mandag 28. april 2008

Ein Elefant til ein ny Fant


Snart går Hilde på jobben ut i permisjon for å kosa seg eit år med vetleguten som er venta iløpet av mai. I den anledningen har eg laga ein liten elefant til ein ny fant. Syns kanskje dei babytøfflane eg laga for ei tid tilbake var litt i minste laget.

Ynskjer Hilde eit fantastiks år i permisjon. Ho har berre 2 dagar att... :)

Oppskriften finn du her på Elefanten av Susan B. Anderson

Ribbed Lace Bolero

Det tok meg litt over 2 dagar å strikka mitt eksemplar av denne boleroen. Men eg har ingen å modelere den på så idag fekk eg endeleg fiksa eit bilete av den. Hadde boleroen og kamera med på jobb idag og fekk Tove til å knipsa den.

Boleroen er skikkeleg god og mjuk, likar effekten garnet har, som ein blå himmel med skyflekkar. Det blei kanskje litt vel poetisk, slikt skjer av og til vist :)

Oppskrifta finn du her: Ribbed Lace Bolero av Kelly Maher

tirsdag 22. april 2008

Strikketøy og fancy tea


Skatten frå garnbutikken i Kiel har eg byrja på. Som planlagt så har eg faktisk byrja på Ribbed Lace Bolero. Er no komt ca halvvegs. Vert meir og meir fornøyd med Lana Grossa Qui garnet. Fargen er likar eg meir og meir, og gledar meg til eg er ferdig med boleroen og kan prøva den. Garnet er så fantastisk deilegt å ta på :)





Idag, medan eg kosa meg med strikketøyet, så har eg og spandert på meg ekslusiv te. Eg kjøpte meg nemleg teblomstrar i helga. Det er skikkeleg fasinerande å legge ein liten knoll med te i kannen, helle på kokande vatn og sjå knollen blomstre. Denne blei ein rand med grønne blader med raudt senter og ein bue med kvite blomstrar over. Smaken var truleg svart te med jasmine smak.

søndag 20. april 2008

Aktiv "sommer"dag

Eg og Oddis var ubeskriveleg aktive idag, ikkje det at han ikkje har vore det før i veka (sjekk bloggen hans).

Vi avtalte å møtas ved Fjellveien stasjon og gå/sykla derifrå til Fløien. Så eg tok bussen til byen, gjekk til Skansen, Fjellveien, ilag fortsatte vi til Fløien, så innover til Brushytten, tok av til Monkebotn og så til Eidsvåg. Eg jogga faktisk heile stykket mellom demningane i Monkebotn, mest fordi eg ikkje turde stoppa i grusen pga faren for å gå på tryne.

Været i det siste har vore heilt uttruleg så kryssar fingrane for at det holdt seg slik at ein kan ta eit par turar til. Bileta bevisar at det var ein fin tur.

Strikkinga har heller ikkje vore gløymt i helga :) På laurdag var eg, Tove, Theresa (venninne av Tove), Ann Christin og Hanne på takterrassen til Era. Der kosa vi oss i sola med strikketøy, kaldt og varmt å drikka, litt mat og godt selskap. Vel heime etter turen idag så måtte eg rekke opp heile sokken som eg hadde byrja på til ho mor. Ein vert alltid klok av skade, neste gong skal eg teste størrelsen før eg kjem til foten. Men har ikkje mista motet heldigvis :)

torsdag 17. april 2008

Turist i eigen hovudstad

Eg har vore i Vigelandsparken ein gong før, men den gongen var Frognerbadet den delen som lokka. Denne gongen såg eg verkeleg inngåande på skulpturane som var der. Som Tove alt har nemt i sin blogg så var Monolitten seriøst fasinerande. Frå nokon vinklar var den makaber, men samstundes og fantastiks flott.
Skulpturane i heile parken var i syklussar, alltid det same men på ein ny måte. Livet frå ein var unge og til dagen ein vert gamal. Syns desse 3 personane var så koslege :)
Fosteret, også vist på Tove sin blogg. Det eg syns er spesielt fint med bilete er at ein i bakgrunnen ser kva fosteret kan gleda seg til
Men sightseeing i eigen hovudstad slutta ikkje med Vigelandsparken. Vi tok og turen til Akershus Festning. Der har eg faktisk aldri vore. Så det å prøva å skyta hovudet av personen som kom med ideen er kanskje ikkje det luraste. Men gjorde det ikkje så denne dagen enda med at vi åt lunsj på United Bakeries, seriøst svære blingsar på det bakeriet... For ikkje å snakka om scones med frukt og nøtter *sukk!*

Mandag og tysdag hadde vi Kontaktvalgt samling på Jevnaker/Hadeland. Vi reiste dit søndags ettermiddag og blei dei to einaste gjestene på hotellet til godt utpå kvelden. Vi gjekk oss ein tur i fjorden då den var rimleg tom for vatn (foto). Då været ikkje var til å skryte av så returnerte vi tidleg til hotellet. Satt heller der og kosa oss med te, strikketøy og ekstra scones frå United Bakeries i Oslo.

Skattar frå Kiel

Shopping i Kiel. Sjølvsagt klarte eg å snubla over ein garnbutikk i Kiel, og så hekta som eg no er på strikking så klarte eg ikkje gå derfrå tomhendt. Fekk med meg 3 nøster med Lana Grossa Mood. Kva eg skal strikka av dette deilege garnet veit eg foreløpig ikkje, dukkar nok opp noko ein dag :)
Fekk og handla meg 5 nøster med Lana Grossa Qui. Dette er farga i effekt mellom kvitt og veldig lys blå. Vurderar sterkt å strikka ein Ribbed Lace Bolero av dette garnet. Får tenkje på det til over helga når eg fullførar eit par andre prosjekt, slik at eg får tid...

