lørdag 25. april 2009

Photowalk Bergen 2009

I forrige veke gjorde Tove meg oppmerksam på Ur og Fotos Photowalk Bergen 2009. Påmeldingen var i beste fyrstemann til mølla ånd, og med angiveleg kun 50 plassar pr. merke: Canon, Nikon og Olympus følte vi begge eit behov for å raska på. Vi kom begge med :)

Laurdag 25. april-09, opplett og flott fotograferingsvær. Ifølgje BA.no så var det litt over 200 som møtte fram til Photowalken. Så antatte 150 personar, var gått opp til 173 påmelde og over 200 oppmøtte. God reklame kan vi kalla dette :)

Eg byrja min Photowalk med å få med meg eit seminar om macro-fotografering 14:00-14:45 ved Roger Strandli Brendhagen, Nikon Ambassadør og fotograf for National Geograhic. Resten av Photowalken skulle foregå frå 15:00- 18:00 og deltakarane var invitert til å slappa av på Logen Bar etterpå.

No har det seg slik at fredag tømte begge minnekorta min, men det eg sjølvsagt ikkje var vaken nok til å gjere var å lada batteriet til kamera... 10 bilete inn i Photowalken blei problemmet oppdaga. Kva valg hadde eg då? Jo, eg kunne reise heim og finne ladaren min, gå til Ur og Foto og krysse fingrane for at dei kunne hjelpa meg, eller spørja Brendhagen fint om han kanskje hadde ein ladar eg kunne låna litt? Eg gjekk då for siste valget...

Brendhagen hadde ikkje nokon ladar til meg, men utan å blunke så sa han eg kunne låne hans Nikon D3 dersom eg skulle på puben etterpå (sidan eg hadde bestemt meg for å droppa akvariet). Var veldig skeptisk, for eg viste at Nikon D3 var eit stort kamera, men kor stort fant eg fyrst ut når eg kom heim... På bilete over til høgre ser alle korleis eit kamera til 35.000+ tar seg ut i mine hender. Eg måtte berre lova å ikkje mista det i bakken. Har aldri holdt så godt rundt ein kamera på ein fototur før... Tillit var nokon Brendhagen var flink til å gje.

15:45 fekk alle med Nikon beskjed om å møte Brendhagen ved den Blå Steinen, då kunne nemleg intereserte gå med han til Akvariet og fotografere reptiler. Der ville to reptilspesialistar ta fram reptilane for fotografering. Dette virka til å freista mangen, så eg og Tove bestemte oss for å gå litt på eiga hand.

Photowalken hadde og eit par konkurransar hengande over seg. Nikon og Brendhagen har konkurranse der det beste macro-bilete frå Photowalken kunne bli premiert med eit macro-objektiv (Ja takk!), og Photowalken hadde ein konkurranse med tema "Fragmenter av Bergen" (litt usikker på premien her).

Så no gjenstår det som er vanskeleg, velgja bileta som eg har teke og trur eg kanskje kan vinna med. Så om folk kunne kryssa fingrane for meg så hadde eg vore evig takknemleg, har veldig lyst på det macro-objektivet :)

Bilete øverst er eit utdrag av eit bilete, motivet er frå "tagge"veggen til Sentralbadet. Eit stort parti over eit gitter i veggen er dekka med slike ansikt, ikkje eit ansikt er lite... Løp og sjå, for imorgon kan det vera vekke. Tre bilete til under.


Tusen takk til Tove for invitasjonen.
Tusen takk til Ur og Foto for å arrangere Photowalken.
Tusen takk til Roger Standli Brendhagen for å stola nok på meg til å låna meg sitt kamera.

Eg kjem tilbake til neste Photowalk!! :)

onsdag 22. april 2009

Eg har vore spreking idag

Etter middag idag, som var rimleg seint (19:00), fant eg ut at eg skulle ut og gå tur. Hadde ein aldri så liten idè om at eg skulle gå inn mot den Bergen-Trondheimske postvei. Tanken på å gå opp på Veten er og ein eg har hatt, men som fyrste fjelltur etter å ha komt ut frå vinterdvale... Ikkje nødvendigvis så veldig lurt.

Eg tok no uansett på meg fjellskoa og byrja gå litt før 19:30. Vel inne ved den Bergen-Trondheimske postveg, så byrja eg like greit på den og. Bakkane i byrjinga av postvegen er forferdelege.

På toppen av bakkane såg eg at sola endå ikkje var gått ned på Veten. Så eg bestemte meg for å gå opp og kanskje få bilete av solnedgongen. Som bilete til venstre visar så klarte eg det, Nordhordalandsbrua er og på bilete. Ein kan nemleg sjå den, Osterøybrua, Askøybrua og Sotrabrua frå Veten (487 moh).

No er eg vel heime... Dusjen gaular og senga ventar trufast på ein rein kropp som vil sova godt i natt :)

onsdag 15. april 2009

Toveliten hadde bursdag idag :)

Tove hadde bursdag idag, blei stor jenta :)

Historien om hennar bursdagsgåver byrjar for lenge sidan då eg etter ei stund med blogging har funne mykje rundt om på andre bloggar som eg har hatt lyst til å laga. Å sy vesker er intet unntak. Eg, Tove og Kristin har alle lenge sett og fundert på dette. Så på Ikea her før påsken blei eg ekstra inspirert. Eg leita meg fram til eit stoff med den rette retro-følelsen og kjøpte 2 meter. Vel heime gjekk eg gjennom alt sengetøyet mitt og fant litt som var modent for utskifting. Alt dette blei pakka i kofferten heim til Sogn.

