lørdag 31. desember 2011

Varme hender!

Øverst høyre og nedover: Jorids Fisherman's Friends vott, Herre selbuvott og Kollenvotten, Sjølv"designa" pulsvarmarar med dødningehovud. Øverst til venstre og nedover: Digital Chain votter og Hedgehog/pinnsvin votter
Denne jula har eg hatt eit lite "varme hender" proskjekt på gong. Eg har alltid likt selbu vottar og vottar som er litt uvanlege. I leiten etter spanande oppskrifter på votter har eg i år benytta mønsterbutikkar på nett, internett, bøker om Selbuvottar og designerhjernen min :)

Herrevottar er det som har vore vanskeleg i denne samanhangen. Eg har ikkje mannehender (forståeleg nok). Eg har hatt ein del oppskrifter på herrevottar, men om desse vert store nok når eg er ferdig har eg heller vore litt usikker på. Begge vottepara som er i svart/kvitt er herrevottar. Eg har og redigert begge tomlane på desse vottane. For å vera sikker på at eg fekk store nok vottar så gjekk eg for oppskrifter med mest antall masker. Dei blei iallefall litt for store for mine hender, så håpar dei blei passelege til hendene som skulle fekk dei. Å laga damevottar er litt enklare, då min hender kan benyttast som testarar :)

Pulsvarmarane er laga på eit innspel frå mora til mottakaren. Mottakaren er veldig glad i Pirates of the Caribbean og hadde vist i vore opphengt i pulsvarmarar denne hausten. Så søkte fram eit mønster på dødningahovud og fant ut ca kor mangen masker eg burde ha. Mottakaren er jo kun 7 år. Etter meldingen og mms som eg mottok på julafta så falt dei i smak, og passa relativt ok til bunad :)

Pinnsvin vottane var eit ork å strikka, men du og du kor søte dei blei til slutt. Så kjem nok til å trosse orket for å strikka desse igjen. Og fleire selbuvottar vil det alltid bli, eg syns det er veldig kjekt å strikka faktisk :) Selbuhanskar er heller litt meir bob bob...

Typisk at det blei den varmaste vinteren nesten i mannsminne når eg gjev vottar i julegåve, så eg kryssar fingrane for kaldare vær i januar og februar :)


Vel overstått jul og GODT NYTTÅR alle saman!!

fredag 30. desember 2011

Velkommen Gunvor!


Bjørnar og Hanne blei foreldre til Gunvor den 9. des. Gunvor blei dotter nr 3. Ho er heldig som får to storesystre (Oline og Lykke) som kan passa på ho og læra ho alt ho treng. Ryktene, som eg velgjer å tru på denne gongen, seie at når jentene fekk sjå det nye tilskotet for fyrste gong var der ein del falsett lydar :) Eg måtte kjempa hardt for å ikkje komma med tilsvarande utrop når eg såg Gunvor for fyrste gong, ho var kjempe søt (nett som systrene hennar).

Når eg fekk vita at Gunvor var påveg så spurte eg Hanne kva ho skulle likt å få i babygåve. Det einaste ho kunne komma på er eit pledd eg har strikka før (faktisk inspirasjonen til å byrja å blogga) og det blei sjølvsagt laga. Oppskrifta er frå eit gamalt Sandnes Garn hefte som eg har fått av mamma. Til pleddet var det og ein sparkebukse med hue og sko til. Så dette ville eg og gjerne laga til Gunvor.
Pga eit par små garnproblemer så blei eg ikkje ferdig med dette før etter Gunvor var komt til verda. Med garnproblem meinar eg at eg gjekk tom for garn... Garnet eg brukte var Pickles Baby Merino. Og når eg bestilte nytt så fekk eg feil farge. Så då måtte eg ta kontakt med Pickles og dei fiksa alt for meg, så servicen der er absolutt upåklageleg. Så med korrekt garn i strikkekorga att så fortsatte produksjonen, men den blei litt forsinka. Til gjengjeld så fekk eg møta Gunvor og gitt gåva samstundes, det var veldig kjekt :)


Sidan eg ikkje strikka noko nevneverdig når Oline og Lykke var baby så fekk eg lyst til å gje noko ekstra denne gongen. Denne kjolen strikka eg for lenge sidan, men følte den var perfekt i denne samanhangen.

