søndag 2. desember 2007

1. søndag i advent

Då var adventstida her igjen.

Har brukt dagen på å laga julekort, malt julelykter, sett julefilmar og ete lapskaus med Bjørnar, Hanne, Lykke, Oline og Oddis. Kan og anbefale Varm epletoddy istaden for julegløgg for dei som ikkje er så glad i sistnemte.

Varm Epletoddy:
1 liter eplenektar
1 kanelstang
4-6 nellikspikrar
(2 dl calvados om ynskjeleg)
Varm eplenektar og krydder til kokepunktet. Dersom ein skal ha med alkhol trekk panna frå varmen og rør i calvadosen. Server i glass med skivet sitron i.

Ellers går dagane med til julegåve-strikking og jobbing. Så nett på nyåret skal alt ut på bloggen for dokumentering :D Gledar meg til å kunne legge ut bilete av produksjonen att.

Ynskje alle lukka til i den tida som kjem no. Ikkje stress for mykje ok?