søndag 28. desember 2008

Julen 2008 *oppdatert 12.01*

Der har i førjulstida sjølvsagt vore litt produksjon av julegåver. Klarar ikkje å la vera sjølvsagt, så litt strikkepress var der sjølvsagt.

Elefanten til høgre har eg laga 2 av før, men denne er einaste som var bestilt. Bror min ynskja seg ein som skulle vera rosa med gule og grønne prikkar. Her kosar den seg i juletreet vårt :) Den har fått namnet MoMo...

I tillegg så kom eg over oppskrifta til noko som likna ei finlandshette, berre det at den blei litt anleis. Som bilete til venstre visar :)


Ser for meg at broderen kan ta denne hua/hetta fram i lystig lag og ha det moro med den. Håpar forsåvidt ikkje at han brukar den langs vegen i Ålesund ein sein kveld...

Ellers har eg strikka 2 skjerf til døtrene til eit vennepar, det eine er raud og svart stripete med hemleg mønster i kvar ende. Det andre var eit lysegult aligatorskjerf. Begge skjerfa er strikka i Lanett og kan såleis vaskast i maskina, lurt for småbarnsfamiliar. Har nemleg forstått av vaskemaskina er deira beste verktøy :)

Der er og blitt strikka eit par øyrevarmarar som skal brukast med sykkelhjelm til Oddis. Dei skal tres på stroppane til sykkelhjelmen og såleis varma øyrene dersom ein kan ta ein tur på sykkelen i kaldt vær.

Tove ynskja seg heimestrikka sokkar i Regia Silk garn. Eg vist med ein gong ho sa det kva mønster eg skulle strikka sokkane i. Hadde nemleg prøvd meg på mønsteret til Irene sine oktobersokkar, og Tove likte det mønsteret. Eg var ikkje sikker på om eg likte mønsteret eller om det berre var garnet eg byrja strikka dei i fyrste gongen eg prøvde, men for Tove så prøvde eg sjølvsagt ein gong til :) Syns faktisk mønsteret gjorde seg i einsfarga garn. Tove har sjølv fiksa dette bilete til meg, tusen takk :)

Til Tommy og Hege strikka eg to par Bosniatøflar, og då Tommy er rimleg avhengig av marsipan i jula så fekk han ein liten gris i tillegg.

Håpar å kunne legge inn fleire bilete i dette innlegget seinare :)




søndag 21. desember 2008

GOD JUL!

Idag må eg berre ynskje alle ei riktig God Jul og takk for det gamle.

Håpar eg får ut bilete av ein del av julegåveproduksjonen iløpet av romjula :) Håpar dei som har fått heimestrikka julegåver kan hjelpa meg med bilete nemleg :)

Bilete her visar eit eple som eg fant i jobbfrukten. Turde ikkje ete det før 3 dagar etterpå. Nissene er ca 1 cm store og står på tastaturet mitt på jobb, eg pyntar stort på jobb :)

søndag 7. desember 2008

2. søndag i advent 2008

No har eg vore heime frå jobb med ein heftig forkjølelse nesten heile forrige arbeidsveke. Har blitt litt betre kvar dag, så idag er det beste eg har følt meg på lenge faktisk. Der er sjølvsagt litt hoste og snyting framleis, men minimalt iforhold til før i veka. Sidan formen er så ok idag så har eg satt meg ned med "Helt enkelt jul" og ein stor kopp te. Denne boka fekk eg av mamma og pappa til jul ifjor, så dette er fyrste julen eg har sjanse til å bruka den. Bl.a har Inger Espelid Hovig vore med på boka, så dette må jo berre bli bra.

Ser på oppskrifter til det meste. Så alt frå kva julekaker trur eg vil falla i smak heime i jula? Er der noko eg kunne baka som ville falt i smak? Nokon julegotter eg kunne gitt vekk i julegåve? Idear til juledessertar til dei andre dagane i jule? Der er til og med idear til pynting, kransar, innpakning ol og... Eg kosar meg storvegs med boka og julete i koppen :)

mandag 1. desember 2008

Londontown

Søndag 23. november avreise Bergen - Flesland til London - Gatwick, på kvelden. Vi ankom Queen Park Hotel etter å ha teke tog til Victoria station. Der kjøpte vi oss vekeskort til Tube'en (undergrunnen), og tok Tube'en til Queensway station og gjekk til hotellet. Påvegen såg vi kva vi skulle ha til middag, pizza og all-you-can-eat-buffet til 6,50 pund.