No gjenstår det å følgja med oppveksten på denne skjønningen og eg gledar meg. Har vore veldig koseleg å vera tilstade i oppveksten til Oline og Lykke så langt.

Snart kan det kanskje bli hytteturar igjen??

søndag 30. oktober 2011

Angry Cake Day

Eg har laga kaka att!

I vår spurte Kristina (ei venninne og kollega) meg, litt på kødd, om eg kunne laga ein Angry Bird kaka til bursdagen hennar. Eg vil berre ha det sagt, eg køddar ikkje når det kjem til kakebaking :)

Men eit problem med dette temaet er at eg er ikkje bitt av Angry Bird basillen. Så hadde ikkje all verda med kunnskap. Men det stoppar ikkje ein stakkars hobbybakar. Det er det ein har internett til og venner med iPhone og Angry Bird. Så lasta ned ein del bilete på nett og fekk spele litt på Kristina sin mobil. Dette ilag med eit par bloggar så forma ideen seg i hovudet mitt.

Bloggane som har inspirert meg til denne kaka er Passion 4 baking, Sweetapolita og Bakerella. Så etter ein del fornøyeleg "research" falt valget på Red Velvet kake. Som eg fylte og dekka med den kvite smørkremmen som eg brukte forrige gong. Eg bestemte meg og for å dekke kaka i marshmellow fondant som eg brukte forrige gong, men denne gongen skulle eg farga den. Så gjenstod det å komma på noko lurt når det gjaldt figurane, for eg viste eg måtte ha 3D figurar på kaka. Då slo tanke meg - Cake Pops!. Eg har lest mykje om dette fenomenet så eg laga eit vanleg sukkerbrød, smuldra det og blanda i Creme Brulee frå Piano til det blei ei masse som kunne formast. Forma og satt i kjøleskapet. Smelta kvit sjokolade som eg farga og dyppa birdsa og pigsa i :) Har brukt fondant til hjelm, nebb og stjert. Mini marshmellow blei auge... Kun fantasien setje grenser. Bakerella er nemleg dødsdyktig på Cake Pops. Eg har benytta Wilton sin fargepasta, veldig bra produkt. Fyrste gongen eg oppleve at fargeprodukt ikkje skille seg i f.eks smørkrem. Eg fant ut at Jernia var forhandlarar av Cacas som igjen forhandla Wilton i mitt nærmiljø, og heldig som eg var så hadde dei Wilton :)

Så den 25. okt var det kakeselskap på jobben, alle lunsjkoleggaer var invitert. Vel overstått Kristina!

mandag 17. oktober 2011

Supersize Bamsemums

Eg har hatt store kakebake planar igjen. I januar iår laga eg stor kaka til Hege sin bursdag. I helga hadde Tommy (forloveden til Hege og god kompis) bursdag. Så på kafebesøk med dei i forrige veke så spurte eg han: Kva ynskje du deg til bursdagen då Tommy? Svaret var enkelt no: Nei, ein pose med bamesmums?
Då byrjar dette hovudet å tenkje, før eg var på bussen heim den kvelden så var kaka ferdig planlagt.
Då var det berre å gjennomføre planen.

Forarbeidet:
Har nyleg falt innom ein blogg som eg berre diggar, kakebakedama frå USA. Sweetapolita lagar kaker som ein berre lurar på om er like gode som dei ser ut på bilete. På hennar blog fant eg oppskrifta til ei vanilje kaka. Stor røre, men veldig god! Anbefalar dei som likar å bake kaker i ny å ne å koste på seg eit litermål som viser Cups, plagsomt å prøve å rekne om til g og dl. Kjøpte og inn bamsemums, måtte jo ha ein modell å teikne etter når eg skulle laga mal. Fyllet eg valgte til kaka var sjokoladekrem med kaffi i. Så det var berre å stabla kaka slik at den er klar for skjæring/forminga.

Ein bamse vert født:
Med malen klippa ut så er det berre å skjære vekk alt som malen ikkje dekker. Så er det å forma kaka slik at den går opp og ned på dei rette plassane, heilt til det som var rektangulær kake med 4 lag likar meir på ein forvokst bamsemums. I det fyrste laget med fyll klippa eg og opp nesten ein heil pose med bamsemums, kvifor ikkje prøva korleis det funkar. Når eg var fornøyd med skjæringa mi så er det å drive med dirty icing som det heiter å godt amerikansk. Det betyr at kaka vert dekka av ein eller annan icing/frosting/fyll/krem. Kvifor gjer ein dette? Jo for at kaka ikkje skal smule over alt når ein jobbar vidare, pluss dersom ein skal dekke kaka med marsipan eller fondant så henge denne fint på kaka. Det hjelpe og til å jamne ut kantar og avrunde hjørner. Eg brukte Cacas sin kvite smørkrem til dette. Bamsen fekk litt rundare formar med denne kremmen :)

Fondant:
Hadde planar om å ha smelta sjokolade over heile kaka, slik som ein ekta bamsemums har. Men for at sjokoladen ikkje skulle trekke inn i sjølve kaka så bestemte eg meg for å laga marshmallow fondant, for fyrste gong. Forrige gong laga eg sukkerpaste, så då måtte eg gjere noko nytt no. Nok ein gong så brukte eg oppskriften eg fant på Cacas. Advarsel: 300 g melis var altfor lite, eg knadde og knadde og knadde og knadde... Heldigvis så blei fondanten metta med melis til slutt, så fekk kjevla den ut og lagt på bamsen. I tillegg så prøvde eg meg på å farge fondanten, så dekka og to "små kaker" aka avkapp. Har då i dette forsøket funne ut at marshmallow fondant treng MYKJE melis men er veldig ok å farge. Så no var det inn i kjøleskapet med kaka.

Ferdig bamse, god nok til å ete opp!:
Den skal trekkast med lys kokesjokolade. Så 3 plater har eg oppi ei skål over vannbad. For at sjokoladen skal bli glattare så har eg i 1 ts kokosfett. Dette satt litt smak på sjokoladen, men det var berre godt :)
Så var storebjørn og lillebjørn klar for fest :)

Med kaffi eller te i koppen så kosa vi oss ein liten gjeng med bamsemumskaka og sjokoladekake. Vi fortsatte med ost og kjeks, så skal love vi var mett etterpå ja :)

Tusen takk for ein strålande kveld Tommy og Hege!!

søndag 9. oktober 2011

5 år på overtid

Vennene mine på Facebook har nok den siste veka lagt merke til at eg har sove på ei madrass på golvet i stova. Kvifor har eg det? Jo eg har pussa opp soverommet. Forrige helg sparkla og pussa eg veggane på soverommet. Eg klarte å velgje farge til veggane og handla inn malingen. Eg fekk og på 2 strøk. Malingen eg valgte var Lady Pure Color i ein grå-grønn farge, og har no lært at den malingen luktar ein del... Det tek og lang tid å lufta ut, derfor har eg lagt på stova heile forrige veke.
Natt til idag var fyrste natta tilbake på soverommet og senga. Der har vore ein del oppgraderingar og i tillegg til at veggane er blitt malt. I sommar fekk eg hjelp av mamma og pappa til å tapetisere eine veggen på soverommet, veldig nøgd med tapeten eg endeleg valgte. Når eg endeleg bestemte meg for maling så funka jo det og. Før hadde eg ikkje bokhyller på soverommmet mitt, dei er flytta inn frå stova idag. Har og laga klar 3 bæreposar med bøker eg skal kvitta meg med. Eg hadde heller ikkje PC bord på soverommet mitt, dette har eg montert idag (har fått blemme i skrujern handa mi) etter at Irene hjalp meg opp i leiligheita med det igår. Så endeleg har eg ein stad å setje laptoppane og skanner/printeren min. Har og fiksa meg ny overmadress til senga mi, sjølv om det ikkje er synleg... Einaste som manglar no er lister, nye gardiner, ei ny taklampe og nattbordlamper. Så nærmt ferdig har aldri soverommet mitt vore :)

søndag 2. oktober 2011

Dette er min Still light tunika. Fyrste gongen eg såg oppskriften så viste eg at den berre måtte eg laga. Den blei strikka kort tid etter eg fekk oppskrifta, og den er i Pickles Baby Merino i grå og røsslyng. Eg elskar det garnet, det er så mjukt og deilegt pluss behagleg å strikka med.

