onsdag 25. februar 2009

Maria and Mads sitting in a tree...

... K I S S I N G! og vi veit alle kor uskuldigt men produktivt det kan vera. Ein heil liten babygutt faktisk. Syns det er kjempe kjekt for dei, reknar med store systera og gledar seg ein aldri så liten bit.

Maria er ein god kollega og Mads ein tidlegare god kollega, så eit eller anna måtte eg jo laga :)

Nok ei jakka av typen Baby Jiffy Sweater. Dette var faktisk den fyrste eg laga, og då hadde eg alpakka tilgjengeleg. Så jakka vert eit handvaskplagg...

Må og innrømma at når eg byrja strikka babyhua og smetteskjerf så blei eg hekta og såpasse nøgd med resultatet, så eg berre måtte laga det til denne vetle guten og. Har her og brukt Dale babyull. Oppskrifta er det linka til i innlegget om Thord :)

Avleveringen av gåva var gjordt i skjul. Men sålenge der er andre kollegaer i landskapet når pakken vert lagt på pulten, så er du garantert at nokon fekk det med seg og sladra :) I dette tilfelle så hadde det vist blitt ein liten oppstandelse rundt pulten når pakken blei åpna og. Alltid kjekt å vita at folk likar å sjå det ein lagar.

Ynskjer Maria, Mads og store syster lukke til framover :D

torsdag 19. februar 2009

Til lille "Rosa"

Tysdag 17. februar sende eg ein liten pakke til Anna-Maylèn med eit par småting. Seinare på dagen fekk eg vite frå Tove at lille Rosa var komt til verda.

Eg har tidlegare uttrykt at der er mangen babyar nyleg ankommet eller rett rundt hjørnet, men lille "Rosa" var faktisk den einaste jenta som var spådd. Så eg berre måtte kasta meg inn i leiken om å laga noko jentete, gudane veit når eg får sjansen igjen...

Eg byrja fyrst på ein kjole, men rotete som eg er så klarte eg å forlegge oppskrifta *flau* Så eg byrja bla i dei oppskriftsheftene eg hadde liggande og den rosa kreasjonen til over blei resultatet. Til å vera min fyrste babykjole så gjekk det sånn noko lunde iallefall. Laga og dei tilhørande babysokkane.

Ellers så følte eg ikkje for å stoppa med kjolen. Kom nemleg over ein lilla tråd som eg berre måtte kjøpa. Den forvandla eg til denne cardiganen. Oppskrifta skal ha ribbestrikk på enden av armane, men inspirert etter kjolen så prøvde eg meg med ein innbretta kant.

Alt er laga i absolutt ikkje kjønnsnøytrale fargar, snarare tvert imot. Anna-Maylèn har vel og gitt uttrykk for at ho ynskja det på den måten og så. Og du kor kjekt det var, no skjønnar eg endå meir kvifor jenteavdelingen på babybutikkar har større utvalg... Det er noko veldig tilfredstillande med å laga jentekler.

Idag fekk eg då meldingen om at pakken var mottatt på barselavdelingen og mor var i fare for å bli dehydrert. Håpar det er gledestårar for det var ein glede å laga desse ting :)

Lukka til Anna-Maylèn og heile familien, gledar meg til å sjå Thea iallefall på bilete. Og håpar eg klarar lura inn eit personleg besøk og ein gong :)

onsdag 18. februar 2009

Thord kom som lyn frå klar himmel...

... heile 6 veke før tida. Han hadde det travelt med å komma igong med alt gitt :)

Idag tok eg og Britt (kollega) turen for å besøkja Thord og familien hans. Etter litt skivebom med valg av buss og ein liten luftetur tilbake så kom vi fram. Då fekk vi vita at far i huset faktisk hadde bursdag idag :) Så vi fekk smaka nysteika kringle med nøtter og sjokolade, veldig veldig godt.

Mor er og kollega av meg så noko lite måtte eg sjølvsagt laga til vetle Thord. Hua og smettesjerfet blei laga fyrst. Så kom eg over oppskrifta til Baby Jiffy Sweater, og den var så kjekk å laga at eg måtte berre laga ein til Thord i korrekt farge.

Hua og smetteskjerfet har eg laga i Dale Babygarn, oppskrifta er frå garnstudio her, fant sjølv ut eg ville gjere noko litt spesielt med settet så då hekla eg på løkker.

