søndag 25. oktober 2009

Vielen dank Berlin


Eg og Tove har vore på storbyferie til Berlin :)
.
Etter 2 timar med forsinkelsar frå Flesland heiv vi oss rundt i Berlin. Allereie fyrste kvelden hadde vi satt Holocaust Monomentet, Brandenburger Tor og Reichstag. Det meste blei by night, men det var jo ein opplevelse i seg sjølv for Berlin er ein by som LIKAR å bruka lys.
.
Vi var heldige med været, vi har for det meste hatt sol eller lettare overskya, fyrst natt til avreisedagen kom regnet. Så vi har sett MASSE, bileta her er berre eit utdrag av ialt 534 bilete som eg tok på turen. Bileta visar over : Berliner Dom og Brandenburger Tor. Under : Kaiser-Wilhelms Gedächtniskirche by night, Fernsehturm og inni Holocaust Monomentet.
.
Vi dreiv hovudsakleg med sightseeing, så føttene våre fekk gjennomgå ein god del. Verkande føtter pleia vi godt kvar kveld når vi kom "heim". Vi hadde nemleg badekar på hotelrommet vårt, så vi satt to stolar forran badekaret, fylte det med varmt vatn og brusbadkule, stakk føttene nedi og kosa oss med strikketøy og te. Dette kan anbefalast på det sterkaste :)
.
Tove hadde tatt ut ei liste over garnbutikkar i Berlin, men den låg att på stovebordet når ho reiste. Men ho hugsa at KaDeWe (nordeuropas største handlesenter, eller noko slikt) skulle ha ein garnavdeling. Denne fant vi i det minste. Den var ein liten del av ein avdeling som heite Idee KaDeWe som hadde ALT innan hobby. Der var sjølvsagt mykje flott garn, men eg klarte å komma med utav butikken utan meir garn. Einaste eg kjøpte var ullfiber som eg skal bruka til nokon vottar eg vil prøva å laga.
.
Sit framleis å går gjennom alt eg har vore med på og sett, men er på langt nær ferdig endå.


Tusen takk for turen Tove :)

søndag 18. oktober 2009

Då inspirasjonen kom og tok meg

For ei tid tilbake var eg innom ein blogg der det var snakka om handlaga knappar på etsy. Eg likte veldig godt det eg såg og vips så var det bestilt ein del knappar. Vel 1 veke etterpå var knappane i postkassen min med takkemelding og beskjed frå Aimee, ho som lagar knappane :) Eg falt då endå meir for knappane og vips så var det bestilt endå fleire knappar... Bilete til venstre er forsending nr. 2.

Så for den som ynskjar ein spesiell knapp til det spesielle plagget eller strikketøyet bør nett sjekke ut AimooBaroo.

Så skjer det veit du, inspirasjonen kjem hoppande opp og bite meg når eg minst ventar det. Hadde leste Allers sit Juleblad og nett fått fyrste sending med knappar. Og kva anna finn eg på enn at eg skal prøva å laga eit par knappar sjølv. Resultatet er så som så, men det er fyrste batchen. Dette er truleg ein kunst som må finpussast :) Er alikevel stolt nok av produksjonen til å visa den her. Kanskje kjem der andre seinare.

lørdag 17. oktober 2009

Selbuvottar

Eg er ingen dreven mønsterstrikkar, men er full klar over at øvelse gjer meistar. Har meistra det å strikka med 5 pinnar for ei tid tilbake, så selbuvottar følte eg kunne bli neste steg :)

Desse har eg laga i Kauni effektgarn. To forskjellege fargeeffektar som bevegar seg mot kvarandre. Votten til høgre er strikka fyrst, og ser ein etter er der litt restar av lillafargen nederst på venstrevotten. Syns det er kult med slike effektar og fekk her prøvd det på ein ny måte. Så ja det ser ut som to forskjellege vottar, men dei høyre saman :)

Mønsteret har eg kjøpt av Jorid, kjøpte faktisk mangen mønster den dagen og skal strikka dei og :)

Five down...

Kun 1 prosjekt gjenstår :) Så dette ser lyst ut, sjølv om eg veit eg treng litt tid på det siste prosjektet. Heldigvis har eg gode, dyktige venninner som kan hjelpa meg. Så no er Tove og Kristin advart :)
.
Anyway... Desse sokkane trur eg er etterlengta :) Lova for ei god stund at eg skulle laga dei, men gjekk tom for FreeStyle mørke raud :( Etter litt detektivarbeid fant eg ut at den fargen var gått ut på dato. Eg tenkte så at sokkane ikkje skal brukast på dans og kjøpte ein annan raudfarge og fortsatte. Sokkane er strikka i FreeStyle, diverse fargar. På sokkepinnar 4.5. Og etter god gamal norsk tradisjon; ribbestrikk ned til hælen. Har fortsatt ribbestrikket ut over vristen og.
.
Dette paret er strikka litt lenger enn det fyrste paret eg strikka. Anja, som skal få desse sokkane, prøvde typen sine, det fyrste paret eg laga, på telttur i minus 2,5 grader. Ho var varm og god der sokkane hadde vore på, men frå sokkane og opp - Not so much... Så desse sokkane er blitt heile 60 cm lange med hælen. Så Anja: Prepare to keep warm :D

Four down...

To gjenstår... For dei som ikkje har fått det med seg så har eg plukka fram 6 prosjekt som SKAL fullførast innan året er omme. Virkar som det var akkuratt det sparket bak eg måtte gje meg sjølv :)

Denne babybodyen er delvis strikka etter oppskrift, så langt det er mogleg etter eit oppskrift som skal strikkast fram og tilbake når eg velgjer rundt på rundpinne...

Body'en er strikka av Viking Milk n' Honey garn. Skikkeleg mjukt og deilegt :) Har hamra fast trykknappar i skrittet for lett bleiebytte og sydd i søte knappar med litt glitter i halsåpningen.

No gjenstår det kunne å finne ein liten baby som har lyst til å skitne denne ut :)

søndag 4. oktober 2009

Three down...

... three to go. Nok ein gong er det den private utfordringen min.

For ei tid tilbake fekk eg Opal Bambus garn av Anna-Maylén, deilegt sokkegarn. Har sidan det byrja og rakna opp att sikkert 3 sokkemønster. Men dette siste mønsteret likte eg best så då blei det endeleg eit par sokkar gitt, akkuratt tidsnok til hausten. For hausten er kom til Hordaland med full styrke alt *sukk*.

Garnet var behagleg å strikka med og med korte fargeforandringar. 50% superwash ull, 35% bambus og 15% polyamid, interesant :) Mønsteret er frå Garnstudio, sjå her.

Idag skal eg teste ut sokkane og finne ut om garnet også er varm og godt :) Så tusen takk for garnet Anne-Maylèn :)

fredag 2. oktober 2009

Se opp - 3D kino opplevelse

3 D kino har eg aldri vore på før så dette var stort. Og det at det var ein Disney/Pixar film gjorde alt berre mykje betre. Så for dei som ikkje har forstått alt endå så er eg ein STOR Disney teiknefilm fan :)

"Se Opp" går på kinoar over heile landet no om dagane, "Up" heitar den orginalt. Koseleg film om kjærleik, det å møte nye venner og halde det ein lovar, blanda med action og komedie. Mykje vaksen humor ilag med humor som barn likar og forstår. Med andre ord ein opplevelse for heile familien. Eg anbefalar den STERKT!

Ser eg ikkje lekker ut i 3D brillane??