lørdag 31. mai 2008

Sokkar i sola

For ei tid tilbake så meldte eg meg inn i Sokkegarnklubben. Dette skjedde då etter eg hadde klart å bestille ein sokkegarnpakke utan å vera medlem (som eg fekk) og så når eg blei medlem så fekk eg ein til. Så sit her no med 8 nøster sokkergarn som eg kan kosa meg med.

Når eg då blei sjuk eit par dagar for litt over ei veke sidan fant eg ut at sokkar det kunne eg strikka, men kva sokkar var jo spørsmålet. Tok fram boka Favorite socks og fant at Uptown sokkane såg grei ut. Dei gjekk radigt, det hadde sikkert noko med at eg satt heile dagane med dei.

Eg brukta garnet Hjertegarn sock4 (DK). Garnet er vist ikkje ført i så mange butikkar, og for min del treng det ikkje bli det heller. Virkar nesten som fibrane i tråden var slitt når eg byrja å strikke med det. Men der er ikkje noko ubehag med å ha det ferdig produktet på beina. Men garnet får terningkast 2

tirsdag 20. mai 2008

"Kitchner Stitch" ala Farmor (med strikkepinnar)

Fyrste gongen eg lærte meg å strikka sokkar lærte farmor meg å laga hælen på ein veldig ulike måte frå nokon andre. Når eg byrja å strikka denne gongen så ser eg at resultatet av denne hælen liknar veldig på det ein får etter Kitchner Stitch. Men på farmor sin måte så strikkar ein alt og vrangsida ser litt anleis ut. Skal prøva å forklara korleis ein gjer det her.

Legg stykkene som skal strikkast saman med vrangsida mot kvarandre. Det viktigaste å hugsa på når ein skal gjere dette er at tråden ein strikkar med alltid skal vera på rettsida av strikket, altså alltid foran ein pinne.

Så er det berre å byrja strikka masker saman. Sjølve strikketøyet snur ein ikkje, ein berre stikkar saman maskar på sida mot eller frå ein. Ein byrjar alltid på motsatt pinne av den som tråden ein strikkar med er festa i. Eg byrja difor på bakerste pinne, med å strikka to maskar saman.

Når ein har stikka to maskar saman så må ein setje den ny maska tilbake på pinnen vi strikka på og flytta strikketråden frå baksida til framsida av strikket.
Og så er det å gjere det same ein gong til. Strikk to maskar saman, plasser den nye maska tilbake på pinnen, flytt tråden tilbake til "baksida" av strikketøyet.

Så er det berre å fortsetja til der er ein maske att på kvar pinne. Utgangspunktet bør sjølvsagt vera likt mange maskar på kvar pinne slik at ein går i null når ein er ferdig.
Når der er to maskar att kjem det sjølvsagt an på kva ein lagar. Lagar ein sokkar så vil ein no plukke opp på sida av hælen og fortsetje sokken framover og fordelt dei siste to maskane. Dersom ein skal ha ein ende her har eg pleid å ta siste nye maska bak masken på det som vil bli siste pinnen som skal strikkast. Så strikka desse maskene saman og dratt tråden gjennom og festa.

Resultatet på vrangen etter denne samanstrikkinga vert som vist på bilete til høgre. Dersom nokon lurar så er det ikkje ubehagleg å gå på desse maskene dersom ein lagar hæl på denne måten.




Rettesida av strikketøyet vert som på bilete til venstre. Eg har brukt denne måten å avslutte tuppen på alle Jaywalkerane eg har strikka. Skulderpartiet på kjolen eg strikka har eg og strikka saman på denne måten, og det er ikkje noko ubehag av vrangsida.

Det er berre for folk å sjekke kva dei syns om denne måten å avslutta på usynleg. Eg syns nemleg Kitchner Stitch er vanskeleg, sjølv om eg har brukt den og. På eit skjerf som skulle vera synleg frå begge sider (retten og vrangen) så då valgte eg Kitchner Stitch.

Grunne til at eg har laga dette innlegget er fordi eg ikkje har møtt nokon som kunne eller har sett denne metoden å strikka på nokon stad. Tvilar ikkje på at den er der ute, men då eg heller ikkje veit kva strikkemetoden heiter/vert kalla så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter. Men kanskje nokon prøvar denne og syns dette var litt kjekk å kunne så legg den ut uansett.

onsdag 14. mai 2008

Amsterdam 9. - 13. mai

Trur det er trygt å seie at Amsterdam er alt det ingen byar i Noreg er. Der er jo mangen ting som er lovleg og tolerert i Amsterdam som norsk politi slår hardt ned på. Så turen til Amsterdam var dømt til å bli ein begivenheit uansett :)

Vi hadde fire overnattingar på Hotel Freeland, altså 3 heile dagar som vi fylte med det vi hadde lyst til og fekk tid til. Skal seie vi fekk gjordt mykje på 3 dagar i tillegg til å slappa av. Vi har nemleg vore på Anne Franks Hus, klatra i kykjetårnet til Westrekerk (høgste tårnet i Amsterdam), tur med kanalbåt, vore på Van Gogh Museet (bilete til venstre, utanfor Museet), Red Light District (ein bitte liten tur), lagt og slappa av i Vondelpark, World Press Photo Utstilling i Ouderkerk, vore i Artis Zoo og ellers gått milevis :) Vi har og knipsa opp mot 1000 bilete.