Neste morgon blei vi vekka av brannalarmen på ein ikkje heilt kosleg måte. Eg lovar der er kloremerker i taket på rom 111. Frukosten var continental.... Det ville på vårt hotel bety skiver, rundstykker og croisont (som alt kunne og burde toastast), smør og engelsk syltetøy var pålegget, der var to typar frukostblanding, hemetisert frukt, juice, mjølk, kaffe og te... Så frukosten var skikkeleg sunn. Min blei kjapt 3 grove toasta skiver med litt smør og sukker og ein toasta croisont med syltetøy. Holdt ein stakkar gåande ei god stund iallefall. Denne dagen hadde vi bestemt oss for å drive sightseeing, nærmare bestemt Tower of London og Tower Bridge. Kom tidleg på Tower of London, betalte oss inn, stod og venta på guiden som ein fekk med i prisen. Ein vassekte Beefeater kom å guida oss. Storvegs var det, kan absolutt anbefalast for dei som likar slikt. Men beregn ein del timar på det. Bilete over er av Tower Bridge frå Tower of London.

Etter mangen timar gjekk vi til Tower Bridge, dette var kjappare enn Tower of London sjølvsagt, men utsikten var upåklageleg. Som de ser av bilete over så var kameraene med og tilsaman har nok eg og Tove 6-700 bilete reknar eg med. Her vert Tove snikfotografert. Tower Bridge er bra kamerastativ :) Mandag kveld spanderte vi på oss middag på Hard Rock Cafe. Vi forlot hotellet 10 og var tilbake litt over 22. Så litt sliten etter dag ein kan ein seie.

Tysdagen vakna vi på normalt vis, ingen brannalarm denne morgonen heldigvis. Idag skulle vi innta St. Pauls Catedral, men då vi kom dit fekk vi vita at kuppelen var stengt for besøk fram til mars så vi gjekk. Kuppelen var hovudgrunnane til at vi ville sjå St. Paul. Men der er fleire berømte kyrkjer i London, så Westminster Abby var neste på lista og kun eit par Tube-stopp vidare. Med i prisen her fekk vi elektronisk guide iform av noko som likna litt på ein mobil og Jeremy Irons stemme. Mykje historie i den kyrkja og mangen kjente er begravd i den.

Då vi var i nabolaget så tok vi likegreitt turen over Thamsen og tok ein tur med London Eye og fekk utsiktsbilete i massevis, til venstre er Parlamentet, Big Ben og Westminster Abby i solnedgong. Vi var veldig heldige med været. Er veldig nøgd med bilete her.

Ingen tur til London er fullkommen utan minste ein tur på Oxford Street, så der tilbrakte vi heile onsdagen og faktisk store delar av torsdagen (etter British Museum). Og ikkje uventa så var julepynten på plass der, og nokon stadar var den og rimleg spektakulær. Bilete under er frå eit av vindauga på Selfridge. Her var Julenissen satt inn i mangen morosame situasjonar. På dette bilete er han nesten litt Skomakar Andersen, berre det at skoa i denne butikken er Jimmy Shue. Julenissen var og i eit badekar, på ein scooter, på kino, på handletur, hjå frisøren m.m. Kom faktisk i julestemning når vi var på Oxford St. Der var julemusikk over alt, men heldigvis var det ingen av butikkane som prøva å overgå nokon av dei andre butikkane.
Eg kom ikkje heim med julegåver, men derimot har eg blitt heftig forkjøla...

fredag 21. november 2008

Sokkergarnklubben des - 08

Der fekk eg truleg årets siste sokkegarnklubb pakke, og litt av ein pakke var det og. Såpasse spesielt at eg må visa pakkeinnhaldet før det vert sokkar av det :)
Ragg - strømpegarn frå Hjertegarn er ikkje så spesielt, men må for fyrste gong finna ei oppskrift på sokkar som treng større pinne enn nr 2.5. Så begivenheitsrikt vert det uansett :)
For dei som lurar på kvifor eg visar fram eit skjerf eg alt har strikka så må eg skuffa dei, det er ikkje skjerf men sokkegarn som er handfarga. Så du rekker opp "skjerfet" medan du lagar eit par sokkar i andre enden. Skal bli spanande å strikke sokkar av dette "skjerfet". Garnet heiter Flat Feet, nytt konsept frå USA etter det eg kan finne ut. Resultatet kjem sikkert her ein gong i framtida :)

tirsdag 11. november 2008

Vi VANT!!!

I forrige veke så lufta ein kollega interessen for å reise på Quiz ved vekas ende... Så fredag 7. november gjekk vi ein liten gjeng kollegare ut etter jobb. Fyrst middag og så Quizen på Ricks'. Vi byrja med rimleg ok scores dei fyrste 3 kategoriane; James Bond, things involving the word Kiss og Random Crap. For dei som ikkje har vore på Quizen på Ricks' torsdagar og fredagar så vert dei holdt av Anthony Hill frå Australia. Etter dei fyrste 3 kategoriane så låg vi ikkje meir enn 4 poeng bak leiaren. Siste kategorien er alltid musikk, og denne gongen hadde ikkje eg stort å stille opp med, men HELDIGVIS for oss alle var Tove med til byen rett etter jobb istaden for å reise heim og slappa. Tove RULER på musikk, iallefall på 80- og 90-talls musikk (det seie ho sjølv). Denne pokalen er til deg Tove!!!

mandag 27. oktober 2008

Ny elefant til...

