tirsdag 29. desember 2009

Vinter

Iår har vi endeleg fått snø til jul og til nyttår, eg er så strålande fornøgd :) I skrivande stunde er det ca 25 cm snø ute og minus 10 grader. Kan ikkje minnes sist det var slik til jul.

Og kva gjer ein i slikt vær? Jo ein må måke snø, noko armane mine skrike at dei ikkje likar. Ein "leikar" og litt i snøen, laga snølykt i forgårs. Då var det litt mildare og snøen var perfekt. Lykta blei sikkert 60 cm høg og lyst noko heilt sinnsjukt :)

Har hatt lyst til å ta ut sparken på tur, den har ikkje vore på vinterføre på MANGEN år, men det har ikkje skjedd endå. Kanskje i morgon?... Gjer eg det vert det nok dokumentert :)

Ellers så kom eg på at eg hadde laga ei julegåve til i haust. Bror min fekk nemleg eit par heimestrikka selbuvottar. Mønsteret heiter Knut og er kjøpt på Jorid's Mønsterbutikk. Skorpionen som lurar seg inne i eine handflata var for kul til å motstå å laga, spesielt når ein har ein bror som har ein skorpion tattovert på eine underarmen :)

No har eg byrja nedteljinga til nyttårsafta. Den skal feirast med fint besøk frå hovudstaden, Mooncat kjem på besøk. Det vert stille og roleg heime, med pinnekjøtt for 2. gong denne jula og riskrem... Det vert nok og sett litt på TV og spelt litt DOG. Ohhh... Kor eg gledar meg :)

lørdag 26. desember 2009

Juleproduksjonen

Då var julaftan vel overstått, all den gode maten, julegåver, godt selskap, snø ute... Heilt perfekt! Det er og trygt å visa kva ein har brukt delar av hausten og mesteparten av desember på.

Har jo sjølvsagt brukt desember til ein del julegåveproduksjon. Bl.a har eg strikka eit par Twillight-vottar av Pickles Abuelita Tjukk Merino Mørk Advent som Oline fekk. Totoro-vottar (ravelry) strikka eg av Pickles Abuelita Baby Merino som Lykke fekk. Veit vottane falt i smak, håpar og dei passa :)

I haust fekk eg boka Creepy Cute Crochet i postkassa. Etter å ha bladd i boka eit par gongar så fekk eg ideen at eg skulle laga desse som nøkelringar. Og dette utvikla seg til å bli ein del av årets julegåver. Her er dei fyrste 10 eg har laga. Der er Day of the Dead menn og damer, der er Mannen med ljåen, ein Ninja, ein Zombie, ein Lirekasseape og eit ekte til-døden-skiller-oss-ad-par. Der blei to ekstra figurar på tampen, og alle har blitt fordelt til det eg meinar har vore verdige eigarar :) Alle i spesiallaga innpakkning. Så håpar eg nokon av dei får nøklar eller kanskje ein sekk å passa på :)
Tove var vel den einaste som faktisk kom med ynskjer før jul, bl.a avlange puter til å ha i sofane/ryggen. Etter å ha tråla gjennom alt av butikkar og konstatert at der ikkje fantes nokon puter som var i Toves stil... Då blei ideen revidert når eg kom over ein kul gardin på Indiska, korrekte fargar og mønster for Tove. Kva gjer ein då? Jo, ein syr sjølv :) Ein lyge og til Tove når ein handlar paljettar til å pynta putene med :) Eg er nøgd med resultatet, og har fått inntrykk av at Tove er nøgd og :)

Framleis GOD JUL til alle kjente og ukjente :)

lørdag 12. desember 2009

Og vinnaren er...

