mandag 16. januar 2012

Park #1 - MovieWorld

1) Rett etter inngongen var der plassert eit par superheltar på taket av ein suvenirbutikk. 2) Ein av rides'ene vi tok heite Escape, der blei vi skutt opp til 100 km/t på 2 sek og over det høgste punktet KULT!! 3) Utanfor Harry Potter butikken var det det korrekte tilbehøret. 4) Og på ettermiddagen var der parade gjennom parken med alle dei kjente og kjære karakterane.
Etter ca 1 time på togen frå Brisbane sentrum og ein 10 min busstur så ankom vi endeleg MovieWorld. Denne parken er drevet av Warner Brothers, kjent for Supermann filmane, Looney Toons teiknefilmane, Batman filmane, Dødleg våpen m.m. Denne parken er ein miniversjon av Disneyworld vil eg tru. Den var eit par rides/berg-og-dal-baner, mangen butikkar, ei hovudgata og mangen små gater som alle følast som ein har sett i ein eller annan film.

Vi starta direkte i køen til Escape (Supermann berg-og-dal-bana), tok oss vel ein 45 min å komma gjennom køen og 45 sek å fullføra bana. Men vert ein sendt ut i ein fart på 100 km/t så går det fort, uansett kor mangen snurrar banen har :) Vi tok og Dødlig våpen berg-og-dal-bana, der trur eg hjernen min blei rista laus... Barneturen til Scooby Doo gjekk vi og inn på, lengste køen og den mest overraskande banen :) Såg oss mykje rundt, handla ein del (eg er 2 tekoppar, akkuratt det eg ikkje trengte, rikare) og fekk med oss ein film i 4D (Reisen til jordens indre). 4D betyr at filmen er 3D men den vert fylt ut litt ekstra med effektar i og rundt settet du sit i... Skikkeleg artig :)

Når dagen var omme og sola holdt på å gå ned var det tid for ein 10 min busstur og 1 time på toget tilbake til hostellet og Brisbane. Alle var einig i at det hadde vore kjekt og sov godt den kvelden :)
Meininga var å reise i ny park dagen etter på, men når vi tysdagen var det høljeregn. Vi bestemte oss for å ta denne dagen i Bristbane med litt shopping. Så sagt så gjort, og du kor lurt det skulle visa seg å vera :)

Ingen kommentarer: