søndag 28. oktober 2007

MEXICO!

I morgon, 29. oktober 2007, kl 0630 forlet eg og Tove Flesland og Noreg. Med det været vi har hatt i Bergen dei siste par dagane gjer det ikkje vansklegare å forlata landet iallefall.

Denne tida imorgon så er vi på god veg over atlanteren. Kl 0300 natt til tysdag (her heime) landar vi i Cancun og byrjar å sende sms'ar til alle som fortjenar det.

Lovar å få inn nokon bilete her iløpet av opphaldet :)

Skal no mata sommarfuglane før ein må prøva å få litt søvn dersom ein skal komma seg opp så tidleg som vi må imorgon tidleg.

Talas om 2 - 3 veke :)

mandag 8. oktober 2007

Påbegynt, halvferdig og avslutta


Det er kjent fakta i alle handarbeidsmiljø... Aldri ha berre eit prosjekt, alltid ha fleire prosjekt å bytta mellom.

Mitt påbegynte prosjekt er bærenett til å ha på stranda i Mexico. Innrømmar glatt at eg er påvirka av Tove og nettet ho hekla. Så eg fant noko tilsvarande på Purlbee. Snart ferdig med kroppen, i mangel på noko betre å kalla det. Går fort å strikka berre eg hugsar å kasta tråden mellom alle fellingane... Oppskrifta seie bomullsgarn, og eg hadde ein haug med Tukan frå Dale som eg har knabba frå mamma i korga. Kunne ikkje blitt betre trur eg :)
Så var det prosjektet som er halvferdig. Grunnen til at det er halvferdig er at eg kun har ein sokke-tøffel. Må handla meg eit nøste til med raud Pronto. Oppskrifta eg har brukt er eigentleg berekna på Eskimo, men det stoppar ein sjeldan frå å prøva med anna garn. Oppskrifta fant eg på Garnstudio. Må skaffa meg ei stor heklenål og slik at pyntekanten kan bli ein realitet. Denne tøffelen var veldig god å ha på seg :)

Så var det prosjektet som var avslutta. Evalua nr 3. Eg har strikka den i trippelt Oleanna-garn. I oppskrifta står det at ein skal strikka til arbeidet målar 23 cm. Eg avslutta når mitt målte 21 og syns kanskje det var litt stort då, så oppfordrar dei som vil laga denne til å prøva litt i ny og ne.

Så no er det store spørsmålet; kva nytt prosjekt skal eg byrja på sidan Evalua er avslutta. Fyrste tanken min er julegåvar, har ambisjonar på den fronten iår...

fredag 5. oktober 2007

Oh, you got me...

Som ild i tørt gras kjem no meldingar om tagging, og eg blei tagga av Fru Turøy

Ein gjer som følgjande:
1. Link til den som har tagga deg.
2. Fortell 7 sanningar om deg selv, litt forskjelleg og litt rart.
3. Tagg 7 personar i slutten av blogginnlegget.
4. Legg ein melding i bloggen deira og gje beskjed om at dei er tagga.

Sju sanningar om meg...
1 - Eg var faktisk Festsjef når eg var med i russestyret.
2 - Har vore den stolte eigar av ein bukk ved namnet Blåmann. Broderen sin bukk heite Labbetuss.
3 - Eg og ei venninne vant konsertbillettar til Backstreet Boys på Topp 20. Den gongen HC var programleiar. Vi hadde laga eit troll med fem hovud, eit hovud for kvar gut i gruppa. Konserten blei tilbrakt på tribuna ilag med mødrene til alle dei hylande tenårings-fansen.
4 - Eg har kappa av meg tuppen på venstre peikefing med øks. Skulle laga båt til bror min. Den då "offesielle" forklaringa var at eg hadde dunka borti øksa (som stod godt fast i huggestabben) med ryggen og den falt ned og tok fingen min med seg.
5 - Spelte fotball i 7 år ein gong i tida. Jobba meg opp frå fast benkeplass til venstre spiss.
6 - Er avhengig av sjangerane Fantasy og Sci-fi. Har eit stort behov for å kunne drøyma meg vekk av og til. Spesielt når dagane er lange og kulda setjer inn. Oppnår dette ved å sjå filmar, lese bøker, spela spel av forskjellege slag...
7 - Eg er født i Stornoway, Skottland.

Slit litt med å tagga 7 bloggar tilbake, er så ny i gamet. Men taggar herved: Tove og Bjørnar som er dei eg kjenner som har blogg, bortsett frå Fru Turøy. Eg må påvirka fleire til å starta blogg og tagge vidare då :)

onsdag 3. oktober 2007

Fullførte langtidsprosjekt

Av og til brukar ein lang tid på prosjekt som i utgangspunktet skulle vore ferdig på eit par dagar. Av og til skjer det og at ein brukar kortare tid på prosjekt som skulle teke laaanng tid.

Vel i kveld/natt blei eg inspirert til å fullføra eit prosjekt av kvar type. Pleddet tek i utgangspunktet litt tid å strikka. 255 maskar er ikkje gjordt i ei handvending. Og iallefall ikkje når det endelege resultatet målar 110x174 cm. Byrja strikka på det for lenge sidan, snakkar måndar sidan. Så var eg sjuk og tok att tapt tid. Veldig nøgd med resultatet og trur det skal bli ei gåve om ikkje så veldig lenger.

Så er det prosjektet som berre skulle ta eit par dagar og ein omgong i vaskemaskina for vel 6 mnd sidan... Var kun pyntekanten og taua på sida som manglar, og det har teke litt tid. Så no som tida er godt forbi sengetid har eg endeleg fullført dei. Desse vert nok og gitt vekk innan kort tid, dette har vore planlagt lenge.

No er det på høg tid å komma seg i seng. Ny arbeidsdag snart. Berre 25 dagar att til avreise... God natt :)