Steve Irwin, kjøpte området Australia Zoo idag ligg på i 1970, det var då starten på ein av verdas mest kjente dyrehagar.
Vi er alle glade i dyr, og nokon meir enn andre :) Så ein dyrehage var midt i blinken som avsluttning på turen til Brisbane. Og her var det mange dyr å observera og ohhhh'a og ahhhh'a oss over :) Parken har og eit stort utvalg at aktivitetar der folk kan betala litt ekstra for ein opplevelse for livet; om det måtte vera å halda ein lys levande koala, gå på tur med wombaten, klappa og kosa med ein tiger, fotograferast med ein STOR slange m.m. All inntekt er øyremerka parkens konseveringsprogram og dyresjukehus.
Det er og mogleg å handla kengurumat i parken, då innhegningen til kenguruane og wallabyane er åpen. Det vil seie at gjestene går fritt i innhegningen og kan mate dyra og klappa. Kenguruane har derimot friområder i innhegningen, så dersom dei bevegar seg inn der så skal gjestene la dei vera åleine. Vi mata og klappa alt vi var god til :) Kan verifisera at kenguruar og wallabyar er mjuke og deilege å ta på.
Vi benytta og sjansen til delta i matinga av elefantane i parken :) Der var 3 elefantar, alle var damer og alle var godt oppi åra. Så når det var teatime så måtte gjestene bevega seg opp til dei i desse dager (motsatt ende av inngongen), før kom nemleg elefantane til gjestene. Dei var skikkeleg søte, store og snille :)
Leyla bestilte seg time for å gå på luftetur med wombaten. Og medan ho kosa seg med det benytta vi andre sjansen til å halde og bli fotografert med ein super mjuk koala. Eg spurte fint passaren om eg kunne springa min veg før han tok koalaen tilbake, men det berre lo han av gitt... Skjønnar ikkje kvifor??
Så utan koala under armen, eit nytt smykke om halsen, mangen bilete og opplevelsar rikar så gjekk vi på bussen, klar for togreisa tilbake til Brisbane (siste 1 timers togturen). I Brisbane venta pakking, middag og soving før alle reise neste morgon. Leyla skal tilbake til Sydney og resten skal på 3 dagars tur på Fraser Island :)
Denne dagen hadde ho mamma bursdag og, så eg satt meg på gongen og ringte heim og preika litt. Må til, ikkje kvar dag ho mamma har bursdag :)
Lenes Fritidsblogg
fredag 20. januar 2012
torsdag 19. januar 2012
Park #3 - SeaWorld
SeaWorld, også 1 time med tog og ein aldri så liten busstur unna Brisbane. Denne parken var ikkje drevet av eit filmstudio, men det var klart at dei hadde eit godt samarbeid med Nickelodeon (barne-tv kanalen) pga Svampe Bob. Her var færre berg-og-dal-banar enn dei andre parkane (vi tok kun ein tur), men til gjengjeld så var her mykje anna å sjå og ta på. Der var mangen små basseng rundt om der ein kunne stikke hendene nedi og ta på; det kunne vera hai egg (nokon hai-artar legg nemleg egg), sjøpølser, sjøstjerner og rokker m.m :) Og dersom ein ikkje fekk ta på, så kom ein rimleg tett opptil dyra alikevel. Delfinshowet var og veldig bra. Desse dyra imponerar alltid og vi hadde glatt teke ein med heim om det var mogleg.
Denne dagen, så blei dei flesta av oss litt solbrent ein eller annan stad. Vi var nok ikkje flinke noko til å driva med påfyll av solkrem og ingen tenkte stort på at alt vatnet ville gjere sola sterkare... Jaja, slikt skjer! Vi vert flinkare i morgon, garantert!
Nok ei returreise står for tur, middag og znork! :) Ny dag og park i morgon...