...ein ny statsborgar :)

Ein god kompis og kona blei nyleg foreldre til ei lita jente, nærmare bestemt 17. oktober. Dette følte eg måtte feirast med ein ny elefant. For dei som har lest bloggen min før så har eg laga ein i grønt og off-white, denne gongen blei det brunt og rosa :) Her er oppskrifta igjen av Susan B. Anderson.

Denne gongen, som forrige, så er elefanten strikka i Sandnesgarn sitt Fiesta. Dette garnet virkar veldig slitesterkt.

Håpar eg snart kan få treffa denne nye statsborgaren og overrekkje Elefantine og håpar dei får eit aktivt liv ilag :)

Tadah!!


Sjekk kven som passar på at eg tek meg nok pausar på jobb om dagane :)

Kom tilbake frå lunsj ei tid tilbake og fant Wall-E og ei lita "lommebok" om London på tastaturet mitt. Det var ikkje så vanskeleg å gjette at desse var etterlatt der av Tove, då vi skal til London ilag 23. - 28. nov. Wall-E får eg derimot ikkje nok av, søtaste og mest romantiske roboten eg nokon gong har sett :)

Sjekk berre traileren på nettsida til filmen Her.

søndag 19. oktober 2008

Strikkehelg i Tigerstaden

Denne veka har vore travel på jobb. Ikkje på den måten at der har vore mykje å gjere på jobb, men har vore på reisefot to gongar denne veka. Så der er nok nok å hengje fingrane i imorgon.

Fyrst byrja eg veka med ein travel mandag på kontoret, alt måtte jo vera klart til eg skulle på kurs på Sola i to dagar. Heimturen frå kurset var ei historie for seg, men kan seie såpass at den var 3 timar forsinka...
Torsdagen var på kontoret, var så hektisk at eg gløymte heilt at lunsj er noko vi pleie ete rundt 11, men fekk ein roleg lunsj med den nye vikaren vår ca 12:30.

Fredagen var det avgarde igjen. Denne gongen var det samling på BI i Nydalen (Oslo). Veldig grei samling syns eg, for ellers hadde eg sikkert ikkje forstått utrekningane vi kan forventa på eksamen. Etter samlinga hadde eg valgt å bli i Oslo og besøkja ei kjempe god venninne som har blitt sambuar i Bærum.

Det var dessverre altfor lenge sidan sist eg hadde besøkt Camilla, så hadde eg ikkje gjordt det denne gongen så hadde eg fortjent å bli dumpa som venninne.

Eg blei henta av Elling (typen til Camilla) utanfor BI Nydalen i ein rimleg smekker sportsbil (BMW Z3). Så ankom Bærum i stil syns eg :) Der kom eg til duk og dekka bord. Nylaga, heimelaga, sinnsjukt god pizza (terningkast 10). Då kom helga og la seg over meg som eit tjukt og kjempegodt teppe :) Helga har ellers bestått av alt som er kjekt. Frå strikking/preiking/tredrikking til byvandring/shopping/fotografering.

Som de kanskje ser frå bileta så var eg og Camilla på Operaen i Oslo i det fantastisk flotte været idag (søndag). Vi hadde begge med kamera, og den bygningen er bygd for å fotograferast. Vi falt då veldig for fotografering av refleksjonar i vindaugene på bygningen. Øverst er Camilla og litt over til venstre er meg.

Av bilete under ser de og at været var absolutt upåklageleg i Tigerstaden idag. Bilete håpar eg og skal inspirere folk til å ta ein telefon til nokon det er lenge sidan dei har snakka med. Hausten er ei flott tid å ringa nokon og preika om gode tider.

Framleis God Haust til alle og lukke til med Julestrikkinga :)

søndag 5. oktober 2008

Jula rett rundt hjørna

Om ein no vil det eller ei, så er tida til jula allereie byrja bli kort. Iallefall for dei som vil laga ting å gje vekk. Eg har byrja, men då eg ikkje har lista over kva eg vil laga til kven klar endå så kjenne eg at det irriterar meg litt. Men ideane eg har hatt til no er eg veldig nøgd med. Må i nokon tilfeller skaffa garn som passar og i andre så må eg finne ut kor stort eg skal laga noko (utan at mottakaren veit kva eg vil med opplysningen). Men iår skal eg prøva å vera litt flinkare enn ifjor, då eg gløymte heilt å få bilete av alt eg laga og derfor kom ingenting i bloggen. Men håpar sjølvsagt å kunne komma med nokon ting i ny og ne :)

Greitt å kunne stresse litt no, for då slappar eg så godt av når alle andre stressar :)

lørdag 27. september 2008

Blomstrande haust

Dette sjalet frå Garnstudio satt eg i kø på Ravelry litt tid tilbake. Så var der to kollega som faktisk hadde laga det, og sjala var kanonkule. Så då fekk eg litt ny ved på ilden :)

På torsdag, i lunsjen under Seksjonssamling med jobben, var vi eit par folk som gjekk bort til Modellstrikk i sentrum og handla. Eg har då gått for ein 3-fargers løysning på sjalet, ikkje 6 fargar som på orginalen. Fekk forståeleg litt logistikkproblem med at same fargen kom mykje ilag, men etter ei stund så tok eg heller å valgte farge sjølv istaden for å følgje oversikten. Har og laga sjalet litt større nedover enn det var i oppskrifta.

