torsdag 19. januar 2012

Park #3 - SeaWorld

Øverst: 1) Vert møtt med vennlege ansikt med ein gong, denne delfinen er eg sikker på smilte og blunka til oss. 2) Nelson the polarbear kosa seg i det kalde bassenget sitt. 3) I undersea utkikken var der myjke spanande å sjå på, trur denne stingrokken syns det same. 4) Delfinshow, eit must! 5) Etter å ha sett Happy Feet 2 eit par kveldar før så var pingvinane om mogleg endå søtare.
SeaWorld, også 1 time med tog og ein aldri så liten busstur unna Brisbane. Denne parken var ikkje drevet av eit filmstudio, men det var klart at dei hadde eit godt samarbeid med Nickelodeon (barne-tv kanalen) pga Svampe Bob. Her var færre berg-og-dal-banar enn dei andre parkane (vi tok kun ein tur), men til gjengjeld så var her mykje anna å sjå og ta på. Der var mangen små basseng rundt om der ein kunne stikke hendene nedi og ta på; det kunne vera hai egg (nokon hai-artar legg nemleg egg), sjøpølser, sjøstjerner og rokker m.m :) Og dersom ein ikkje fekk ta på, så kom ein rimleg tett opptil dyra alikevel. Delfinshowet var og veldig bra. Desse dyra imponerar alltid og vi hadde glatt teke ein med heim om det var mogleg.

Denne dagen, så blei dei flesta av oss litt solbrent ein eller annan stad. Vi var nok ikkje flinke noko til å driva med påfyll av solkrem og ingen tenkte stort på at alt vatnet ville gjere sola sterkare... Jaja, slikt skjer! Vi vert flinkare i morgon, garantert!

Nok ei returreise står for tur, middag og znork! :) Ny dag og park i morgon...

Ingen kommentarer: