fredag 20. januar 2012

Park #4 - Australia Zoo

Øverst og nedover: 1) Koala, trøyt... 2) Kakadue. 3) Elefant, denne er ei 50 år gamal dame. 4) Ecidna,  australsk pinnsvin. 5) Kenguru, mating og handspålegging. 6) Wombat 7) Tiger. 8) Krokodillen, favorittdyret til Steve Irwin som dyrehagen er mest kjent for. 9) Dyrehagen har nyleg fått ein Afrika del med bl.a kvite neshorn som har fått baby Savanna :)
Foreldrene til Steve Irwin, kjøpte området Australia Zoo idag ligg på i 1970, det var då starten på ein av verdas mest kjente dyrehagar.

Vi er alle glade i dyr, og nokon meir enn andre :) Så ein dyrehage var midt i blinken som avsluttning på turen til Brisbane. Og her var det mange dyr å observera og ohhhh'a og ahhhh'a oss over :) Parken har og eit stort utvalg at aktivitetar der folk kan betala litt ekstra for ein opplevelse for livet; om det måtte vera å halda ein lys levande koala, gå på tur med wombaten, klappa og kosa med ein tiger, fotograferast med ein STOR slange m.m. All inntekt er øyremerka parkens konseveringsprogram og dyresjukehus.

Det er og mogleg å handla kengurumat i parken, då innhegningen til kenguruane og wallabyane er åpen. Det vil seie at gjestene går fritt i innhegningen og kan mate dyra og klappa. Kenguruane har derimot friområder i innhegningen, så dersom dei bevegar seg inn der så skal gjestene la dei vera åleine. Vi mata og klappa alt vi var god til :) Kan verifisera at kenguruar og wallabyar er mjuke og deilege å ta på.

Vi benytta og sjansen til delta i matinga av elefantane i parken :) Der var 3 elefantar, alle var damer og alle var godt oppi åra. Så når det var teatime så måtte gjestene bevega seg opp til dei i desse dager (motsatt ende av inngongen), før kom nemleg elefantane til gjestene. Dei var skikkeleg søte, store og snille :)

Leyla bestilte seg time for å gå på luftetur med wombaten. Og medan ho kosa seg med det benytta vi andre sjansen til å halde og bli fotografert med ein super mjuk koala. Eg spurte fint passaren om eg kunne springa min veg før han tok koalaen tilbake, men det berre lo han av gitt... Skjønnar ikkje kvifor??

Så utan koala under armen, eit nytt smykke om halsen, mangen bilete og opplevelsar rikar så gjekk vi på bussen, klar for togreisa tilbake til Brisbane (siste 1 timers togturen). I Brisbane venta pakking, middag og soving før alle reise neste morgon. Leyla skal tilbake til Sydney og resten skal på 3 dagars tur på Fraser Island :)

Denne dagen hadde ho mamma bursdag og, så eg satt meg på gongen og ringte heim og preika litt. Må til, ikkje kvar dag ho mamma har bursdag :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Høres ut som du har hatt noen fantastiske dager i Brisbane! :o)

Fin avslutning i dyreparken. Heldiggris!

Kos deg videre!

Klem fra Veronica