No kan hausten berre komma, eg har mangen sjal frå før + dette som eg har laga for bruk i kaldt og surt vær :) Så no er eg klar for alt denne årstida skulle bringe :)

lørdag 20. september 2008

Rebusløpet 2008

På torsdag var det dags for årets rebusløp på jobben. Det heile byrja med at i gangen på jobb stod det eit bord, på bordet låg eit fenalår som folk skulle halde og tippe vekta på. På plakaten stod det "Tipp vekta i gram". Ein kollega sa at dette måtte jo eg vera god på som hadde jobba i Posten, nemnar her i bloggen at på Postkontora i Noreg har dei vekter som vert brukt flittig. Eg stilte meg opp og fekk låret levert frå ein annan kollega som prøvde seg. Prøvde å sjå proffesjonell ut og ikkje minst tenkja på eit passande tall i gram. På lappen eg skulle registrerte forslaget mitt såg eg mangen som hadde skrive kilo, så kanskje oppkøyringa var altfor GODT igong, eller så hadde dei ikkje lest plakaten skikkeleg... Eg skreive no ned mitt forslag, 2317 gram, og fortsatte rebusløpet.

Rebussane blei utdelt og løpet kunne byrja... Det var sinnsjukt vanskeleg...

Vel tilbake på jobb fekk me litt drikka, noko viltgryta og så byrja utdeling av premiar. Fyrst var det for beste utførelse av teamet Haustjakt (den fekk vi ikkje), så kom Fenalåret som eg vant (bomma med 25 g på den faktiske vekta: 2292 g), så kom svara og rekkjefølgja på bilane i Rebusløpet der me kom på delt 6. plass (4 bilar dårlegare og 4 bilar betre). Me slo iallefall IT og det var jo målet, så er ganske så fornøgd med resultatet på Rebusløpet 2008.

Gåve til vel overstått bursdag

Ein god venn og kollega var vekk reist på bursdagen sin, så då går dessverre heile det å hugsa å fiksa gåve i gløymeboka (sjølv om ein har ideen klar...) Så når vedkommande kom tilbake på jobb etter ferien så fekk eg nesten akutt angst. Men ideen var som nemt klar, eg måtte berre komma igong.

2 dagar intensiv strikking resulterte i 2 kjøkkenhanddukar og eit par gryteklutar, oppskrifta er funne på Garnstudio. Alt er strikka i dobbelt bomullsgarn, Tukan frå Dale Garn (trur det er gått ut av produksjon). Gåva blei overlevert på torsdag og trur dei falt i smak, og der er ingen grunn til å vera redd for å bruka dei. Dei er laga for å bli skitne og tilslutt litt øydelagt. Då har gåva gjordt sin misjon.

lørdag 6. september 2008

Plommer og sjal

Eg er veldig flink til å bla i kokebøker og oppskriftshefter. Finn veldig ofte ting eg har lyst til å prøva å laga ein eller annan gong og. Plommekaka er ein av tinga eg lenge har sett på og vurdert. Igår fekk eg endeleg satt igong :) Gjekk på butikken seint (stille og roleg der då), handla det eg trengte og ikkje hadde og satt igong. Det blei litt i seinaste laget når den var ferdig så smaka ikkje på den før idag tidleg og så har eg jamen smaka på den resten av dagen. Så dette kallar eg vellukka :) Ser det ikkje godt ut på bilete over?
Endeleg blei eg ferdig med Daisy sjalet og. Skreiv om det her for ikkje så lenge sidan. Då venta eg berre på at eg skulle få det så stort som eg ville ha det, utan å vita kor stort det var... Vel forrige veke så løyste det seg, eg var nesten tom for garn så då var det berre å felle av :)

Det blei til slutt den nette størrelse av ca 190 langt og 100 frå nakke til spiss. Må kalla det akseptabelt. Brukte det på jobb igår då eg byrja fryse, kunne krølle sjalet rundt armane mine og holdt meg god og varm heile dagen :)

Men eit evig problem med alle sjal, iallefall så har eg det, er å finne ut korleis ein vil ha kanten. Skal ein laga frynser, vil ein hekla noko, skal ein ikkje ha noko som helst... Vel denne gongen fekk eg den glupe ideen med å ta garn av same type men i to andre fargar og veva dei inn i kanten i zig-zag mot kvarandre (der ein gjekk ut gjekk den andre inn). Syns det blei fint eg. Ein enkel løysning på eit eller så tungt problem :)

Dette sjalet kjem nok til å bli liggande på jobben utover den kommande hausten og vintaren. :)

mandag 25. august 2008

Har fått pus i hus...