Vel heime i Sogn fekk eg mamma til å leite fram endå litt sengetøy som var moden for utskifting. Og så byrja eg å tenkje hardt... Eg hadde nemleg ingenting utanom bilete frå Lise og Shamu sine bloggar å gå etter. Eg teikna litt, klippa ut på småark, tenkte endå litt til, laga større mønster, så byrja eg å klippe og sy.

Etter to dagar med jobbing så blei resultatet veske nr 1 på bilete her. Denne blei då gitt til Tove i bursdagsgåve. Fekk inntrykk av at stoffet var passe retro, veska var passe stor (men kunne ha prøvd å laga litt lommer i foret), fargane falt i smak... Ei OK fyrste vekse syns eg, iallefall når ein tenkjer på at eg ikkje har gjordt noko større enn å sy opp jeans sidan ungdomsskulen.

Gratulerar med dagen nok ein gong Tove :)

fredag 10. april 2009

Årests påskemeny

I påsken 2005 fant eg og Tom (bror min) ut at vi skulle komponere og laga ein 3-retters meny til mamma og pappa. Begge likar vi godt å laga mat, og vi likar veldig godt å laga mat ilag. Vi har prøvd oss på mykje rart dei siste 4 påskenane. Vi har laga drammeglass av is. Tapas, fisk, kjøtt og kalkun er blitt servert... Spanande og godt har det faktisk vore kvar gong :)
Over er menyen for påsken 2009, med skrivefeil sjølvsagt, men men... Forretten på forståeleg norsk var to grillspyd med marinert svinekjøtt (to typar marinade). Hovudretten var gratinert kanadisk hummar med ei krema suppe på potet og purre. Desserten var Devils food cake (mørk amerikansk sjokoladekaka) med smoothies (ein på jordbær/kiwi og ein på ananas).

Iår kom farmor og oppom på påskemiddagen, det var veldig kjekt. Etter tilbakemeldingane å dømma og stønninga etter middagen så var maten godt motteken :)

Det vert noko nytt til neste år, for ifølgje ei venninne så er alt ein gjer meir enn ein gong blitt tradisjon. Og denne tradisjonen vi likar veldig godt :) Eit år til neste gong, eit år til å planlegga ny meny :)

Og så ble tvillingene 60 år :D

Eg kjenner ikkje mangen tvillingpar, men det eine eg kjenner (og kjenner godt), fylte begge 30 år i påsken. Jentene, einegga i tillegg, har eg kjent i mangen år, nesten like lenge eg har budd i Bergen. I anledningen deira bursdag så kunne eg ikkje la dagen gå heilt upåakta hen, sjølv om eg dessverre ikkje har same kontakten med dei no som før. Begge har nemleg flytta frå vestlandet, begge har ofra Bergens regnet for lange vintrar på Oslo-kanten. Skule og kjærestar er nok hovudgrunnen.

Då eg ikkje ha så mykje kontakt med dei som før, så er det absolutt ikkje lett å finne på gåver til dei. Eg har då strikka Birch-sjal til kvar av dei. Begge er i lilla-fargar, det eine med tynn gultråd i garnet. Garna eg har benytta er Fonty og Kido Lame, personleg hadde eg ingen forhold til garna. Dei var grei å strikka med, veldig tynt og veldig statisk. Så tøymjuknar luktar det av begge sjala idet dei for med posten :)
Bileta: Øverst er eine sjalet knipsa i eit tre foran slottet på Gamlehaugen. Rett over er det bilete av delar av begge sjala for å gje inntrykk av fargane og mønsteret :)

Håpar begge jentene fekk feira den STORE dagen aldri så lite sjølv om dei begge jobbar som frivillige på TG.

mandag 6. april 2009

Svar på eiga utfordring...


For dei som har vore innom bloggen min har de kanskje lagt merke til utfordringen eg har satt igong. Når ein gjer slike ting så følar eg det er berre rett og rimleg at eg og kjem med bidrag til utfordringen.

Har lenge tenkt på kva eg kunne ta bilete av. Der er mangen blomstrar no i vårværet som er fine, har vurdert diverse trafikkskilt, arkitekturlege bilete m.m. Men til slutt falt eg på ideen at eg måtte bruka garn i mine bilete :) Sjølvsagt....

Så idag, fyrste dagen i sogn på påskeferie, raidet eg mamma sitt garnlager. Fant to nøster av kvar primærfarge som eg hespa opp til runde nøster. Så då får eg dekka alle fargane og formen rund/kule.
Etter det var det å bruka fantasien og mykje av det eg har av artistiske aner. Byrja med å oppstillingen med nøstene, strikkepinnar og målebånd mot blå bakgrunn (bunnen av bassenget i vinterhage). Så festa eg sytråd på nøstene mine og hang dei i ei bjørk, så på ein balansevekt frå oldefar, så i dverg-granene i hagen. Tok med eit lite utvalg frå bileta mine :)
Kanskje påsken vil kunne lura fram fleire bilete, for dette var veldig kjekt :)
GOD PÅSKE til alle!!!