onsdag 18. januar 2012
Park #2 - DreamWorld
DreamWorld. Denne parken er drevet av DreamWorks kjent for filmar som; Shrek-filmane, Madagaskar 1 & 2, Gladiator, American Beauty, Redd mening Ryan og Transformers-filmane.
Denne parken hadde mange fleire berg-og-dal-baner enn MovieWorld og færre butikkar. Vi byrja med BuzzSaw, der blei vi sakte men sikkert trukke opp ein vegg (loddrett) og så opp/ned før vi blei sluppe ut ein ein liten korkeskru. Så gjekk det mest på farten vi hadde fått opp og tilbake 2 gongar før vi blei stoppa. Trur alle hadde litt blodsmak i kjeften etter å ha hengt oppned i den ja. Vi fortsatte med 2 rolege, men våte turar. Etterpå var vi i desperat jakt på nokon stad å tørka oss :) Endleg rimleg tørre så kjørte vi Motocoaster, vognene var forma som racersykklar. Vi hadde lenge sikla på Tower of Terror 2. Den bana høyrte vi uansett kor vi var i parken. Så endeleg gjekk vi i kø, men gjett om dei fekk problem med turen når vi hadde stått 15 min i kø då?? Alle blei oppfordra til å forlata køen og heller komma tilbake. Det var uvist når dei ville få fiksa turen. Vi fulgte nøye med, så når vi såg der byrja skje noko så var vi på plass. Og der var jo ikkje kø å snakka om, så på 10 min så blei vi skutt baklengs opp i loddrett posisjon i 120 km/t og sluppe tilbake. IIIIIKKKKK!!!!!!! :D Vi sprang tilbake og klarte akkuratt å få oss ein tur til før parken stengte, TAKK OG LOV for den var KONGE!
Så var det retur til Brisbane, middag og eit godt stykke søvn som gjenstod av den dagen :)

mandag 16. januar 2012
Park #1 - MovieWorld
Vi starta direkte i køen til Escape (Supermann berg-og-dal-bana), tok oss vel ein 45 min å komma gjennom køen og 45 sek å fullføra bana. Men vert ein sendt ut i ein fart på 100 km/t så går det fort, uansett kor mangen snurrar banen har :) Vi tok og Dødlig våpen berg-og-dal-bana, der trur eg hjernen min blei rista laus... Barneturen til Scooby Doo gjekk vi og inn på, lengste køen og den mest overraskande banen :) Såg oss mykje rundt, handla ein del (eg er 2 tekoppar, akkuratt det eg ikkje trengte, rikare) og fekk med oss ein film i 4D (Reisen til jordens indre). 4D betyr at filmen er 3D men den vert fylt ut litt ekstra med effektar i og rundt settet du sit i... Skikkeleg artig :)
Når dagen var omme og sola holdt på å gå ned var det tid for ein 10 min busstur og 1 time på toget tilbake til hostellet og Brisbane. Alle var einig i at det hadde vore kjekt og sov godt den kvelden :)
Meininga var å reise i ny park dagen etter på, men når vi tysdagen var det høljeregn. Vi bestemte oss for å ta denne dagen i Bristbane med litt shopping. Så sagt så gjort, og du kor lurt det skulle visa seg å vera :)
søndag 15. januar 2012
Brisbane - Australia
Eg er tilbake i Australia for dei som ikkje har forstått det utifrå forrige post. Desseverre så gjer dette landet/kontinentet slikt inntrykk på meg at eg verken klarar å velgje ut få bilete eller å fatte meg i kortheit om turen... Så for dei om ikkje orkar så er det berre å skumme gjennom dette og dei neste innlegga, eller hoppa direkte over dei :)
Har no vore her litt over halvparten av ferien. Følar eg har gjort mykje, men der er og så sinnsjukt mykje meir eg skulle likt å gjort. Men det som er gjennomført og opplevd er tur til Brisbane. Meg, Camilla, Leyla og Cathrine (kollektivet til Camilla) bestilt oss fly oppover and of we went. Værutsiktene var ikkje allverdas dessverre. Vi har gått litt rundt, men hovudgrunnen til reisa til Brisbane er alle parkane som ligg rundt denne byen. Men i Brisbane fekk vi sett litt, opplevde down pour (høljeregn) og fekk dekka eit aldri så lite garnbehov. I Brisbane fekk vi eit 4 bed dorm for oss sjølv på eit hostel. Det blei basen vår og turen gjekk nesten dagleg med tog til og frå ein park utanfor byen. Der kjem eigne innlegg om parkane, heile 4 parkar faktisk :)
onsdag 11. januar 2012
Leikar trekkfugl...
