lørdag 28. januar 2012

3 dager - 2 netter på Fraser Island

Ankomst (dag 1):
Etter nokon opplevelsesrike dagar i Brisbane og omeng tok eg, Camilla og Cathrine turen vidare til Hervey Bay og vidare til verdas største sandøy Fraser Island. Øya er 120 km lang og 5- 25 km brei. Sanden som øya er laga av stammar frå antarktis fleire millionar år sidan. For å komma seg ut på øya må ein ta ei ferje ut dit. Vi fekk plassert bagasjen vår på ein bil, som transporterte den dit vi skulle overnatta, medan vi gjekk ombord og kunne nyta utsikten. Vel framme på øya var det ein kort spasertur inn lengden av jettyen (brygga) og meir eller mindre rett på ein svær 4WD buss og direkte på sightseeing på øya.
venstre til høgre: 1) Fraser Island dead ahead, ombord på Kingfisher Bay Ferry. 2) Bussen vår, ser meir ut som ein lastebil... 3) Camilla har fått på seg sikkerheitbelte og er klar!! 4) Ein liten spaser opp jettyen (brygga) til bussen som venta på oss.
Dag 1: Central Station, Wanggoolba Creek og Lake MacKenzie med lunsj og kookaburra.
Etter vi hadde komt oss på bussen så bar det rett avgarde innover på øya. Fyrste stopp var Central Station, men før det skulle vi oppleve korleis det er å kjøre på ei øy laga av sand som er utsatt for å regelrett renne vekk i kraftig regnvær. Nøkkelordet vert HUMPETTE!!!! Men vel framme på Central Station så fekk vi ut av bussen og hjernen kunne stoppa å hoppa. Central Station var knutepunktet på øya for all tømmervirksomheita. Denne industrien blei lagt ned fyrst i 1991 og øya blei lagt på verdensarvlista året etterpå. Tømmer frå Fraser finn ein i store delar av Suez Kanalen pga at det er så sterkt. 
Frå Central Station gjekk vi langs Wanggoolba Creek som renner gjennom ein av verdas eldste regnskogar. Creeken høyre ein ikkje at sildrar ein gong, dette skal vera pga av formen på sanden på øya. Sanden er nemleg rund. Alt vatnet i innsjøane og creekane på øya er og ferskvatn, frå så langt unna som Uluru/Aiers Rock.
Etter Wanggoolba Creek kjørte Les (guiden) oss til Lake MacKenzie der vi kunne bada, sola oss og innta lunsj. Lake MacKenzie er ein av ca 100 ferskvannsinnsjøar på øya. Innsjøen har pH 2-3, så vi fekk beskjed om at vatnet ville ha ein balsameffekt på håret vår. Dei fleste var under i den innsjøen :) Vatnet var varmt og klar og deilegt. Lunsjen fekk vi servert på eit inngjera rasteområde ovanfor innsjøen. Der fekk vi besøk av fleire kookaburra (australias nasjonalfugl) og den er SØT! Likar litt på Solan :)
Etter lunsj blei vi humpande kjørt tilbake til Lodgen vi skulle overnatt på. Der kunne vi slappa av og kosa oss før middag blei servert litt seinare på kvelden i nærmaste DingoBar. Vi hadde booka tur med Cool Dingo Tours.
Venstre til høgre: 1) Kookaburra. 2) Central Station, midt i regnskogen. 3) Wanggoolba Creek. 4) Alle kosa seg i Lake MacKenzie. 5) Vatnet var varmt, deilegt og klart!
Dag 2: 75 mile beach, Eli Creek, Maheno (vrak), Coloured Sands, The Champang Pools, Indian Head og DINGO!
Allereie før 0800 så er vi på bussen og humpar avgarde, då har vi ete frukost i DingoBaren og. Dette er den dagen på touren der vi har heile dagen til disposisjon, så der står mangen stadar på programmet. Programmet var dessverre ikkje vidaresendt værgudane kvelden i forvegen, så vi vakna til regnvær... Været fulgte oss på vegen og.