Tunikaen blei ferdig for vel 4 mnd sidan, har berre ikkje fått fingen ut og festa alle trådane. Skulle likt å kunne knipse fingrane mine og alle trådane var magisk festa. Men sidan eg ikkje har slike krefter så måtte eg ta eit tak...

Er veldig fornøyd med resultatet. Har brukt den eit par gongar alt og. Sukk, kven treng kosedressar når dei har ein still light tunika i skapet! Denne skal eg kosa meg i fleire gongar utover hausten og vintaren :)

torsdag 22. september 2011

Fisker og baby

Av og til så får vi alle særdeles gode idear, iallefall så syns vi det sjølv. I forkant av årets blåtur med jobben fekk eg ein slik ide. Tema for blåturen var Maritimt, og på bussen heim frå jobb ein dag så slo det meg... Eg hadde tidleg i min strikkekarriere lagt merke til oppskrifta til nokon huer som var forma som fiskar. Og når ein tek på seg desse huene så ser det ut som at fiskane prøvar å bite av deg hovudet. Så inn på nettet og fant oppskrifta på Knitty.

Fant fram restegarn og strikkepinnar og kasta meg over oppgåva. Fant og ut at denne ideen var så bra at eg måtte dela med andre. Så til slutt så blei det 4 fiskar, ein heil liten stim :) Huene falt såpasse i smak at eg vant ein premie for godt påkomme "utkledning". Fekk og bestilling frå ein kollega på denne rosa fisken på bilete. Den blei avlevert og særdeleg godt mottatt denne veka, noko som var veldig kosleg. Så det gjenstår kun å spela premien min, nemleg Boules.

Andre kollegaer driv med babyproduksjon. Det har ikkje vore ynskje om å dele kunnskapen om kva kjønn denne nye verdensborgaren skal få, før etter garnet var bestilt (på Pickles) og hentesettet var påbegynt. Men uansett kjønn så håpar eg settet fell i smak. Den vordende mora må berre komma tilbake på jobb etter sjukefråværet sitt... Oppskriften er Pickles sitt Melkers Hentesett strikka i Pickles Extra Fine Merino. Knappane er bestilt på etsy.

onsdag 14. september 2011

Helga som kunne regna vekk, men gjorde det ikkje...

Helga som allereie følast milevis unna (altså den siste helga), var begivenheitsfull i Bergen by. Der var Bergen Matfestival, Bergenhusdagene, skipet frå Pirates-filmane låg til kai pluss ein del gamle kjenningar (Stord I, Granvin og Oster bl.a). Og særdeles skiftande vær, noko eg reknar med ein kan sjå på bileta under. Så innimellom sveler, sol, fotografering, fiskekaker og øs pøsande regnvær så var det tid for å ha det kosleg og.
På bileta ser vi kor gråsporven kosar seg i Skomakerstredet, godt gamalt øs pøsande regnvær med særegen karakter, skipet Bounty (bygga for filmen "Mytteriet på Bounty" på 70-tallet) som har hatt rollen som The Black Pearl i Pirates of the Carribean-filmane, og galningane i riggingen er på Statsraaden. Tusen takk for lufteturane til Kristina og Kenneth på laurdagen og Tommy og Hege på søndagen. Blei lite sparkling, men ville jo ikkje vore utan sveler, godt selskap og omvisning i Rosenkrantztåret på Festningen heller... Sparkle kan eg gjere til helga att :)

tirsdag 13. september 2011

Hyttetur - makrell og tyttebær!