| MH017 - Malaysia Airlines frå Schipol til Kuala Lumpur i soloppgong. |
Ja, eg skal til Australia igjen... Har ein crazy venninner som ynskjer å studere meir der nede så MÅ ein jo benytta sjansen til å reise på besøk. Så om ikkje altfor lenge startar den forhåpentlegvis solfylte ferien ilag med Camilla og hennar kollektivvenninner Leyla og Cathrine. Ingen konkrete planar for ferien endå, men fleire ting har vore nemnt: Perth, roadtrip på vestkysten, Brisbane, Fraiser Island, Tasmania, Camping i Kangaroo Vally og Uluru (men den er blitt nedstemt pga sommertemperaturar opp mot 40-45 grader denne tida av året).
Uansett kva som skjer så skal eg prøva å få laga nokon innlegg her iløpet av turen. Overflødig sol loves sendt heim til trengande i Noreg :)
lørdag 31. desember 2011
Varme hender!
![]() |
| Øverst høyre og nedover: Jorids Fisherman's Friends vott, Herre selbuvott og Kollenvotten, Sjølv"designa" pulsvarmarar med dødningehovud. Øverst til venstre og nedover: Digital Chain votter og Hedgehog/pinnsvin votter |
Herrevottar er det som har vore vanskeleg i denne samanhangen. Eg har ikkje mannehender (forståeleg nok). Eg har hatt ein del oppskrifter på herrevottar, men om desse vert store nok når eg er ferdig har eg heller vore litt usikker på. Begge vottepara som er i svart/kvitt er herrevottar. Eg har og redigert begge tomlane på desse vottane. For å vera sikker på at eg fekk store nok vottar så gjekk eg for oppskrifter med mest antall masker. Dei blei iallefall litt for store for mine hender, så håpar dei blei passelege til hendene som skulle fekk dei. Å laga damevottar er litt enklare, då min hender kan benyttast som testarar :)
Pulsvarmarane er laga på eit innspel frå mora til mottakaren. Mottakaren er veldig glad i Pirates of the Caribbean og hadde vist i vore opphengt i pulsvarmarar denne hausten. Så søkte fram eit mønster på dødningahovud og fant ut ca kor mangen masker eg burde ha. Mottakaren er jo kun 7 år. Etter meldingen og mms som eg mottok på julafta så falt dei i smak, og passa relativt ok til bunad :)
Pinnsvin vottane var eit ork å strikka, men du og du kor søte dei blei til slutt. Så kjem nok til å trosse orket for å strikka desse igjen. Og fleire selbuvottar vil det alltid bli, eg syns det er veldig kjekt å strikka faktisk :) Selbuhanskar er heller litt meir bob bob...
Typisk at det blei den varmaste vinteren nesten i mannsminne når eg gjev vottar i julegåve, så eg kryssar fingrane for kaldare vær i januar og februar :)
Vel overstått jul og GODT NYTTÅR alle saman!!
fredag 30. desember 2011
Velkommen Gunvor!

Når eg fekk vita at Gunvor var påveg så spurte eg Hanne kva ho skulle likt å få i babygåve. Det einaste ho kunne komma på er eit pledd eg har strikka før (faktisk inspirasjonen til å byrja å blogga) og det blei sjølvsagt laga. Oppskrifta er frå eit gamalt Sandnes Garn hefte som eg har fått av mamma. Til pleddet var det og ein sparkebukse med hue og sko til. Så dette ville eg og gjerne laga til Gunvor.