Vi kjørte rett over til motsatt sida av øya for å byrja å kjøra på highveien, meir kjent som 75-mile beach. Denne stranda funkar som 2-4 felts motorveg og delar av den vert og brukt som rullebane for Air Fraser Island. Ein badar heller ikkje i havet på Fraser Island, den enkle forklaringen er hai. Pga måten reva ligg utanfor kysten så er farvatna rundt Fraser Island matstasjon for mangen typar hai. Medan vi kjøre i 80 km/t oppover stranda så kjem det frå Les: "Dingo on the beach guys, get your cameras ready!" Som sagt så gjort. Alle av bussen og knips, knips, knips. Dingoen blei teke med over til øya av urinnvånarande langt tilbake i tida og brukt som jakthunder. Opptil for ein del år sidan så mata regjeringane den dingostammen som var på øya og. No derimot så kjempar dingoen for å overleve, dei er alle magre då der er lite og ingen naturlege matkilder til dei. Og når dingoen er opportunistisk og angripe menneske (som var sjeldan, men ikkje så sjeldan som når dei blei mata) så blei fleire generasjonar med dingoar skutt og drept :(
Etter fotosesjonen så hoppa vi inn på bussen og kjørte forbi dei fleste severdigheitene med ein lovnad om å ta dei påveg tilbake i håp om at været var blitt betre. Når vi kom til endes (nesten på tuppen av øya) stoppa vi og sola byrja smyge seg fram. Og på turen til The Champange Pools så kom den fram gitt. The Champagne Pools er naturlege havbasseng og den einaste trygge staden å bada i saltvatn på øya, så her blei det litt sand, sol og hav :)
Etter bading så gjekk tura tilbake til forrige strand. Der tok vi lunsj, og som dessert så blei vi peika i retningen Indian Head. Ein liten spasertur opp på ei klippe som stikke dramatisk ut i havet. Dette er ein heilag stad for urinvånarane, så delar av Indian Head var forbudt å entre. Men resten var heldigvis åpen for allmennfolk og utsikten var upåklageleg der og. Turen opp var kjapp, men blei høgt ned alikevel.
Vidar påvegen tilbake så stoppa vi ved Red Canyon, ein del av The Coloured Sands. Dette er sandklippar langs kysten i gult, raudt, orange, brunt og kvitt. Dette pga av eit utallig antall minerallar i sanden på Fraser Island, og desse reagerar ulikt på luft og fuktigheit og fargar sanden deretter. Red Canyon f.eks inneheld ein del jerndioksid og vert raud av rust. Her møte vi og Air Fraser Island som nokon valgte å ta ein aldri så liten flytur med. 
Medan dei flaug, flytta vi andre oss ned til skipsvraket S.S Maheno (byggeår 1905), eit luksusskip som skulle gå mellom Tasmania og Sydney. Skipet har og vore eit flytande sjukehus i fyrste verdenskrig før det gjekk tilbake til å vera luksusskip før det blei stempla som utdatert i 1935. Når skipet skulle tauast til Melbourne i juni 1935 sleit det seg i ein cyklon og hamna på stranda på Fraser Island. Der har det lagt sidan og blitt ein stor severdigheit, men det har ikkje lang levetid som det igjen heller no...
Siste stoppet på returen vår denne dagen blei Eli [ee-lahy] Creek. I denne elva/bekken renner heile 4 millionar liter ferskvatn i timen. Vatnet var kaldare enn det meste vi hadde opplevd så langt på øya, men særdeleg forfriskande alikevel. Og 4 millionar liter i timen betyr visst at der er ein viss fart på vatnet, flaut kjapt nedover bekker ja :) Men fekk skylt av saltvatnet frå The Champagne Pools og fekk drikke ferskvatn direkte frå bekken. Mykje betre enn det klor-greiene som kjem frå springen her nede...
Etter dette kjørte Les oss humpande tilbake til Lodgane. Igjen fekk vi slappa litt av før middag og vi måtte ta farvel med den delen av gruppa som kun skulle delta på 2-dagers touren, trist...