Fyrst kan eg informere at på bilete som eg ville det skulle tippast på så var det kandisert mandarinskall. Der var 3 kommentarer som tippet at det var noko innan rette fruktfamilie, så da trakk eg mellom desse tre :)
Eg fant fram ein kakeboks som var halvfull forrige helg, men som i løpet av veka har blitt tom igjen. Denne brukte eg til å trekke vinnarane i, følte det var passande no i julestrida :) 12 lappar med 12 namn gjekk oppi fyrste gongen, og ut kom Iryl. Så gratulerer masse.

Så la eg tre lappar oppi for å trekke for gjettingen på bilete. Og då kom Iryl ut av boksen igjen gitt, så Gratulerer endå meir :)

Ellers takkar eg ALLE for kommentarane og må alle få ei kjekk førjulstid.

søndag 6. desember 2009

Vellukka julebakst og litt konkurranse

Eg og Tove byrja ein tradisjon med felles julebakst. Igår var den dagen iår. Vi bakar sjeldan dei tradisjonelle 7 sortane, men vi fekk boksa 5 sortar igår alikevel. Iår laga vi: Sprø kardemommebiscotti, Karamellsnitter, Havremakroner, Jødekaker og tradisjonsrike Kakemenn men i utradisjonelle former.

Idag bestod då frukosten min av ein stor kopp te, i tekoppen frå filmen "Nightmare before Christmas" og eit assortert utvalg av gårsdagens produksjon. Det var nam nam!! :)


FØRJULS KONKURRANSE:
Sidan vi no nærmar oss jul så tenkte eg eg kunne laga ein liten konkurranse, men då dette vert min aller fyrste konkurranse så vert den av den enkel sorten. Legg du att ei helsing til dette innlegget er du med i trekningen av det eg har på strikkepinnane idag (Det passar til størrelse 38-39 men det er ikkje sokkar). Og dersom nokon tippar rett på kva bilete under visar så skal du få ein liten overraskelse. Trekningen vert fredag 11. desember, så eg får sendt premiane så fort som mogleg :)

Eksamen overstått - Juleproduksjonen påbegynt

Der har i det siste vore ein del forsøk på eksamenslesning. Hadde eksamen på torsdag, så då var eg ferdig for i år med den slags. I tillegg har det som er produsert i sofakroken veldig ofte vore med ein pakkelapp på, så å blogge om det heilt endå er litt uansvarleg. Vil jo sjølvsagt ikkje øydelege jula for dei som skal få gåver av meg :)

Der er sjølvsagt litt produksjon som ikkje har merkelappar på seg, men det er heller minimalt... F.eks så er sokkane til høgre strikka innimellom eit par julegåver. Desse er heilt straighte i ribbestrikk. Garnet er Schoppel-wolle Admiral Ombre. Eg syns det var veldig godt å strikka med, og varma godt på foten. Strikka og eit par små pulsvarmarar av restegarnet. Fargeovergangane overraska meg, vanlegvis er der klart at eit vist parti med fargeendringar vert gjordt om att gjennom heile nøstet... Denne gongen fant eg ikkje kor effekten byrja igjen, virka nesten som at heile nøstet var ein lang endring. Veldig imponerande.
I sokkegarnpakken med garnet til sokkane over fekk eg og eit nøste med det no forgjette garnet Zauberball, i fargen Fuchsia. Garnet var ufatteleg mjukt og fargane fantastiske. Lurte lenge på kva eg skulle laga av dette, men eit par skikkeleg kalde dagar på jobben gjorde valget enklare. Pulsvarmar var påkrevd dei dagane. På bilete til venstre er resultatet når eg var ferdig å strikka eit par. To veldig ulike pulsvarmarar, men der var garn til overs så eg strikka eit par til. Då fekk eg til slutt eit par i lillatonar og eit i orangetonar. Det lilla paret brukar eg MASSE, det varmar veldig godt. Det orange paret spurte Birkus om ho kunne få kjøpa av meg for nokon kroner og ein middag, så SOLD! :) Oppskriften til pulsvarmarane finn ein her.

Nedteljinga til jule er offesielt starta no...