Pga eit par små garnproblemer så blei eg ikkje ferdig med dette før etter Gunvor var komt til verda. Med garnproblem meinar eg at eg gjekk tom for garn... Garnet eg brukte var Pickles Baby Merino. Og når eg bestilte nytt så fekk eg feil farge. Så då måtte eg ta kontakt med Pickles og dei fiksa alt for meg, så servicen der er absolutt upåklageleg. Så med korrekt garn i strikkekorga att så fortsatte produksjonen, men den blei litt forsinka. Til gjengjeld så fekk eg møta Gunvor og gitt gåva samstundes, det var veldig kjekt :)
Sidan eg ikkje strikka noko nevneverdig når Oline og Lykke var baby så fekk eg lyst til å gje noko ekstra denne gongen. Denne kjolen strikka eg for lenge sidan, men følte den var perfekt i denne samanhangen.
No gjenstår det å følgja med oppveksten på denne skjønningen og eg gledar meg. Har vore veldig koseleg å vera tilstade i oppveksten til Oline og Lykke så langt.
Snart kan det kanskje bli hytteturar igjen??
Sidan eg ikkje strikka noko nevneverdig når Oline og Lykke var baby så fekk eg lyst til å gje noko ekstra denne gongen. Denne kjolen strikka eg for lenge sidan, men følte den var perfekt i denne samanhangen.No gjenstår det å følgja med oppveksten på denne skjønningen og eg gledar meg. Har vore veldig koseleg å vera tilstade i oppveksten til Oline og Lykke så langt.
Snart kan det kanskje bli hytteturar igjen??
søndag 30. oktober 2011
Angry Cake Day
I vår spurte Kristina (ei venninne og kollega) meg, litt på kødd, om eg kunne laga ein Angry Bird kaka til bursdagen hennar. Eg vil berre ha det sagt, eg køddar ikkje når det kjem til kakebaking :)
Men eit problem med dette temaet er at eg er ikkje bitt av Angry Bird basillen. Så hadde ikkje all verda med kunnskap. Men det stoppar ikkje ein stakkars hobbybakar. Det er det ein har internett til og venner med iPhone og Angry Bird. Så lasta ned ein del bilete på nett og fekk spele litt på Kristina sin mobil. Dette ilag med eit par bloggar så forma ideen seg i hovudet mitt.
Bloggane som har inspirert meg til denne kaka er Passion 4 baking, Sweetapolita og Bakerella. Så etter ein del fornøyeleg "research" falt valget på Red Velvet kake. Som eg fylte og dekka med den kvite smørkremmen som eg brukte forrige gong. Eg bestemte meg og for å dekke kaka i marshmellow fondant som eg brukte forrige gong, men denne gongen skulle eg farga den. Så gjenstod det å komma på noko lurt når det gjaldt figurane, for eg viste eg måtte ha 3D figurar på kaka. Då slo tanke meg - Cake Pops!. Eg har lest mykje om dette fenomenet så eg laga eit vanleg sukkerbrød, smuldra det og blanda i Creme Brulee frå Piano til det blei ei masse som kunne formast. Forma og satt i kjøleskapet. Smelta kvit sjokolade som eg farga og dyppa birdsa og pigsa i :) Har brukt fondant til hjelm, nebb og stjert. Mini marshmellow blei auge... Kun fantasien setje grenser. Bakerella er nemleg dødsdyktig på Cake Pops. Eg har benytta Wilton sin fargepasta, veldig bra produkt. Fyrste gongen eg oppleve at fargeprodukt ikkje skille seg i f.eks smørkrem. Eg fant ut at Jernia var forhandlarar av Cacas som igjen forhandla Wilton i mitt nærmiljø, og heldig som eg var så hadde dei Wilton :)
Så den 25. okt var det kakeselskap på jobben, alle lunsjkoleggaer var invitert. Vel overstått Kristina!
mandag 17. oktober 2011
Supersize Bamsemums
Eg har hatt store kakebake planar igjen. I januar iår laga eg stor kaka til Hege sin bursdag. I helga hadde Tommy (forloveden til Hege og god kompis) bursdag. Så på kafebesøk med dei i forrige veke så spurte eg han: Kva ynskje du deg til bursdagen då Tommy? Svaret var enkelt no: Nei, ein pose med bamesmums?
