torsdag 31. januar 2008

Ferdig...


Jippi!!

Då var eg ferdig med mitt aller fyrste par med Jaywalkers :)
Desse sokkane var faktisk veldig kjekke å strikka, og som Fru Turøy har fortalt så var dei skikkeleg gode å ha på seg :)










Sidan dei var så kjekke å strikka har eg kjøpt inn meir garn i nye fargar, litt meir maskuline kanskje. Så det og 8 maskar ekstra så håpar eg det skal bli eit par sokkar til kjæra pappa. Han er fyrbøttaren heime så kan likar godt varme sokkar. Og vert jo ekstra bra når dei er så passe funky som Jaywalkerene er :)





Talking about funky, her om dagen var det eit skikkeleg funky lys som kom over bakketoppen eg ser frå stove vindauga. Fekk teke eit par bilete som eg like og legg difor ut eit av dei.

Just for fun :)

mandag 21. januar 2008

And the award goes to...


Her kjem eg uvitande på jobb og går gjennom lista av faste nettsider og bloggar som sjekkast kvar morgon, og der har Irene gitt meg ein award. Er jo totalt mållaus, har jo ikkje fått tid til å forbereda ein tale då dette kom veldig brått på. Men vil gjerne nytta sjansen til å takka mamma, pappa og bror min. Irene for å tenna strikkefakkelen i meg igjen. Ynskjer og Tove og Veronica lukka til med blogging og framtidige strikkeprosjekt (og hekling). Håpar 2008 byr på mange kjekke strikkeklubbar og kanskje nokon kafetura med strikketøy og strikkelunsjar :)

Stod at awarden skulle gis vidare til 10 sjelar, men kjenner for få som har blogg så vert med 3 for min del... Litt trist då eg gjerne skulle sendt awarden vidare til haugar av folk... Jaja, til neste år :)

Er ein smule bitt av basillen og håpar ikkje eg vert kvitt basillen på lenge endå :)

lørdag 19. januar 2008

2008 - nye prosjekt - nye utfordringar



Eg tok litt av her om dagen, fekk så sinnsjukt lyst til å laga noko eg ikkje hadde laga før. Eit resultat er det søte paret med babytøfflar. Ein kollega ventar småfolk no om dagane og alltid kjekt å gje noko til nye borgarar.






Her rett før jul byrja eg på mitt tredje pledd. Mangen trur sikkert eg er gal som byrjar på nok eit pledd, men det er eit genialt prosjekt å berre ha liggande. Denne gongen er det grønn-fargar. Ikkje komt langt endå, men det skal strikkast på når alle andre prosjekt er kjedelege. Usikker på kven som skal få det eller om eg skal behalde det sjølv.




Med tanke på tidlegare prosjekt som ikkje er fullført endå så veit eg ikkje heilt om eg tørr å innrømma at eg har byrja på nytt klesplagg-prosjekt. Ein vest dennen gongen som er ein blanding mellom strikking og hekling. Eg har prøvd litt, men då eg absolutt ikkje er stiv i hekling trur eg eg skal finne nokon med haugar av heklekompetanse til å hjelpa meg. Tove vert truleg den utskremte.



Og sist men ikkje minst så kom eg på den lure idèen med å strikka sokkar av spraglete garn. Kanskje eit aldri så lite sympati-prosjekt kan ein kalla det og. Tove og Veronica strikkar om dagane sokkar på tynne pinnar. No har eg og eit sokkeprosjekt på pinnenr 2.5. Veldig spent på korleis sokkane vert med slikt spraglete garn :)

Eg får komma meg tilbake til strikkepinnane :) Så god helg alle saman.

onsdag 16. januar 2008

2008's fyrste Strikkeklubb

Onsdag 16. januar 2008 kl 19:00

Det samla seg 10 jenter i stova hjå Tonje for å strikka. Stovebordet var dekka med stangselleri, oppkutta gulerøtter, druer, dipp og SMASH sjokolade. Brus var sjølvbetjening på spisebordet.

Heilt utruleg å sjå kor flinke alle er blitt, spesielt med den varierande graden med strikking folk hadde frå før strikkeklubbdagane. Det var strikking av rimleg kompliserte sjal, vestar, trøyer, babyhuer, jentehuer, babypledd. Nokon prøva seg til og med på hekling.

Personleg så blei eg ferdig med dei to stykka som ein ser på bilete til høgre, som visar før monteringa. Bilete under visar kvar det vert etter eit par sømmar :)

Ellers så skjems eg over at eg ikkje har komt med noko nytt på bloggen min før no. Eg har heller ikkje bilete å visa kor produktiv eg var i førjula. Men får reisa rundt om og få tatt eit par bilete og legge bevisa ut etter kvart. For nesten alle julegåvene mine iår hadde heimelaga innslag iform av strikk.

No er det langt over sengetid. Tidleg opp på jobb imorgon og, i tillegg så SKAL eg på trening rett etter jobb. Skal bli flink å trena att, har vore altfor slapp dei siste par mnd :(

Nyårsforsettet mitt iår får vera å oppdatere bloggen oftare enn i byrjinga.