... iallefall nesten.

Eine "kaktusen" min blomstrar nemleg, og som de ser har den blomsten pels. :) Fargen er djup burgunder, kanskje med litt lilla i. Den er mjuk og pusete å ta på, men lagar ikkje lyd tilbake. Eks: maller :) Har fått den av Farmor og ho meinar den er i slekt med kaktusar, men heller ikkje ho viste kva den heite.

Men mitt spørsmål til dei som skulle finna dette innlegget, kva heite heite denne planten/blomsten? Eg spør fordi eg veit ikkje og skulle likt å vist.

Dersom nokon har gode forslag til kva eg kan kalla den så kom med dei :)

søndag 24. august 2008

Ny bolero

Eg blei medlem på Ravelry ein gong i mars iår. Noko av det fyrste eg gjorde var å sjekke strikkeoppskrifter, spesielt dei som var gratis. Det tok ikkje lang tid før eg fant oppskrifta til denne boleroen, Cloud Bolero av Ysolda Teaque. Den blei nesten like kjapt lagt til favorittar. Så det einaste som gjenstod no var å finne eit garn som passa for oppskrifta og pinne nr 8.

Så her ein kveld, etter eg hadde lagt meg, kom eg på eit prosjekt eg eigentleg hadde gitt opp som kanskje hadde garn som kunne fungera fin fint... Og det gjorde det (pinne 8-9mm) og fargen viste eg jo at eg likte :)

Dagen etter så kasta eg meg over det gamle prosjektet og rekte det opp og la opp dei fyrset 50 m og så var der "ingen" veg tilbake. Etter ca 4 kveldar med strikking så var eg ferdig. Hadde eg hatt litt meir garn hadde eg kanskje laga 1-2 mønsterrandar til, men boleroen blei fin utan og den :) På bilete har eg knytt den i halsen med silkebånd, men kan jo bruka brosje eller knapp og såleis dresse den opp og ned.

For dei som lurar så ende eg til slutt med å strikka boleroen i Garnstudios Eskimo, mørke brun. Mønsteret var enkelt og greitt og ganske kjekt å strikka. Likar veldig godt at oppskrifta åpnar for å laga boleroen i størrelsane xs - xxl, veldig positivt. Terningkast 6 for denne.

fredag 15. august 2008

Handarbeid i ferien...

Ikkje like lett å halde produktiviteten opp når ein har ferie, iallefall så har ikkje eg klar det. Men det betyr ikkje at der har vore heilt stille. I ferien har eg laga ei sommerhua til bror min (Tom), den var bestilt for lenge sidan men... Det var lettare å laga den når hovudet som skulle bruka den var i nærleiken og kunne brukast til tilpassning. Broderen visar den stolt (håpar eg) fram på bilete til høgre. Der er ikkje noko mønster, laga på husk og sunn fornuft. Syns bror min kler slike huer eg, så er veldig nøgd med dei to dagane med "arbeid".
Dyret til venstre er ein Cthulhu Penguin. For dei som ikkje veit kva det er, så er det eit monster fra ein serie skrekkbøker frå tidleg forrige århundre av H.P. Lovecraft (kjekt etternamn på ein som skriv skrekk). Der var mangen utanomjordiske monster som plaga menneskeheita i dei bøkene, bl.a ein pingvin med glødande auge og tentaklar.

Vel pingvinen blei gitt til Oddis, og kortet rundt halsen sa: "Let me haunt your dreams... Buh! From the Cthulhu Penguin" = "La meg heimsøkja draumane dine... Bø! Frå Cthulhu Pingvinen". Han har vist fått plass på TV'en og sprer vist glede... Hmm...

Dette sjalet har eg no strikka på i lang tid faktisk. Det er av den type arbeid som vert teke fram, lagt vekk, teke fram, lagt vekk... Og no jobbar eg helst med å få den breidden på det som eg ynskjer. Det er nemleg eit trekant-sjal med hullmønster (Daisy shawl). Dette vert strikka i ullgarn frå Oleanna og litt tjukke pinnar.Eg kan slutta no og det vert ca 110 cm breidt, men trur eg skulle likt å hatt minst 150 cm breidt. Har veldig lyst på eit eller anna som varmar og som er ein stad mellom pledd og sjal. Så der vert eit par omgongar til, og så må eg finne ut om eg vil laga ein kant rundt og eventuelt kva type det skal bli...
I ferien har eg byrja på eit nytt, og veldig ambisiøst prosjekt. Må vel innrømma at nok ein gong er Irene inspirasjonen ilag med ein god porsjon "vil eg kunne klara dette" undring. Så det skal til slutt bli eit hekla pledd, satt saman av fleire lappar. Men det er ikkje same oppskrifta som Irene, eg har funne ei anna oppskrift på Garnstudio (her). Eg byrja med dobbel tråd, men har sidan gått over til enkel tråd og har rekna meg fram til at eg treng ca 160 sekskanta lappar for å få eit pledd av brukande storleik. Mitt pledd skal og berre ha fire fargar; mørk og lys blå, mørk lilla og offwhite. Så gjenstår det å sjå kortid dette prosjektet vert ferdig. Kryssar fingrane for iår...

