torsdag 23. februar 2012

Roadtrip!!!

Dette siste innlegget etter Australiaferien min har eg starta og slutta fleire gongar. Det har alltid stoppa opp når eg skal velgja bilete. Den 11 dagar lange turen blei berre 9 dagar og litt over 3000 km lang, men der skjedde MYKJE og der var endå fleire bilete å velgja mellom... Men har endeleg falt ned på eit bitte lite knippe med bilete...
Øverst til venstre og nedover: 1: Morgonbad etter fyrste overnatting i bilen. 2. Ein morgon fekk vi med oss surferane i soloppgongen. 3. Der var mangen flotte fyrtårn på turen. 4. Bilen vår. Leigd hjå Wicked Campervans. Vi er særdeles fornøyd. 5. Bilen benyttast til alt, lufting av sengetøy og tørking av handdukar. 6. The great ocean road! Finally! 7. Bimbi Camping, sleep beneath the koalas :) 8. The twelve apostles.
Eg vil anbefala dei som reiser til Australia å leiga ein bil og kjøra rundt. Det er verdt å merka seg at ein bør ta full forsikringsdekning, då der er rare reglar for skade på bilar og forsikring i Australia. Ein aldri så liten advarsel til; ikkje prøv å overnatte i bilen inne i nokon som helst bygd/by med mindre det er på campingplassar. Bota vi fekk eine morgonen, kl. 0620, var då vi fekk info om kor vi kunne og ikkje kunne parkere bilen og sova... Heldigvis så var vaktene snille med oss, spesielt når vi forklarte at vi ikkje var klar over den regelen, så vi fekk 1 bot på deling og ikkje ei bot kvar... Takk og lov.
Kartet visar kor vi kjørte frå Sydney (som er nett utanfor bilete oppe i høgre hjørna) og til Portland der vi snudde og tok rettaste vegen tilbake til Sydney området. Vi skulle sjekke ut eit fjellområde utanfor Sydney, men då der regna og var tjukk tåke så returnerte vi til Sydney 2 dagar før tida. Greitt å kunne bruka eit par dagar ekstra til å vaska kler, pakka og slappa av med kino før avreise.

Er ikkje umogleg eg må tilbake til Australia nok ein gong... Manglar jo alt på vest og nordkysten, og ikkje minst outbacken... Me want to go!