Jakka er laga i Rubin frå Spar Kjøp, veldig fornøyd med det garnet - veldig godt å strikka med og deilegt å ta på. Oppskrifta finn ein her.

Håpar alt passar og ynskjer familien all lukke vidare :)

Vinterfotografering

Av og til skulle vi vel alle likt å teke fri frå jobb om vinteren for å få litt dagslys. Forrige veke så avtalte eg å ta fri ein halv arbeidsdag. Fyrst snakka eg og Tove om å møtast i sentrum med kamera torsdagen, men ho overtalte meg til å ta forlenge helg så fredag 13. feb gjekk turen til sentrum etter lunsj.

For dei som bur i Bergen eller Bergen omeng så hugsar dei kanskje det sinnsjuke været vi hadde torsdagen 12. feb... Det var snø, sludd og regn i ein fin bøtteballett heile dagen. Så når eg vakna fredag morgon og såg at det var skyfritt ute... Var rimleg happy då ja :)

Bilete til venstre forteljer litt om korleis tilstanden var i Bergen sentrum på ettermiddagen fredag 13. februar. Bilete er frå enden av Shetlands Larsens Brygge ved Zachen.

Etter ein liten tur til Nordnes så møtte vi felles kjente i sentrum og satt oss på kafe og strikka, kosa oss med varm sjokolade og sjokoladekaka. Litt middag litt seinar, før vi gjekk på Bergen Hotel og Pub og strikka vidar. Var ein HERLEG start på helga, slike kan anbefalast til alle ein gong i ny og ne :)

torsdag 5. februar 2009

Nattfotografering

Etter å ha sett mangen flotte bilete på Tove sin blogg i det siste, blei eg tilstekkeleg inspirert til å finne fram kamera når det slutta å snø ikveld. Fant lyskilder i mørke så eg slapp bruka blits. Alle bileta er teke rundt om i mitt borettslag, for eg gadd sjølvsagt ikkje gå langt i kulden.

Fekk faktisk eit par bilete som eg likte på den vetle turen min og tenkte eg kunne dela med folk. Bevis på at eg kan faktisk finne på å gjere andre ting enn berre å strikka og lese bok om dagane :)

tirsdag 3. februar 2009

Tvangslånt og hekta

Den fyrste boka (Twilight/Evighetens kyss) i denne serien blei tvangslånt til meg i haust av Hanne. Før jula var over var boka ferdig lest. Dersom nokon syns namnet høyres kjent ut så har dei heilt rett, boka er filmatisert og går på kino (Evighetens kyss) i desse dagar.
Hanne veit nemleg at eg likar å lese bøker om vampyrar. No er eg godt igong med bok to. Veldig lettleste bøker. Følar meg som ein fnisete tenåring når eg lese desse bøkene, og det er litt kjekt faktisk :) Eg las fyrste boka på norsk, men bok to har eg fått låne på engelsk. Og idag etter spasertur med Hanne så stakk eg hovudet innom Norli og der solgte dei alle 4 bøkene i engelsk med 25% rabatt. Einaste minuset med bøkene er at det er vanskeleg å slå lyset om kveldane...

Gensar på 0,0

Har nemt før at denne våren er der mangen smårollingar påveg blandt venner og kollegaer. Så på søndag satt eg på nettet og kom over oppskrifta til Baby Jiffy Knitty Sweater.
Oppskrifta er genial då der nederst på sida visar same gensaren strikka i 7 størrelsar. Dette er oppnådd kun med strikkepinnar forskjellege størrelsar (3,5 - 6,5 mm) og garn av forskjelleg tjukkelse. Så eg sprang og fant noko garn eg hadde til overs, i dette tilfellet Sandnes Alpakka petroleum-farga, og pinne 3.5... Når eg skulle legge meg søndag kveld (ca midnatt) så hadde eg kanskje 6-7 omgangar att, festing av trådar og å laga snoren i halsen. Idag fekk eg endeleg blokka gensaren. Eg blei veldig nøgd med gensaren og den var veldig enkel. Er allereie igong med å laga gensar nr 2.
Kanskje eg skulle laga eit lite lager av denne så er eg klar når smårollingane kjem :)