lørdag 9. august 2008

Min sommarferie - 2008

Eg sit her og ser på kalendaren og har komt fram til at ferien min er nesten over... Kor forsvant dei 4 vekene? Det er vel noko mangen spør seg etter ferien, så no skal eg tenkja tilbake og sjå om eg har gjordt noko kjekt :) (Bilete over er panoramabilete av Vik med broderen, eit lite ekspriment)

Siste dagen på jobb var 11. juli. Den 12. juli var eg på Juli-tre-fest hjå ein kompis i sentrum. Der var vi ca 20 personar samla for å ete siste rest av fjorårets pinnekjøtt og kosa oss. Eg fant ut eg ville by på dessert og hadde med 2 stk Smuldrepai med banan og sjokolade med vaniljeis til. Det er den kulaste sommartradisjonen eg vert invitert til, så TUSEN TAKK til Sten og Siri :) Eg stillar gjerne opp med dessert til neste sommar og eg :)

Dagen etter, rimleg tidleg, hoppa eg på bussen til Vik. Der blei det meste av ferien tilbrakt.
Den fyrste veka i Vik var veldig stille pga været. Vakna kvar dag til himmelen som hang i hovudet på ein og regn. Den 21. juli var det uansett vær avreise for mamma og pappa med Hurtigruten "Finnmarken" tur/retur Kirkenes. Holdt meg i Bergen ut den veke og fekk inn 2 fjellturar med Oddis, ein opp Stoltzen til Rundemannen og ned att og ein opp på Løvstakken. Bilete (over til venstre) er av Sandvikspilen og frå fyrste turen.
Den 25. juli hadde Tove teke fri frå jobb, så henta ho på føremiddagen og vi sikta bilen (pappas Merce passe eg medan dei var på tur) mot Vik i Sogn. Vi hadde ein roleg tur til Vik, med jordbærpause på Voss, Fotosafari både på vegen og i Vik, bading i Sognefjorden, besøk til Fritjof den Frøkne og mykje soling. Var stolt av bygda mi i det flotte været vi hadde den helga. Dei som vil kan lesa meir om den helga på Tove sin blogg :)

Den 27. juli kom Tom'en (broderen) til Vik på ferie og vi reiste ilag til Bergen for å hente mamma og pappa den 1. august, då var deira 11 dagars tur over. Etter historiane å dømma så må ein nok vurdera den turen sjølv ein gong :)
Det fine været hadde på dei 11 dagane fiksa ein overflod av sure kirsebær i hagen. Desse kirsebæra skal vist vera ypperlege til å laga vin på, så den siste veka har vi sikkert plukka 100 liter. Vi plukka frå bakken, vi plukka frå stigar (i 3 størrelsar) og ved å kutta ned greiner - ribba dei for bær og hiva dei på komposten (greinene altså). Det værste med å plukka kirsebær var all vepsen, dei svermar for harde livet om dagane og på toppen av ein stige er ikkje rette staden å vifta dei vekk... Men eg overlevde det og :)

Det har frå byrjinga av ferien vore snakk om at eg og pappa skulle gå ein tur til Gunnarsete i Vik. Dette blei det ikkje noko av før idag faktisk og då var Tom og med. Værutsiktene var veldig dårlege idag tidleg, men rundt 11:30 letta det betydleg. Vi kledde litt ekstra på oss (for sikkerheitsskuld), tok vatnflaska i handa og byrja. Litt over Gunnarsete Stølen ligg Svaberget og der tok vi pause og fotograferte litt før vi gjekk heim att og laga middag. Bilete under er utsikten frå Svaberget, pappa og Tom er ein viktig del av utsikten og :) Turen var tung, iallefall med nye ubrukte fjellsko, men absolutt verdt det på toppen.
I ferien har det og vorte tid til ein del maurdreping (dei er ein pest i hagen til mamma og pappa), strikking og faktisk litt hekling, avslapping, sett på dvd, lest bok, bading og soling, mykje god mat og drikka, har og hjupe til rundt huset heime og hjå Farmor... Stikkordet er avkobling frå jobben. No er der kun 1 dag ferie att... Håpar eg kjem på alle passorda mine til mandag... Det er vel det største problemet vi alle har etter ferien. Godt vi har Helpdesk :)

lørdag 12. juli 2008

Nine to Five

Eg klarar vist ikkje å ta ein sokkestrikkepause. Etter forrige par sokkar (Bellatrix-sokkane) så tenkte eg at no skulle det bli ei stund til eg laga sokkar igjen, det vara knapt ut dagen... La nemleg opp og strikka eit stykke på desse allereie same kvelden. Men ein stor forskjell er at desse skulle og ville eg ha einsfarga, og då hadde eg svart Regina Silk i huset. Hadde nemleg byrja på eit par knestrømpar for eit tid tilbake som berre låg der og ikkje voks. Så rekka opp :)
Desse sokkane kjem eg nok til å bruka mest av alle eg har strikka. Dette fordi eg likar mønsteret veldig godt, fargen er særdeles anvendleg og garnet er jo ubeskriveleg deilegt.

