tirsdag 23. juni 2009

Veldedige hueproduksjon

På ein strikkepubtur i mars bestemte eg, Tove og Kristin oss for å strikka prematurhuer. Vi vurderte mange stadar og verdige mottakarar, men fant ut at Haukeland Sjukehus og hadde eit stort behov, så vi skulle strikka til dei.

Etter å ha snakka med ei god venninne av Tove, som har kontaktar på sjukehuset, fekk vi ei oppskrift som sjukehuset likte veldig godt. Den var veldig lett og kjapp, 6 nye huer blei kjapt strikka. Restetråd gjekk eg tom for... Har handla inn ny babyull idag :)

Oppskrifta på Babyhuene er som følgjar:

Legg opp 60 masker. Strikk to omganger med rettstrikk. Forsett med rettstrikk og øk med en maste etter 20 og 40 masker. Strikk en omgong rettstrikk. Øk med en maske etter 26 masker, strikk 10, øk med en maske, strikk resten av pinnen. Fortsett nå med rettstrikk til arbeidet målar 8 cm. Fell 22 masker. Strikk ut pinnen. Fell 22 masker. Nå gjenstår 20 masker i midten av arbeidet. Mål lengden på de felte 22 maskene. Strikk dei resterande 20 maskane til ca 3/4 av lengden på det felte partiet. Fell så med å strikke 2 første og 2 siste maskene saman. Strikk neste pinne rettstrikk. Gjenta fellingen til der gjenstår 14 masker. Strikk desse 14 maskene til den midterste delen av arbeidet er like lang som sidene. Hele arbeidet skal bli 8 cm + lengden på første felling (22 masker).

Montering:
Sy saman sidesømmene. Hekle en hullrand rundt halsåpningen på luen. Første omgang 4 luftmasker, *hopp over to riller hekle 1 enkelstav, 1 lm*. Gjenta * * hele omgangen, tilpass på slutten. Alternativt; Snu arbeidet. 3 lm, en fm i første lm, fest i nærmeste stav. Fortsett rundt halsåpningen, eventuelt også rundt ansiktsåpningen. Pikekant.
Fest alle trådene og tre bånd i hullranden i halsåpningen på luen.

Tada!!

mandag 22. juni 2009

Blåtur 2009

Blåturen (19. juni) med jobben skapar alltid mangen spekulasjonar og sjølvsagt forventningar. Opp i det blå var tittelen og dei fleste fjelltoppar rundt Bergen var tippa i forkant. Torsdagen fekk vi utdelt einvegs billettar med Fløibanen med beskjed om å innfinna oss ved Skomakerdiket innan 1630, noko dei fleste klarte. Gruppeinndelinga var klar så det var kun å få vita planen og gjennomføra den.

Der var fleire postar som skulle gjennomførast, barkebåt som skulle byggast, tau som skulle trekkast m.m. Når alt var vel gjennomført, i regnvær må eg påpeika, spaserte vi ned til Starefossen og gjekk ombord på ein buss som tok oss mot fjelltoppen dei fleste hadde satsa pengar på, nemleg Ulrikken. Vel oppe på Ulrikkens topp så kom sola gitt, og litt før middagen var servert kom det ei tjukk tåke og. Som bileta her visar så gav det ein spesiall stemning.

Middagen var buffet med sjømat, og det gjorde veldig godt etter mykje frisk luft og oppgåver i regnvær. Så blei det dans og moro utover kvelden.

Det var ein koseleg kveld dette, skulle likt å hatt med meg tørre sokkar, men får ta den straffen no. Er blitt småforkjøla ilag med sikker 70 % av resten som var på blåturen. Godt eg har strikketøy å kosa meg med når eg sit heime og pleiar helsa :) Men vi satt heldigvis ikkje fast på Ulrikken til 5 neste morgon...

fredag 19. juni 2009

Sjåååå...

Eg fekk gåve på torsdagsstrikkingen på puben. Tove var nett komt att frå andre sida av landet der ho var på konsert og på besøk til Anna Maylèn (sjekk Toves blogg for detaljar). Ho overraska meg med svart løsvekt te med Chilli Appelsin. I skrivande stund er den i koppen min, den har ein mild smak av appelsin med ein gong og chillien kjem som eit lite snikande ullteppe. Interesant :)

Tove hadde og med seg ein gavepose frå Anna Maylèn, det blei no nesten som julafta jo :) I gaveposen var der eit koseleg kort, ein Kit til å hekla ein portemoni og eit stort nøsta med Opal m/bambus. Så jakten på ein sokkeoppskrift er igong for fult :)

Tusen takk begge to, STOR klem!!!

lørdag 13. juni 2009

World knit in public day

13. juni utnemt til Verdas strikk i offentlegheit dag (World knit in public day). Eg har lest litt på nett over funne ut at denne helligdagen blei starta i 2005 av Danielle Landes. Den skulle lure strikkarar opp frå sofaen og ut i gatene, strikking skulle bli meir sosialt.

Eg, Tove og Kristin bestemte oss for å feira dagen på ein stad vi ikkje hadde strikka før. Vi strikkar nemleg nesten kvar torsdag på ein lokal pub i Bergen, så no måtte vi prøva noko anna. Den heldige vinnaren av vårt strikkande nærvær var Aroma ved Fløibanen.

