Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg

søndag 15. januar 2012

Brisbane - Australia

Oppe, venstre - høgre: 1) Vi (minus Cathrine) står på ein av fleire bruer som krysser elva som renne gjennom Brisbane.  2) Brisbane skyline. 3) Høljeregn, vi har søkt tilflukt i ein undergong. Fekk tida til å gå med sang :) Nede, ventre - høgre: 4) Brisbane hadde sitt eige parisarhjul. Ved sida av det stod The Nepal Peace Pagoda. Camilla poserar på ein elefantstatue. 5) Lett galopp ned strandpromenaden. 6) Eg og Camilla har lukta oss fram til ein lokal garnbutikk i Fortitude Valley. Begge handla :)
Eg er tilbake i Australia for dei som ikkje har forstått det utifrå forrige post. Desseverre så gjer dette landet/kontinentet slikt inntrykk på meg at eg verken klarar å velgje ut få bilete eller å fatte meg i kortheit om turen... Så for dei om ikkje orkar så er det berre å skumme gjennom dette og dei neste innlegga, eller hoppa direkte over dei :)

Har no vore her litt over halvparten av ferien. Følar eg har gjort mykje, men der er og så sinnsjukt mykje meir eg skulle likt å gjort. Men det som er gjennomført og opplevd er tur til Brisbane. Meg, Camilla, Leyla og Cathrine (kollektivet til Camilla) bestilt oss fly oppover and of we went. Værutsiktene var ikkje allverdas dessverre. Vi har gått litt rundt, men hovudgrunnen til reisa til Brisbane er alle parkane som ligg rundt denne byen. Men i Brisbane fekk vi sett litt, opplevde down pour (høljeregn) og fekk dekka eit aldri så lite garnbehov. I Brisbane fekk vi eit 4 bed dorm for oss sjølv på eit hostel. Det blei basen vår og turen gjekk nesten dagleg med tog til og frå ein park utanfor byen. Der kjem eigne innlegg om parkane, heile 4 parkar faktisk :)

onsdag 14. september 2011

Helga som kunne regna vekk, men gjorde det ikkje...

Helga som allereie følast milevis unna (altså den siste helga), var begivenheitsfull i Bergen by. Der var Bergen Matfestival, Bergenhusdagene, skipet frå Pirates-filmane låg til kai pluss ein del gamle kjenningar (Stord I, Granvin og Oster bl.a). Og særdeles skiftande vær, noko eg reknar med ein kan sjå på bileta under. Så innimellom sveler, sol, fotografering, fiskekaker og øs pøsande regnvær så var det tid for å ha det kosleg og.
På bileta ser vi kor gråsporven kosar seg i Skomakerstredet, godt gamalt øs pøsande regnvær med særegen karakter, skipet Bounty (bygga for filmen "Mytteriet på Bounty" på 70-tallet) som har hatt rollen som The Black Pearl i Pirates of the Carribean-filmane, og galningane i riggingen er på Statsraaden. Tusen takk for lufteturane til Kristina og Kenneth på laurdagen og Tommy og Hege på søndagen. Blei lite sparkling, men ville jo ikkje vore utan sveler, godt selskap og omvisning i Rosenkrantztåret på Festningen heller... Sparkle kan eg gjere til helga att :)

tirsdag 13. september 2011

Hyttetur - makrell og tyttebær!

Siste helga i august måtte eg benytta siste sjansen til å bruka bilen eg var bilpassar til heile sommaren. Var meininga å reise heim til sogn, men foreldra mine hadde planar om å reise på hyttetur til Skifjorden. Der var meir enn nok plass til at eg kunne vera med dersom eg ville og, så kvifor ikkje. Pakka sekken torsdagskvelden og pakka alt i bilen når eg reiste på jobb fredagsmorgonen. Reiste direkte frå jobb mot ferja på Oppedal - Lavik. Der møtte eg mamma og pappa og fulgte dei resten av vegen.

Fredagskvelden slappa vi av, blei med kveldsmat og preik før alle la seg rimleg tidleg. Hadde nemleg fått grei beskjed om at det skulle fiskast denne helga, og vi kunne ikkje vera for seint ute på vatnet.