Flettemønsteret på sokkane er laga utan hjelpepinne, så det gjorde det mykje enklare å strikka. Har nemleg ikkje fått teken på flettestrikking endå... Får sjå om eg kan prøva meg iløpet av sommaren :)

På bilete til venstre ser ein og delar av dei nye balkongmøblane mine. Fekk nemleg lurt Tove og Oddis til å vera med på Ikea for å handla møblane og ikkje minst setja dei saman etterpå. Lavendelplanten på bordet blei ein ekstra bursdagsgåve frå Tove (Tusen takk, Lavendelen leve framleis). Tusen takk til begge for all hjelpa, dei møblane skal bli brukt ein god del. Spesielt når det vert golfturnering i balkongkassen min :)

onsdag 9. juli 2008

Flink til å gå fjelltur

Igår var eg og Oddis spreke, unormalt spreke.
Når eg var ferdig på jobb møtte eg han i sentrum og vi tok Fløibanen til topps. Turen gjekk så til Åsebu - vidare til Nedrediket - opp til Storediket - Brushytta - Utsikten mot Ulrikken - Opp til Blåmannen - Mot Rundemannen og ned att mot Brushytta - tilbake mot Fløien - Tippetue ned til sentrum. Vi var veldig heldig med været og fekk teke eit par kjekke bilete. Over er det utsikt mot Ulrikken, men denne gongen frå Blåmannen. Til høgre sjekkar Oddis utsikten frå varden på toppen av Blåmannen.

Etter turen igår var vi så nøgde med oss sjølv at vi prøvde oss på ein tur til. Den skulle ikkje vera så lang i utgangspunktet, men plutseleg var det gått 4 timar og 24 minutt.

Denne turen gjekk frå Åsane Senter - Vestlandshallen - mot Gullgruven - der vi tok av inn Dalevegen til Mellingen - følgte så Den Trondhjemske Postvei oppover - på toppen tok vi av og gjekk nesten rett opp til Veten (486 m.o.h) - gjekk ned att frå Veten mot Sæterstølen - rota oss innpå nokon jorder før vi fant gardsstien tilbake til Mellingen og mot Åsane Senter igjen.

Hadde værgudane på godfot idag og, trur faktisk eg har fått litt soleksem på bringa iløpet av turen. Tok sjølvsagt eit par koslege bilete og. Over er ei Revebjødla med Langevannet og Mellingen i bakgrunnen, vegen ein ser litt av er Den Trondhjemske Postvei. Vel på toppen av Veten tok eg bilete til høgre av Nordhordalandsbrua. Frå Veten kunne vi og sjå Osterøybrua, Sotrabrua og Askøybrua. Vi fant og ein konkurranse vi skal prøva oss på, les meir på Topp Trim.

Turen kunne og by på variert dyreliv, vi møtte nemleg på hestar, geite, sauer, kyr, frosk, hund, katt og griser. Diverse insekt og sjølvsagt, men dei nemnar eg ikkje vidare.

No skal eg ta meg ein god, lang dusj, kroppen treng det verkeleg og føtna mine gaular etter det (dei er slitne). Etter dusjen skal eg krypa i seng nokså umiddelbart. Imorgon kan kanskje bli ein tung dag på jobb er eg redd for...

fredag 4. juli 2008

Kaloribomber med på jobb

Idag fyllar eg vist år, og då tenkte eg det ville vera kjekt å ta med kaka på jobb. Der er ikkje mangen att på jobb, men nokon skal eg nok klara å overtala til å smaka litt på kakene mine :)

Eg likar veldig godt å laga kaker, men gjer det kun når sjansen for å kvitta seg med den er til stade. Vil helst ikkje ha for mange fristelsar i heimen. Men ikkje lett å finne på kva ein skal laga, så har leita i ein del bøker og blad for å finne noko spanande. Der var ei oppskrift som hoppa litt mot meg og som eg prøvde meg på; Marmor-karamell-brownies.

