eg klarte å knipsa av han då :)
Som seg hør og bør når ein er i ein ny by og møtar nye folk så introduserar ein seg/kvarandre. Dave Grohl hadde det ein trygt kan kalla ein lang og morosam introduksjonsrunde av dei som var på scena. Om dette utartar seg likt på alle konsertar likar eg å tvila på. Ikveld så byrja han så fint med å introdusere mannen på keyboard, som laga nokon smålydar og Grohl satt eit spørsmålsteikn ved om var musikk eller ei. Så blei bandets elektrisk gitar introdusert, Chris Shiflett, han bestemte seg trulegvis for å ta att for keyboardistens manglande bidrag og blei til slutt stoppa av Grohl. Så var det bassisten Nate Mendel som fekk rampelyset, han viste ikkje tegn til å spele ein akkord ein gong. Men publikum skulle ha litt av alle, så etter mykje risting på hovudet og med litt hjelp frå resten så fekk han vridd ut eit par strofar (Grohl virka litt overraska over at folk ville ha bass-solo...). Så var det gitaristen sin tur, etter ein god del overtaling frå Grohl så kom han med kanskje 3 akkordar (var vist flau han og). Så kom dama med strykeinstrumenta, Jesse Greene, og spelte litt mot Grohl. Så var det dags for kveldens høgdepunkt, utanom konserten, mannen som bl.a spelte triangelet... Etter ein del oppmuntring frå publikum og risting på hovudet av han og så stilte han seg opp med triangelet og spelte. Beviset er under. Grohl påpeika etterpå at the Star of the show seemed to be the guy with the triangle :) Sist men ikkje minst kom trommisen, Taylor Hawkins sin tur og han fekk gleden av å fortsetja konserten. Heile denne episoden var veldig minneverdig og eg lo nesten så eg grein :)
Dessverre, som alt anna, så måtte klokka passere 23:00 og byens beboara har rett på ro for kvelden. Skulle haldt ut eit par songar til eg om dei hadde ville spelt dei, men for all del, det er arbeidsdag (dessverre) i morgon så ein fekk tusla ut og finna ein buss. Heldigvis så var været framleis lovande...
Trur alle vi (altså: meg, Tove, Britt, Jannicke, Espen og Kristian) som stod på haugen (som vi prøvde å forsvara med livet) innanfor inngjerningen er eininge om at konserten var bra, veldig bra :)

tirsdag 10. juni 2008

Bunny'en

Ein kollega av meg ventar familieforøkning iløpet av sommaren, men kva lagar ein til ei som strikkar sjølv??

Vel har høyrt at ho har snakka om babypledd, huer, votter o.l. men strikkeleiker har eg ikkje høyrt noko om endå, så eg vågar å prøva meg på det nok ein gong.

Dette er ein Big Foot Bunny frå boka Knitted Toys av Zoë Mellor. Eg har brukt ein del Dalegarn (Tukan) som eg har stjelt frå garnloftet til mamma :) Tok meg og den friheit å strikka alle delane rundt istaden for att og fram, så då blei det heldigvis ein del sømmar eg slapp å sy.

Bunny'en blei plassert på stolen til Tonje idag, skulle plassere ein lapp på han før ho kom, men det klarte eg då ikkje...
På lappen stod følgjande:

Søker nytt hjem!
Søker et nytt hjem med snille
foreldre og en søt baby.
Har du dette tilgjengelig for
en slikk og helst ingenting,
ta kontakt!
Bill.mrk: Bunny

mandag 9. juni 2008

Lucky nr 11

Se kor fornøyd karen er, og gjett om han har god grunn for det... Etter 165 km på sykkelen frå Bergen til Voss i steikande sol... Seie seg sjølv at alle som klarar den turen har all grunn til å smila og ta fri dei neste par dagane :)

Heiagjengen; meg og gjengen i det blå huset, satt klar på plenen ved målområdet, men jamen gjekk vi ikkje neste glipp av målgangen til Oddis, takka vere feilinformasjon (fy Oddis). Sidan han kom så plutseleg på oss så blei det heller pynta på Endeli (hytta). Der kosa vi oss heile helga med god mat, drikke, brettspeling, soling og generell avslapping. Oddis har bestilt hyttetur allereie til neste år, same place - same time...
På bilete over har vi kosa oss med Hannes sinnsjukt gode ostekaka og jordbær m/fløte. No har Bjørnar overtatt med å steika karbonadedeig til kveldens tacos :)