Avdelingstur til Kiel

Torsdag 10. april, grytidleg på morgonen var starten på Avdelingsturen med jobben. Vi måtte sjølv sørgje for å komma oss på Flesland til flyet letta.

Eg og Tove reiste med Norwegian frå Bergen til Oslo, medan resten reiste med SAS. Vel framme på Gardermoen måtte vi faktisk venta på dei andre då SAS-flyet hadde hatt tekniske problem. Etter å ha vore litt engsteleg for at vi skulle bli forsinka så var dette veldig gledeleg for oss, kanskje ikkje fult så kjekt for alle andre.

Men vi kom oss på båten alle som ein og virka ei stund som at vi tøffa avgarde mot finare vær, men det skulle endra seg...

Ankomst Kiel var ca 10:00 fredags morgon, og då hadde alle 4 timar til fri disposisjon. Kan ikkje klaga av slikt :)

Bilete til høgre visar korleis ein varmar husa i tyskland på vinterstid. Kanskje ikkje det mest effektive eg har sett men... Får sende dei eit bilete av ein varmeomn og ein peis, kanskje det skapar vei i vellinga.

Så tusla vi på handle senteret eit par timar før vi måtte tilbake til båten og tøffe i rettning Noreg att. Det var kjekt på båten. Den var stor og fin, god mat var der, show, tax free (ikkje minst), casino og mykje meir.

onsdag 9. april 2008

Sokkar til mor og...

For ei tid tilbake strikka eg eit par jaywalkers til pappa. Den gongen ville eg gjerne strikka noko til mamma og men då ho er ein strikkeguru av dimensjonar kom eg ikkje på noko. Så når eg var heime i påsken så spurte eg like greitt. Svaret var såre enkelt: Sokkar! Ho likar vist ikkje å strikka den slags. Så vel tilbake i Bergen handla eg garn og byrja på eit nytt par jaywalkers.

Blei litt skremt når eg ikkje fant jaywalker-oppskriften på MagKnits, då den sida var nedlagt, men til min glede hadde designeren blitt medlem av Ravelry og lagt oppskrifta der :)


Ein tanke som slo meg som lyn frå skyfri himmel ein dag etter sjukebesøk hjå ein tidlegare kollega var at eg har til gode å strikka noko til farmor. Så etter å ha hjulpe Ann Christin med eit sjal ein del den dagen, så sprang eg innom ein garnbutikk og handla 3 nøster med lilla Sisu og byrja med ein gong. Medan oppskrifta på det sjalet framleis var tilstade i hjernen min.

Fru Turøy har laga dette, då det er der inspirasjonen kjem frå nok ein gong. Tenkte eg skulle laga eit par offwhite blomstra å ha på sjalet når det var ferdig. Har fått advarsel frå ho mor om ikkje å ha for mange blomstra på for farmor likar vist ikkje slikt.


Til jul laga eg Twinkeltoes til jentene i det Blå huset, men størrelsane var heilt på tryne for å sei det mildt. Lykke sine fekk dokka, Oline sine fekk Lykke og Hanne sine beholdt Hanne, så Oline er Twinkeltoeless.

Litt flaut å innrømme at fyrst no har eg byrja å strikka nye til Oline, men heldigvis går det kjapt, så snart har ho eit par ho kan bruka og. Håpar ho likar fargen, vert ikkje som dei ho fekk til jul men ikkje kunne bruka.

Søndagssol og rollerblades

Søndag, 6. april, var ein strålandes dag. Sola skinte, fuglane song og eg vakna relativt tidleg med eit stort behov for å komma meg ut og gjere noko. Ho mor og han far kom att frå syden igår kveld og overnatta hjå meg, så der er vel eigentleg grunnen til at eg vakna tidleg :) Litt utpå førmiddagen reiste dei heimover mot sogn, for å ete middag hjå farmor, og eg tok fram kamera. Likar effekten av sol gjennom blått glass :)
Litt seinare på dag så var det meininga å gå tur til Geitanuken, det var det Bjørnar hadde bestemt, heilt til han vrikka foten sin såpass at han knapt kunne stå på den. Så for at han skulle få litt ro så gjekk eg, Hanne og jentene tur til ein barnehage innanfor Vestlandshallen. Eg og Oline hadde med oss rollerblades. Det var veldig moro å stå på rollerblades etter gamalt, gledar meg til vi skal gjere det igjen. Oline kjem til å bli dyktig, må berre læra ho å bruka bremsen :)

lørdag 5. april 2008

Oppdatert bloggkrok

Dette er noko eg har tenkt på lenge, nemleg bytta ut det gamle "spisebordet". Hadde for lengst sett meg ut eit eg hadde lyst på og (same som Tove), men ikkje alltid like enkelt å komma seg på Ikea og handla det. Idag derimot, siste dagen med bil før den leverast tilbake til solbrune foreldre, så kom eg meg på Ikea og handla.

Det er snakk om kanskje 500 m frå leiligheita mi og til Ikea, bordet var flatpakka og, men herlegheitas tonnasje var på heile 46 kg. Men fekk det opp trappa til 3. etasje utan uhell. Montert på ein god halv time og vips :)

Det som gjenstår no er å få flytta det gamle bordet i boden og papirbosset i kontaineren utanfor. Må meddela at det er kjekt å blogga på det nye bordet :)