Oppskrifta følgjer for dei som vågar:
Marmor-Karamell-Brownies100 g mørk sjokolade
175 g smør
250 g fløtekaramellar
5 ss fløte
4 dl sukker (gjerne 3 dl kvitt sukker og 1 dl mørkt muskovadosukker)
4 egg
Korna frå 1/4 stang vanilje
200 g mjøl
1 ts bakepulver
100 g pekannøtter, hakka
50 g mørk sjokolade (til pynt)
1 liten langpanne
bakepapir


1) Sett omnen på 180 gr, 160 gr varmeluft. Kle ein liten langpanne med bakepapir.
2) Bryt sjokoladen i bitar og smelt den saman med smøret over vatnbad.
3) Smelt karamellane i fløten over svak varme og konstant omrøring.
4) Rør sukkeret inn i sjokoladesmøret. Pisk egga og vaniljekorna. Rør inn sjokoladebandingen.
5) Sikt i mjøl og bakepulver, rør saman forsiktig. Rør inn pekannøttene.
6) Hell halvparten av deigen i formen, fordel 3/4 av karamellmassen over. Fordel resten av deigen over og steik kaka midt i omnen i 40-45 min, eller til den er fast når du trykke på den.
7) Ta kaka ut av omnen og la den avkjøla i formen i 20 min, ta så ut av forma og avkjøl heilt på rist.
8) Varm opp resten av karamellmasse og hell i tynn stråle over kaka. Smelt sjokoladen over vatnbad og hell over kaka i tynn stråle.

Denne fekk terningkast:6

Der kom og inn eit ynskje om at eg skulle laga gulerotkaka, den eg lagar har falt i smak hjå folk så kunne ikkje skuffa nokon. Så laga Gulerotkaka i natt.

Oppskrifta følgjar her om nokon likar slike kakar;
Gulerotkake
4 egg
3 dl sukker
3 dl mjøl
2 ts natron
2 ts kanel
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
1.5 dl rapsolja
4-5 dl rå, revne gulerøtter.

Topping:
100 gr Philadelphia Light
50 gr smør (mjukt)
125 g melis
1 ts sitronsaft


Pisk egg og sukker til eggedosis, sikt og vend inn mjøl blanda med natron, kanel, salt og vaniljesukker. Rør inn olja og gulerøttene til slutt. Bland alt lett saman. Steik midt i omnen i ca 45 min - 1 time eller til ferdig steikt. Avkjøl kaka, smør på topping og nyt :)
Denne er saftig og god som alltid, terningkast: 5

søndag 29. juni 2008

Bellatrix Socks




Eg har framleis garn frå Sokkegarnklubben som eg skal bruka, men kanskje desse sokkane hadde vorte betre i einsfarga eller eit effektgarn med lengre fargesekvensar, mønsteret forsvant ein del i alle fargane.




Dette er same garn som eg strikka sokkar i den 31.mai iår, og det er ikkje blitt noko betre. Får nok dessverre framleis kun terningkast: 2.

Til høgre har eg prøvd å få til eit nærbilete av effekten av mønsteret.
Det var ikkje vanskeleg å stikka desse sokkane, litt putlete å få til dette "hullete" mønsteret, men etter ei stund gjekk det sjølvsagt kjappare. Dersom eg skal laga desse sokkane igjen så skal eg prøva med litt tjukkare garn og pinnar.

Oppskrifta på sokkane finn ein her. Merk: den ligg på Ravelry.

Alfabetisk utfordring

Eg er blitt utfordra av Anna Maylèn til å fortelja om meg sjølv ved hjelp av alfabetet...

Akebrett
Bloggar - and proud of it
Cookies
Disney og Dykking
Engelsk
Familie og Fotografering
Gamle kunster/Gimping
Håret er nyklippa
Internett
Juleferie
Kokebøker og Korsang
Lilla
Michael Bublè
Nachos
Omtenksom
Pubquiz og Photoshop
Q-tip
Reell
Strikkegal
Teavhengig
Ullsokkar
Venner
Witches Aboard
X-ray vision (ynskjetenkning)
Yoga
Zero the Ghostdog
Ærleg
Økonomisk
Åleine

Temaet for denne er at for hver bokstav i alfabetet skal du finne ett ord (eller flere) som beskriver deg, hvem du er, hva du liker og hva som betyr noe for deg.

Eg utfordrar då Hanne og Irene :)

Unos tvilling - Uno Duo

Uno bestemte seg for at sommaren her i Noreg var litt i kaldaste laget, så tysdag 24. juni stakk han av i sikkerheitskontrollen på Flesland. Har ikkje sett eller høyrt frå han sidan...

Så no får tvillingen hans, Uno Duo, gleden av å pryda veska mi... Håpar vi to får eit litt lenger vennskap. Kryssar fingrane for det iallefall.

mandag 23. juni 2008

Uno - Zeros vetle bror

Eg er særdeles svak for Tim Burton og animasjonsfilmar av forskjellege slag. Blant favorittane som då dekkast av begge desse svakheitane er The nightmare before christmas. I den filmen er der ein spøkelseshund ved namnet Zero. Eg har då laga bror til Zero, som naturleg nok må heite Uno (oppskriften finn ein her). Uno har raudt slips istaden for raudt hundebånd rundt halsen. Frå no av skal han pryda den kule veska mi... :)