Tove nemne i sitt innlegg at vi har sett innsida av den lokale politistasjonen. Grunne blei ikkje nemt, men den skal de få her... Lommeboka mi forsvant sporlaust mellom fredag kveld og laurdags morgon. Dette oppdaga eg sjølvsagt ikkje før eg skulle pakka til laurdagens mange planlagte utfluktar. Me informerte resepsjonen om at lommeboka var forsvunne og gjekk til vår fyrste frukost på hotellet. Leita litt til etter den etter frukost, men til inga nytte. Så måtte vi berre finna Anne Franks Hus (bilete til høgre, køen til Anne Franks Hus) som var fyrste målet for formiddagen (billettane var alt i lomma). Etter Anne Frank kjøpte vi billettar til å gå opp i tårnet til Westerkerk, og medan vi venta på å komma til der så blei alle kort sperra og den lokale politistasjonen besøkt. Etter ein lang dag møte vi nattevakten i døra når vi kom tilbake til hotellet, det fyrste han spør er om eg hadde fått lommeboka mi tilbake!!???!?....




Amsterdam var kosleg. Grei plass å reise på ferie, men til forstod og kvifor mangen nederlendere flyttar til Noreg... Bilete til venstre er frå Vondelpark, sjekk folkemengden i bakgrunnen så forstår ein.

tirsdag 6. mai 2008

Ettermiddagstur

På bussen heim frå jobb idag fekk eg tekstmelding frå Hanne. Ho lurte på om eg ville vera med å gå til Geitanuken med gjengen i det Blåhuset. Eg er veldig glad i å gå tur, blei strålande fornøgd :) Så rett etter middagen var slukt blei eg plukka opp nede i vegen. Vi køyrte litt oppover før vi tok beina fatt. Eg og Oline hadde ein liten joggetur når vi nærma oss toppen. Og Lykke er ikkje tam. Kvar gong ho heldt nokon i handa i dei brattaste partia, på vegen ned att, så berre peisa ho på. Så ho stolar fult og heilt på dei ho held i handa iallefall. Så vi var 3 "gamlingar" og 2 fjellgeiter på tur idag. I dette været er slikt berre ein fryd. Gleda meg allereie til neste tur :)

søndag 4. mai 2008

Tur i solnedgong

Kl 18:30 tok eg og Tove Fløibanen til topps og byrja på det som blei ein nesten 2,5 timar lang tur.

Turen byrja på Fløien, gjekk innover til Brushytta, så mot Munkebotn, ned til Sandviken Sykehus, Fjellveien tilbake til Skansemyren og ned treppene til Fløibanens nedre stasjon igjen. Veldig nøgd med turen og sliten i beina, håpar dei funkar imorgon :)

Så tok vi turen på Deli de Luca og handla oss te og satt oss ned, slappa av... Så var det heim og gleda seg til siste arbeidsveka før avreise Amsterdam :D

Sjal til Farmor


Då har eg fullført sjalet som er byrja på for ei tid tilbake. Skal gje det til Farmor. Tenkte eg skulle ta meg ein tur til Vik på nasjonaldagen, så då skal eg overlevere det personleg. Får sikkert rømmegraut og spekemat som belønning. Ingen dårleg betaling spør du meg :)




Irene, som har laga sjalet før, kunne fortelja meg at blomstrane på sjalet var knotete å få til, og det skal eg skrive under på.
Eg tok meg litt kunstnerisk friheit med eine blomsten. Ingen stor utskeiing, gjorde blada berre litt breiare. Men der var alikevel haugavis med trådar å feste på kvar blomst...

Men er veldig fornøyd med resultatet, så då er det berre å krysse fingrane for at Farmor likar det, og at der ikkje er for mangen blomstra på.

Oppskrifta er frå ei gamal handarbeidsbok og eg har brukt Sisu i lilla og off-white.

Tom McRae & The Hotel Cafè Tour

Ikveld har eg vore kulturell. Har vore på konsert med Tove og Veronica.

Tom McRae har eg vore på konsert med før og likar musikken, men denne gongen var han i Bergen med eit amerikansk konsept som heiter The Hotel Cafè Tour. Det vil seie at fleire artistar går ilag om å reisa på turne. Så fekk såleis eit utdrag frå konsertane til 6 artistar. Tom McRae, Cary Brothers, Greg Laswell, Jim Bianco, Brian Wright og Catherine Feeny.

På bilete over så har alle musikkarane gått ut på golvet blant publikum og fått igong all sang. Det var skikkeleg bra. Det var ein kjekk konsert og møtte definitivt nye artistar, og dyktige var dei alle enn så ulike dei var :)