søndag 26. juli 2009

Sommardessert

Denne paien er så god så har bestemt meg for at alle fortjenar å ha tilgong til oppskrifta :) To tommlar opp av alle som har vore på JuliTreFest dei siste to åra.

Banansmuldrepai m/sjokolade

Smuldredeig:
125 g kaldt smør/melange
1 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn
75 - 100 g kokesjokolade

Fyll:
4 bananer
2 ss smør/melange
2 ss brunt sukker

Sett omnen på 200 grader. Bland kjapt smør, sukker og kveitemjøl, bland havregryn i tilslutt. Fordel halvparten i bunnen av en paiform, forsteik i 10 min.
Skrell bananen, del i to og halver på langs. Steik raskt i steikepanne med smør og brunt sukker (karamellisere). Legg bananene i formen. Hakk sjokoladen og bland med resten av smuldredeigen som fordeles over banane. Steik i 10-15 min eller til lokket er gyldent (framleis 200 grader på omnen). Server varm med vaniljeis til.

Denne paien er grei å gjere ferdig fram til siste rest av smuldredeigen er fordelt over bananene og så ta den med i selskap og steike ferdig og servere varm der. Ein sikker vinnar tørr eg nesten påstå :)

Terningkast: 6

Bursdagsgåve til meg sjølv!!

Eg har spandert på meg macro objektiv til kameraet mitt. Under er eit par eksempel på bruken av objektivet. Der er framleis ein del prøving før eg vert brukbar i bruken av dette objektivet. Bileta eg har teke til no er sånn passe, men håpar på WOW-bilete i framtida :) Merk at edderkoppen er bittelitt større enn eit knappenålshovud.


fredag 17. juli 2009

Award

Eg fekk ein award før eg gjekk på ferie, og det er sjølvsagt VELDIG kjekt så tusen tusen takk til Tove (hekleguruen min) :D Det å få awarden inn i bloggen min har teke si tid, det har ikkje vore fordi eg ikkje har satt pris på awarden (for det gjer eg så ABSOLUTT), heller fordi der har skjedd så mykje i forkant av ferien. Men heldigvis så er det noko som heiter betre seint enn aldri.

Eg må dela den med Kristin, den tredje strikketeren (ilag med meg og Tove). Ho er lantifrå ny til stikkepinner, det er sikkert og vist, denne jenta kan alt innan strikking. Blogging har eg og Tove lurt ho med på, og ho fortjenar award for begge delar. For det ho kan skikkeleg godt og for det ho har begitt seg ut på å læra og kjem til å bli grådig god i :)

Camilla fortjenar og awarden, ho har reist til Bærum for å prøva lukka og sambuarlivet. Har klart å smitta ho med strikkedilla og no er ho litt småsjuk med blogging og. Det er veldig spanande å følgja med på bloggen hennar då Camilla har mangen ting føre, et energinivå eg ikkje heilt forstår meg på, men misunnar :)

Gjev og award til Lise. Bloggen hennar er til konstant inspirasjon, ho har fått meg til å prøva meg på veskesying. Ellers så kan ho det meste, noko bloggen hennar visar igjen, igjen og igjen. Søte kattunger gjer det og kjekt å følgja med :) Keep up the good work Lise :D

God sommar til alle saman :)

lørdag 11. juli 2009

JuliTreFest 2009

Idag er det dags for årest sommerbegivenheit, rett etter det å starta ferien, JULITREFEST!!

Jupp du leste rett, JuliTreFest... Ein kompis og sambuaren har starta tradisjonen. Dei samlar ein passe stor gjeng med venner til å pinnekjøtt og sosialt samkvem i sommarvarmen.

Han har alltid holdt maten. Ifjor syns eg det var på tide å bidra med noko så eg tok med dessert, ein tradisjon eg skal fortsetja med så lenge eg vert invitert. Smuldrepai med banan og sjokolade blei det og den falt i smak så lagar nok det iår og. Oppskrifta fant eg i Spis Bedre, eit blad eg abonnerar på.

Iår hadde eg lyst til å laga ei JuliTreGåve til vertane og. Då det er trua med avslutta vennskap dersom eg strikka ulltruse så falt på kjøkkenhanddukar i Drops Paris. Det blei og eit sett med gryteklutar. Karen likar seg jo på kjøkkenet...

Kristin var fyrste kvinne, Tove var andre kvinne og eg kjem dilltande langt etter... Namnlappar til å sy på ting vi lagar og gjev vekk. Til høgre ser du mine lappar "Handlaga av Lene...". Brunt med orange skrift. På JuliTreGåva er der 4 lappar tilsaman, så vertane skal ikkje vera i tvil om kven som skal få bestilling om fleire :)

Lappane er bestilt på minenamnband i Sverige. Veldig enkelt, greitt og kjapt. Veldig fornøyd, har kun lyst på fleire i forskjellege fargar no...

fredag 10. juli 2009

Sokkar til tidlegare kollega

I slutten av Mai forlot to kollegarer oss for nye jobbar. Eg fant ut litt vel seint at eg ville strikka noko til dei. Eg hadde nett gjordt ferdig eit par kvite fluffy sokkar som Britt fekk, men hadde ikkje tid til å fullføra eit par sokkar til Kristian på så kort tid.

Der er heldigvis noko som heiter betre seint enn aldri, så i forrige veke fekk han eit par vaksne sokkar. Oppskrifta er frå ei sokkebok eg har og garnet frå Sokkegarnklubben på Strikk innom. Mayflower heite det, inneholdt Aloe Vera som skal vera godt for føttene :)

Foreløpig er det litt for varmt til å bruka sokkane, men håpar dei kjem godt med litt seinare :)