Siste helga i august måtte eg benytta siste sjansen til å bruka bilen eg var bilpassar til heile sommaren. Var meininga å reise heim til sogn, men foreldra mine hadde planar om å reise på hyttetur til Skifjorden. Der var meir enn nok plass til at eg kunne vera med dersom eg ville og, så kvifor ikkje. Pakka sekken torsdagskvelden og pakka alt i bilen når eg reiste på jobb fredagsmorgonen. Reiste direkte frå jobb mot ferja på Oppedal - Lavik. Der møtte eg mamma og pappa og fulgte dei resten av vegen.

Fredagskvelden slappa vi av, blei med kveldsmat og preik før alle la seg rimleg tidleg. Hadde nemleg fått grei beskjed om at det skulle fiskast denne helga, og vi kunne ikkje vera for seint ute på vatnet.

Laurdagen byrja med felles frukost. Så steika vi kvar vår omelett som vi pakka med oss til nistepakke, ilag med ei kanne kaffi og ein liten termos te. Det regna denne dagen, så utkledd som småungar påveg til barnehagen i Bergen så gjekk vi til båten :)
Med himmelen i hovudet og regn i fjeset så tøffa vi utover fjorden, runde fyrtårent og la oss til. Slapp uti to pilkar med tyttebærkrokar og ei fiskestang med diverse. Plutseleg så ville ikkje pilkane synka meir, og når vi byrja dra opp så var dei snøra definitivt i live. Å dra opp eit snøre og sjå 4-5 raske makrellar på tyttebærkrokane er eit rush. Var veldig gledeleg og sidan vi hadde jo håpa på å kunne få litt makrell og då. Etter eit par gongar der snøret aldri kom halvveges til botn og ca 30 makrell seinare så satt vi foten ned (bøtta var FULL). Så utpå fjorden så måtte pappa byrja å sløye, noko stor måken likte veldig godt :) 6 timar seinare og ca 30 makrellar rikar så reiste vi heim.

Heldigvis så fekk vi litt opplett på søndagen, så då fekk vi alle nyta utsikten og terrassen. Eg fekk og plukka eit par verkelege tyttebær utan krok. Desse fekk farmor, ho er veldig glad i rørte tyttebær. Etter stekt makrell til middag og ein kjapp utvask så gjekk vegen heim att. Ei strålande helg må dette definitivt kallast :) Tusen takk mamma og pappa!!

søndag 14. august 2011

Tida flyr...