Då byrjar dette hovudet å tenkje, før eg var på bussen heim den kvelden så var kaka ferdig planlagt.
Då var det berre å gjennomføre planen.
Forarbeidet:
Har nyleg falt innom ein blogg som eg berre diggar, kakebakedama frå USA. Sweetapolita lagar kaker som ein berre lurar på om er like gode som dei ser ut på bilete. På hennar blog fant eg oppskrifta til ei vanilje kaka. Stor røre, men veldig god! Anbefalar dei som likar å bake kaker i ny å ne å koste på seg eit litermål som viser Cups, plagsomt å prøve å rekne om til g og dl. Kjøpte og inn bamsemums, måtte jo ha ein modell å teikne etter når eg skulle laga mal. Fyllet eg valgte til kaka var sjokoladekrem med kaffi i. Så det var berre å stabla kaka slik at den er klar for skjæring/forminga.
Ein bamse vert født:
Med malen klippa ut så er det berre å skjære vekk alt som malen ikkje dekker. Så er det å forma kaka slik at den går opp og ned på dei rette plassane, heilt til det som var rektangulær kake med 4 lag likar meir på ein forvokst bamsemums. I det fyrste laget med fyll klippa eg og opp nesten ein heil pose med bamsemums, kvifor ikkje prøva korleis det funkar. Når eg var fornøyd med skjæringa mi så er det å drive med dirty icing som det heiter å godt amerikansk. Det betyr at kaka vert dekka av ein eller annan icing/frosting/fyll/krem. Kvifor gjer ein dette? Jo for at kaka ikkje skal smule over alt når ein jobbar vidare, pluss dersom ein skal dekke kaka med marsipan eller fondant så henge denne fint på kaka. Det hjelpe og til å jamne ut kantar og avrunde hjørner. Eg brukte Cacas sin kvite smørkrem til dette. Bamsen fekk litt rundare formar med denne kremmen :)
Fondant:
Hadde planar om å ha smelta sjokolade over heile kaka, slik som ein ekta bamsemums har. Men for at sjokoladen ikkje skulle trekke inn i sjølve kaka så bestemte eg meg for å laga marshmallow fondant, for fyrste gong. Forrige gong laga eg sukkerpaste, så då måtte eg gjere noko nytt no. Nok ein gong så brukte eg oppskriften eg fant på Cacas. Advarsel: 300 g melis var altfor lite, eg knadde og knadde og knadde og knadde... Heldigvis så blei fondanten metta med melis til slutt, så fekk kjevla den ut og lagt på bamsen. I tillegg så prøvde eg meg på å farge fondanten, så dekka og to "små kaker" aka avkapp. Har då i dette forsøket funne ut at marshmallow fondant treng MYKJE melis men er veldig ok å farge. Så no var det inn i kjøleskapet med kaka.
Ferdig bamse, god nok til å ete opp!:
Den skal trekkast med lys kokesjokolade. Så 3 plater har eg oppi ei skål over vannbad. For at sjokoladen skal bli glattare så har eg i 1 ts kokosfett. Dette satt litt smak på sjokoladen, men det var berre godt :)
Så var storebjørn og lillebjørn klar for fest :)
Med kaffi eller te i koppen så kosa vi oss ein liten gjeng med bamsemumskaka og sjokoladekake. Vi fortsatte med ost og kjeks, så skal love vi var mett etterpå ja :)
Tusen takk for ein strålande kveld Tommy og Hege!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)