Viser innlegg med etiketten Strikkemetode. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkemetode. Vis alle innlegg

mandag 21. september 2009

Two down...

... fire gjenstår.
Då snakkar eg om lista over påbegynte prosjekt som eg har lova meg sjølv å fullføra iløpet av hauste. Denne gongen er det Uglekjolen. Etter å ha sett mangen bilete av denne kjolen på nettet så handla eg oppskrifta og garn. Det tok ei god stund før eg byrja å strikka på den. Tok og ein liten pause, sjølv om det er prosjektet eg har hatt kortast pause frå på lista mi.
Når eg kom skikkeleg igong så blei det veldig kjekt å strikka kjolen. Uglene var litt knotete, men det er mest fordi eg er litt ny til flettestrikking. Men fekk det til, så er veldig stolt av meg sjølv. No gjenstår det kun å finne nokon som fortjenar den.
Ellers så jobbar eg jamt og trutt med lista mi, er godt igong med nesten fullføring. Men har strikka hull i peikefingen min, og med teipa fingertupp er det litt "ekkelt" å strikka. Det går med andre ord litt seinare enn vanleg, men det har ikkje stoppa opp :)
Framleis fin veke og happy strikking til alle :)

onsdag 13. mai 2009

Mariustunika

Frå fyrst augenblikk eg såg bilete av Mariustunikaen så viste eg at den måtte eg laga. Bilete såg eg på Hobbyboden, så hadde ikkje nokon oppskrift og jakten var igong. Heldigvis så blei jakten kortvarig. Birkus kunne nemleg fortelja meg at ho fant den i eit ukeblad, så eg fekk låna.

Så var spørmålet kva fargar og garn eg skulle laga den i. Oppskrifta sa alpakka, men det slo eg kjapt frå meg. Eg er ikkje dreven nok i å stikka mønster til å bruka mykje peng på alpakka. Eg falt derfor på Silja frå Spar Kjøp og som bilete visar blei det brun, kvit og lyse grøn. Ca 150 kr for garn til eit stort handarbeid er ikkje gale.

Fram mot 1. mai helga strikka eg for harde livet, for då skulle familien min komma på besøk. Mamma er ein racer på å strikka, så eg ville ha tips om korleis strikka med fleire fargar utan at det vert snurpete. Jaggu meg klarte ho å visa meg nokon lure triks :)

Eg er veldig nøgd med tunikaen, og syns eg fekk mønsteret veldig bra til. Så TUSEN TAKK Mamma!!! No må eg berre strikka litt meir mønster framover slik at mønsterstrikking kjem inn i fingrane :) Strikkehorisonten min har utvida seg litt meir no.

tirsdag 20. mai 2008

"Kitchner Stitch" ala Farmor (med strikkepinnar)

Fyrste gongen eg lærte meg å strikka sokkar lærte farmor meg å laga hælen på ein veldig ulike måte frå nokon andre. Når eg byrja å strikka denne gongen så ser eg at resultatet av denne hælen liknar veldig på det ein får etter Kitchner Stitch. Men på farmor sin måte så strikkar ein alt og vrangsida ser litt anleis ut. Skal prøva å forklara korleis ein gjer det her.

Legg stykkene som skal strikkast saman med vrangsida mot kvarandre. Det viktigaste å hugsa på når ein skal gjere dette er at tråden ein strikkar med alltid skal vera på rettsida av strikket, altså alltid foran ein pinne.

Så er det berre å byrja strikka masker saman. Sjølve strikketøyet snur ein ikkje, ein berre stikkar saman maskar på sida mot eller frå ein. Ein byrjar alltid på motsatt pinne av den som tråden ein strikkar med er festa i. Eg byrja difor på bakerste pinne, med å strikka to maskar saman.

Når ein har stikka to maskar saman så må ein setje den ny maska tilbake på pinnen vi strikka på og flytta strikketråden frå baksida til framsida av strikket.
Og så er det å gjere det same ein gong til. Strikk to maskar saman, plasser den nye maska tilbake på pinnen, flytt tråden tilbake til "baksida" av strikketøyet.

Så er det berre å fortsetja til der er ein maske att på kvar pinne. Utgangspunktet bør sjølvsagt vera likt mange maskar på kvar pinne slik at ein går i null når ein er ferdig.
Når der er to maskar att kjem det sjølvsagt an på kva ein lagar. Lagar ein sokkar så vil ein no plukke opp på sida av hælen og fortsetje sokken framover og fordelt dei siste to maskane. Dersom ein skal ha ein ende her har eg pleid å ta siste nye maska bak masken på det som vil bli siste pinnen som skal strikkast. Så strikka desse maskene saman og dratt tråden gjennom og festa.

Resultatet på vrangen etter denne samanstrikkinga vert som vist på bilete til høgre. Dersom nokon lurar så er det ikkje ubehagleg å gå på desse maskene dersom ein lagar hæl på denne måten.




Rettesida av strikketøyet vert som på bilete til venstre. Eg har brukt denne måten å avslutte tuppen på alle Jaywalkerane eg har strikka. Skulderpartiet på kjolen eg strikka har eg og strikka saman på denne måten, og det er ikkje noko ubehag av vrangsida.

Det er berre for folk å sjekke kva dei syns om denne måten å avslutta på usynleg. Eg syns nemleg Kitchner Stitch er vanskeleg, sjølv om eg har brukt den og. På eit skjerf som skulle vera synleg frå begge sider (retten og vrangen) så då valgte eg Kitchner Stitch.

Grunne til at eg har laga dette innlegget er fordi eg ikkje har møtt nokon som kunne eller har sett denne metoden å strikka på nokon stad. Tvilar ikkje på at den er der ute, men då eg heller ikkje veit kva strikkemetoden heiter/vert kalla så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter. Men kanskje nokon prøvar denne og syns dette var litt kjekk å kunne så legg den ut uansett.