Eg har hatt ein LANG bloggtørke, for å seie det mildt. Den blei faktisk like lang som vinteren vi fekk denne gongen. Rett før snøen forsvant og livet byrja å komma tilbake til Noreg så gjekk det opp for fleire av meg og mine venner at vinteren hadde vart i 6 mnd. Min blogg tørke har vore litt lenger, men skal no prøva å oppsummere tørketida slik at eg kan komma igong att med ny frisk :) Vinteren var lang, men der var eit par flotte dagar då og.
I vinter blei eg veldig hekta på å strikke selbuvottar, sokker og inne-strikke-sko. Reknar med å selgja til folk på jobben. Det er ikkje den varmaste plassen på jord på kalde dagar, så der er det behov for varme plagg. Blei hekta på mønstera til Jorid, så vottane i effektgarn er begge hennar mønster. Mønsteret til dalahesten hugsar eg ikkje kor eg fant no. Den raude og gule votten er Stjørdalsvotten, fant den som kit på Værnes flyplass påveg heim frå eit møte i Trondheim, måtte berre kjøpa :) Alle er strikka i reint ullgarn av forskjellege typar. Inne-strikk-skoa mine har eg i det siste strikka i Colorado, kjøpt her. Oppskrifta til Inne-strikke-skoa er kjøpt hjå Ateljè Margarethe. Sokkane hugsar eg ikkje kva mønster eg har benytta, men det lilla garnet er arwetta. Der vert nok meir av dette gjennom året :)
I februar blei eg og bror min invitert til å møta mamma og pappa i syden for ei veke med sol, avslapping og ikkje minst familiehygge. Det var deilegt!! Kor mangen er det som reise til syden, kjøpe seg eingongs grill og grillar pølser og småpølser på plenen? Storkosa oss!!
I påsken har eg og bror min dei siste 4-5 åra laga 3-retters middag til heile familien. Vi pønskar ut menyen eit par måndar i forvegen, planlegge kven som handlar inn kva, så kokkelerar vi ilag og byr på god mat og drikke. Iår laga vi skalldyr risotto til forrett. Kalvesteik med fløtegratinerte poteter og diverse grønnsaker. Til dessert hadde vi laga pannacotta med bærcoulie. Vi blei alle like mett som etter jule og nyttårsmiddagane :)
Har hatt ein liten tur til Luxembourg. Ein flott plass og definitivt vert å besøkja. Så neste gong du har lyst på ein storbyferie men ikkje veit akkuratt kva storby å besøkja, vurder Luxembourg sterkt. Resten av Europa er kun korte togturar unna, f.eks Paris er 2 timar hurtigtog, Trier (Tyskland) er kun 30 min togtur unna. Men Luxembourg har mykje å by på av ting å sjå og historie. Folk var veldig hygglege, maten var god, shopping og sightseeing m.m :)
Der har vore forøkningar i verda, og nokon har faktisk eg og strikka til (og hekla faktisk). Dette blei eit sommarbarn, født 2-3 veke for tidleg. Eg fant ut at ei jakke i tynn bomull, og oppskrift blei Garder Yoke Baby Cardigan. Pleddet er enkle bestemorsruten i Spar Kjøps Baby Superwash. Kjekt å høyra at begge deler vert brukt regelmessig :) Kanksje eg må strikka ein vintersett til vetleguten Sander til vinteren?? :)
Sommarferien har eg tilbrakt heime i Sogn. Rundt huset har det florert med småfuglar, meir enn noko år tidlegare. Reknar med det er eit resultat av pappa sin trufaste mating av alle småfuglar dei siste par vinterane. Det er ei fryd å sjå og høyra alle småfuglane, men det er og moro å prøva å fotografere dei. Kamera låg alltid klart med telelensa klar denne sommaren. Under er eit lite utdrag av det vi hadde i hagen :)
Dette er noko av det eg har gjort på i bloggtørketida mi når eg ikkje har sete i sofaen med strikketøyet i fanget, vore på trening, vore med venner, spelt brettspel o.l.
Håpar no å komma igong med litt meir regelmessig blogging att. Det er litt med blogging som med slanking og trening, det er tungt å komma igong men når ein fyrst er komt igong så går det delvis av seg sjølv :)

søndag 30. januar 2011

Kake - American style

Eg laga KAKA i helga, skikkeleg american style. Lysten har vore der lenge, så når Hege hadde bursdag så følte eg tida var dags for å prøva seg. Så byrja å planlegge der og då. Var innom mangen tema fær eg fekk ideen til å laga ein Sugar skull, og den ideen satt seg fast :) Til høgre er ein av mangen inspirasjonskilder.

Så då var ideen klar, men kva kaka ville eg ha, kva kremmar, korleis ville eg pynta den osv. Så tok for meg internett og ein liten tur på bakebutikken. Så kakene blei bestemt fyrst; cappoccino kaka, kokoskaka og sjokoladekaka. Så var det kva som skulle vera mellom kakene og kva ville eg ha oppå kaka. Mellom laga blei det kaffesmørkrem. Utanpå blei det vanilla icing og heimelaga og heimefarga sukkermasse. Og alt, bortsett frå sjokoladekaka, laga eg for fyrste gong i helga.

Fredagen steika eg alle langpannene. Laurdagen laga eg kremmane, stabla kaka, kutta den til, laga sukkermassen og farga den, kjevla den ut og dekka kaka. Og så pynta deg den med marengs icing, sukkermasse (blomstra, stjerne, hjarte m.m), sølvkuler og tusj med matfarge. Blei ferdig og henta med kaken ca 19:30 laurdag kveld. Tente lysa og ringte på dørklokka, kjekt å komma med kaka på litt anleis måte :)
Søndagen laga eg pikekyss av resten av marengs icingen. Dei såg giftige ut fekk eg vita av døtterene til eit vennepar, men dei var vist berre farlig gode :)
.
Har allereie byrja å tenkje på kva kaka eg skal laga neste gong, for dette var veldig kjekt :)