Vi satt der og kosa oss store delar av laurdagen. Når vi gjekk fant vi spor etter andre strikkara i Bergensgatene same dagen. Eit tre på Torgallmenningen hadde fått strikkabukser, se til høgre. Dei var skikkeleg kule. Godt jobba til dei som har gjordt dette :)

søndag 7. juni 2009

Endeleg på Endeli igjen

Denne helga var startskotet for Bergen - Voss. Har ein kompis som veldig gjerne syklar dette rittet, men iår var han litt uheldig med oppkøyringa så han måtte bryta. Som ifjor så bestilte han hyttetur til Endeli på Hamlagrø, utsikten frå hytta er å skue over. Vi som ikkje skulle sykla reiste opp fredagen, sykelisten med følgje kom laurdagen.

I myra nett nedfor hytta gjekk vi for å sjå etter froskar, og vi blei ikkje skuffa. Vi fant mangen, og vi falt for alle. Dei var så små og det gjorde dei veldig søte. Dei var fasinerande heile helga, jentane til Bjørnar og Hanne var heilfrelst så reknar med dei var glad vi reiste :) Som bileta visar så var dei ikkje store, og til å ta på var dei berre litt våte og kjølige.

Av oss som var på hytta så likar alle å spele spel av forskjellege slag. Det gjekk i brettspel og Nintendo DS relativt ofte. På bilete under setje vi opp til ein omgong med Agricola, merk strikketøyet som ligg nede på venstre hjørna på bordet (mitt sjølvsagt).
Agricola går ut på å laga den best fungerande bondegarden, alt kan skje og skjer. Eg og Bjørnar spelte og ein del Dominion eit kort spel som aldri vert likt, her skal vi bli den største godseigaren. Kjapt og engasjernade. Så tok vi ein runde med Through the dessert, der er vi kameldrivarar i ørkenen på leiten etter vatn, oaser og landområdet. Vi spelte 4 stykk, det blei trangt og nesten litt vanskeleg å sjå kor eigne brikker var, men det gjorde jo poengteljinga spanande.

Som bevist på bilete over så har eg hatt med strikketøy og på hytteturen, klarar heldigvis å strikka, spela og snakka samstundes. Har hatt med ein del prosjekt som var påbyrja og fullførte 2 faktisk. Til høgre her er Bosniatøfflane eg endeleg strikka til meg sjølv, laga nemleg fleire i julegåver ifjor, alle er strikka i Fritidsgarn. Strikka og ferdig ein babygåve som ikkje er levert, så den får komma seinare. Før helga fekk eg og oppskrift på prematurhuer frå ei venninne av Tove som jobbar på eit legesenter som har konaktar på Haukeland Sjukehus. Så denne oppskrifta stolar eg på, strikka 3 prematurhuer av den oppskrifta i helga. Tove må nett hjelpa meg med heklekanten på dei så er dei ferdige. Har våge meg til å telja dei alt.

Syklisten har til tross for bruddet igår ikkje tenkt å gje seg med Bergen - Voss rittet, så til neste år er vi alle på plass att. Klar for ny hyttetur, meir god mat og drikke, speling, soling, sosialt samvær med dei me ser sjeldan, høyra på fuglane, sova i stillheit og med frisk luft osv osv osv.
Gledar meg allereie faktisk. Håpar og vi klarar å pressa inn nokon hytteturar til iløpet av året :)

mandag 1. juni 2009

Aktiv Pinsehelg

1. pinsedag hadde eg invitert Kristin og Tove på rømmegraut. Heimelaga rømmegraut slik farmor har lært meg, på sætersrømme og med semule-gryn. Med fettet på toppen, vaska rosiner opp på og spekemat til. Rosiner må vaskast har eg lært av farmor, dei vert jo flattørka på hustak.

Været var fantastisk så vi satt på balkongen min og kosa oss med tradisjonsmaten etterfulgt av strikking og skravling til sola forsvant. Veldig veldig koseleg og bør vurderast til neste år og for sjå kor vi kosar oss :)

2. pinsedag hadde eg avtalt med mamma at eg skulle besøkja ho på Voss. Ho var nemleg veldig uheldig ei tid tilbake, så ho har dei siste 3 vekene vore på rehabilitering på Voss. Tok toget til voss 10:28 og var på Voss litt over halv 12. Etter ein liten misforståelse så fant vi kvarandre :)

Vi satt oss på ein kafe på Vossevangen og kosa oss i sola, fekk oss litt mat og kosa oss vidare. Mamma smaka Nachos for fyrste gong i sitt liv der :) Det var meininga å ta turen opp med Hangursbanen, men etter å ha sett opp fjellsida eit par gongar så virka det til å vera lite trafikk opp den idag. Må ha den til gode med andre ord. Når vi begge hadde fått vannblemmar på føtene så tok mamma taxi til sitt og eg toget til Bergen att. Avtalte undervegs å møte Tove litt seinare.
Bileta over er av ein museumsgard og kyrkjespiret på Voss Kyrkje.

The Eagles hadde nemleg konsert i Bergen by på kvelden, og vi hadde under rømmegraut spisinga snakka om å stikka på Utsikten på Tippetue for å sjå korleis ein stor konsert tok seg ut frå den vinkelen i finværet. Bilete til høgre visar folkehavet, men her er vi komt litt nærmare byen då. Var kjekt å gå Tippetue til Hotel California og andre slagera :)