Venstre til høgre: 1) ein einsam dingo på 75-mile beach.  2) Red Canyon, ein del av the Coloured Sands. 3) 75-mile beach, funkar som highway og rullebane for fly. 4) Maheno, vrak. 5) Treppene ned til The Champange Pools, naturlege havbasseng. 6) Rett ned i havet frå Indian Head. 7) Spasertur opp Eli [ee-lahy] Creek.
Dag 3: Lake Wabby, Sand Blows, REGN og Lake Birrabeen:
Så starta siste dagen, gruppen var redusert (i antall), vi hadde fått sova litt lenger og regnet var tilbake. Så var spørsmålet på alles lepper, ville Les kunne lura værgudane denne gongen og?
Fyrste stoppen denne dagen var The Sand Blows og Lake Wabby. The Sand Blows er eit stort område med kun sand som forflyttar seg 2-3 meter på ein år og som slukar opp alt som skulle komma i vegen. Lake Wabby er eit resultat av the Sand Blows. Denne innsjøen er ferskvatn som ein gong blei innesperra av sanden og som ein dag vil bli slukt av sanden. Innsjøen er den djupaste på øya og. Den har pH 8-9 og utruleg nok så lever der dyr i den. Der er små rensefiskar og store mulefiskar. Det er og mogleg å sjå ferskvann skillpadder i innsjøen, men desse er veldig sky... Desse var nok flykta når vi oss ned til innsjøen då der allereie var nokon å bada å innsjøen. Etter kanskje 20 min ved innsjøen blei det klart for alle at Les ikkje klarte å halde regnet på avstand denne gongen. Vi valgte å gå gjennom skogen i håp om å få litt ly frå regnet (framfor å gå over the Sand Blows), dette funka då ikkje. Den 35-45 min lange turen tilbake til bussen var ein ekte regnskog opplevelse. Alle kunne vri klærene etterpå. Godt bussen hadde betre plass til å henge kler til tørk denne dagen :)
Vi tok tidleg lunsj denne dagen, og på Eurong Resort (ein av kanskje 4 resorts på øya). Etter den så besøkte vi nok ein innsjø, Lake Birrabeen. Hit reiste dei nesten aldri med gjester lenger på øya, og det kunne vi sjå då der ikkje var andre hjulspor i vegen dit. Vel framme så kom vi til ein innsjø som hadde mykje felles med Lake MacKenzie (dag 1), men denne var omkransa av høge sivplanter. Ellers så hadde denne innsjøen (som Lake MacKenzie) og pH 2-3. Eg hadde då valgt å ikkje bytta på meg tørre kle etter regnskogturen vår og blei einaste som bada i her. Eg bytta til tørre kle etter denne dukkerten eg :) Deilegt!! Når vi skulle ta oss te/kaffi og kjeks ved Lake Birrabeen så kom regnet, så vi tok litt te/kaffi på bussen og kjørte tilbake til Kingfisher Bay. 
Her tørka vi kler i ein tørketrommel vi klarte å oppdrive medan vi venta på at ferja skulle gå tilbake til fastlandet. 
Alle var einige i at det hadde vore ein KJEMPE bra tur!!! Litt regn har jo aldri skada nokon, no derimot er der sikkert oversvømelsar på Fraser Island... Glad vi reiste når vi gjorde :) 

Takk til Camilla og Cathrine, og til Les hjå Cool Dingo :)
venstre til høgre: 1)  Lake Wabby og The Sand Blows. 2) Gjengen har komt seg frå utkikken og ned på  the Sand Blows og nærmar oss Lake Wabby. 3) Endeleg!! tilbake ved bussen... VÅT! 4) Liv i Lake Wabby, også utanom roommaten vår frå Korea. 5) Lake Birrabeen, eg var einaste som bada (alle andre hadde fått på seg tørre kler). 6) Regnet tok oss att igjen, etter kort tid var vegane på øya elvar og innsjøar...
Neste eventyr: Vi har leigd CamperVan og skal begi oss ut på road trip i 11 dagar. 11 dagar på feil side av vegen og mykje spanande å sjå... Oppdatering vil følgja seinare :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Høres ut som tre fantastiske dager på Fraser Island. Du får virkelig opplevd og sett mye på denne turen!

Gleder meg til fortsettelsen.

Kos deg videre!

Klem fra Veronica

P.S. Her har det vært nede i -6 grader, så nyt varmen mens du kan. ;o)