onsdag 25. juli 2012

Keep calm and bake more cake!!

Eg har baka kaker igjen. Ja, eg har blitt ein kakesmule hekta. Eg likar utfordringen, det å komma på ideen, det å overbevisa meg sjølv at eg kan få til den ideen, planlegge tidsskjema og byrja tidsskjema mitt. Så sjå at ideen vert eit faktum og sjå at kaka fell i smak :)
Over er bursdagskaka mi iår. Har mangen gongar sett på bl.a denne kaka, den er imponerande i sin fargerike enkelheit. No følte eg eg hadde sett nok og måtte heller laga den sjølv, og bursdagen min var eit ypperleg påskudd for å laga kaka :)

Eg har brukt kaka og kremmen frå dette innlegget frå Sweetapolita sin blogg (ein blogg eg har fått eit avhengigheitsforhold til). Kakerøra er av den STORE sorten, så delte den i 6 like delar (brukte vekt) og fargar kvar del og steika delane individuelt, 20 cm kakeform. Når kakene var avkjøla så stabla eg dei med kremmen frå innlegget, men laga ein enkel kvit smørkrem frå Cacas til å ha utapå. Pynta enkelt med ein sprøytekant og litt kakedryss. 

Største utfordringen med denne kaka var ikkje å laga den faktisk, men å få den med meg på jobb. Kaka var for høg for kaketeina mi... :o Men fekk den til jobben og det var veldig kosleg å dela med gode kollegaer :)

Neste kakebake anledning var ikkje langt unna, så hadde meir moro rett rundt hjørna. Var nesten som ein bursdagsgåve, å få lov til å komma på ein ny god kake ide og gjennomføra den :)
Den neste anledningen var årets Juli-Tre-Fest, ein tradisjon eg har hatt gleden av å vera med dei siste par åra. Men denne festen var litt anleis iår, vertane gifta seg nemleg kort tid før festen så iår blei det Juli-Tre-Bryllaup (noko som forklarar bilete over :) ). Min tradisjon i samsvar med festen er å laga dessert, og denne gongen skulle ikkje vera noko anleis. Ok, kanskje litt anleis... Eg har ikkje laga kaka til festen før, men stilt opp med nysteikt smuldrepai med is til. Bryllaup derimot ber om ei stor kaka, så då må eg laga stor kaka :)

Ideen kom når det slo meg at toppen på kaka måtte bli eit brudepar beståane av ein kakemann og ei kakedame. Kaka måtte bli ein blanding av jul og sommar - så det blei kakemenn og blomstrar. Arkitekturteikningane for kaka mi er på bilete i midten til venstre over.

Når kakemennene og blomstrane var laga så starta jobben med å laga sjølve bryllaupskaka. Brukte nok ei oppskrift frå Sweetapolita sin blogg, ei sjokoladekaka som er heilt genial!! Anbefalar den på det høgaste, oppskriften er her. Har og falt for to smørkremmar frå samme dama, Peanøtt smørkrem og Jordbær smørkrem. Laga 6 kakerører, ein porsjon peanøtt smørkrem (det er ein stor porsjon) og 2 porsjonar jordbær smørkrem. Kakene blei ei 30 cm, ei 25 cm, ei 20 cm og ei 15 cm. Når kakene var heilt avkjølt så delte eg kvar kaka i 3 lag, fylte to av kakaene med kvar sin krem. Dekka alle kakene med kvit fondant. Så kom utfordringen, stabla kakene i høgda utan at vekta frå kakene knuste kakene under. Etter ein del søking på youtube og ein lenger tur for å finne underlag og bambuspinnar så kunne eg byrja å stable og pynta.

Det einaste som gjenstod så var å få kaka ned i bilen som eg er barnevakt for, kjøra den gjennom heile Bergen til selskapslokalet. Vel framme ved selskapslokalet så fekk ein staut kar frå festen hjelpa meg å bæra kaka inn i festlokalet, tok ikkje sjansen på å mista kaka i bakken når eg var så nær (den blei ingen lettvektar). 
Etter ein god runde og to med pinnekjøtt og tradisjonelt tilbehør så blei det koka opp kaffe og kaka blei "åpna" av brudeparet. Så fekk gjestene kaka og festen varte til dei små timar. Det kjekkaste med denne kaka var reaksjonen til bruda når ho fekk sjå kaka, usikker på kva ho forventa av dessert på festen men det var iallefall ikkje ein 4 etasjes brullaupskaka. Brudgommen hadde fått litt hakk i plata når det kom til kaka; han refererte heile tida til ein sms eg hadde sendt der eg sa "... eg har tenkt på noko...", kaka var vist noko meir enn han forventa og. 

Eg likar å laga kaka, eg likar å ete kaka og eg elskar å dela kaka!! Så som bursdagskortet frå Down under seie "Keep calm and eat more cake!", se bilete nede i høgre hjørnet over. Trur det skal bli mitt motto, iallefall så lenge eg kjem til å baka kaker :)

Håpar alle får ein framleis flott sommar i inn og utland, både med og utan kaka :) 

Sommarklem frå meg!

PS: skal prøva å via strikketøyet meir oppmerksamheit framover no...