Laurdagen byrja med felles frukost. Så steika vi kvar vår omelett som vi pakka med oss til nistepakke, ilag med ei kanne kaffi og ein liten termos te. Det regna denne dagen, så utkledd som småungar påveg til barnehagen i Bergen så gjekk vi til båten :)
Med himmelen i hovudet og regn i fjeset så tøffa vi utover fjorden, runde fyrtårent og la oss til. Slapp uti to pilkar med tyttebærkrokar og ei fiskestang med diverse. Plutseleg så ville ikkje pilkane synka meir, og når vi byrja dra opp så var dei snøra definitivt i live. Å dra opp eit snøre og sjå 4-5 raske makrellar på tyttebærkrokane er eit rush. Var veldig gledeleg og sidan vi hadde jo håpa på å kunne få litt makrell og då. Etter eit par gongar der snøret aldri kom halvveges til botn og ca 30 makrell seinare så satt vi foten ned (bøtta var FULL). Så utpå fjorden så måtte pappa byrja å sløye, noko stor måken likte veldig godt :) 6 timar seinare og ca 30 makrellar rikar så reiste vi heim.

Heldigvis så fekk vi litt opplett på søndagen, så då fekk vi alle nyta utsikten og terrassen. Eg fekk og plukka eit par verkelege tyttebær utan krok. Desse fekk farmor, ho er veldig glad i rørte tyttebær. Etter stekt makrell til middag og ein kjapp utvask så gjekk vegen heim att. Ei strålande helg må dette definitivt kallast :) Tusen takk mamma og pappa!!

tirsdag 6. juli 2010

Betre seint enn aldri...

Oddis har sykla Bergen / Voss i år og...

Han fullførte og satt ny personleg rekord, så hatten av for han og fyrverkeri :)

Fullført ritt blei feira med avslapping på hytta til Bjørnar med familie. Det etter at Oddis hadde vaska kroppen i eit tjern på fjellet. Som bilete gjev inntrykk av så var ikkje temperaturen til å ropa hurra for.

God mat, godt selskap og masse avslappning. Kunne ikkje bli betre fyrste helga i juni 2010.

søndag 10. januar 2010

Ulriken med kamera


No i veka informerte Tove meg om at vi skulle på Ulriken på laurdagen dersom været var flott. Viste seg at ho hadde fått tak i 2 gratisbillettar med Ulriksbanen og vi skulle på fotosafari dersom været var upåklageleg.

Når eg vakna igår skinte sola og været var definitivt upåklageleg. Vi avtalte å møtast i sentrum for å ta ein buss oppover til Haukeland sjukehus. Ein liten spasertur oppover til banen og vi var godt påveg.

På toppen var det kaldt, men flott. Kameraene blei tatt fram og utsikten blei fanga om og om igjen. Tove klarte til og med å gøyme seg frå meg der oppe. Når eg endeleg fant ho igjen og autofokusen på kamera mitt hadde slutta å funge gjekk vi inn på restauranten og handla oss lunsj (lapskaus). Den nye restauranten hevar kvaliteten på turen til toppen no, i forhold til før.

Når sola byrja å nærme seg horisonten kledde vi på oss og fotograferte vidare, eg måtte då fokusere manuelt. Ikkje nødvendigvis enkelt når kulden gjer at augene renner, ting vert aldri heilt i fokus...
.
Men det var kjempekjekt å ta turen på Ulriken for å fotografere og berre slappa av. Tusen takk for turen Tove, la oss gjere dette igjen :)

søndag 25. oktober 2009

Vielen dank Berlin


Eg og Tove har vore på storbyferie til Berlin :)
.
Etter 2 timar med forsinkelsar frå Flesland heiv vi oss rundt i Berlin. Allereie fyrste kvelden hadde vi satt Holocaust Monomentet, Brandenburger Tor og Reichstag. Det meste blei by night, men det var jo ein opplevelse i seg sjølv for Berlin er ein by som LIKAR å bruka lys.
.
Vi var heldige med været, vi har for det meste hatt sol eller lettare overskya, fyrst natt til avreisedagen kom regnet. Så vi har sett MASSE, bileta her er berre eit utdrag av ialt 534 bilete som eg tok på turen. Bileta visar over : Berliner Dom og Brandenburger Tor. Under : Kaiser-Wilhelms Gedächtniskirche by night, Fernsehturm og inni Holocaust Monomentet.
.
Vi dreiv hovudsakleg med sightseeing, så føttene våre fekk gjennomgå ein god del. Verkande føtter pleia vi godt kvar kveld når vi kom "heim". Vi hadde nemleg badekar på hotelrommet vårt, så vi satt to stolar forran badekaret, fylte det med varmt vatn og brusbadkule, stakk føttene nedi og kosa oss med strikketøy og te. Dette kan anbefalast på det sterkaste :)
.
Tove hadde tatt ut ei liste over garnbutikkar i Berlin, men den låg att på stovebordet når ho reiste. Men ho hugsa at KaDeWe (nordeuropas største handlesenter, eller noko slikt) skulle ha ein garnavdeling. Denne fant vi i det minste. Den var ein liten del av ein avdeling som heite Idee KaDeWe som hadde ALT innan hobby. Der var sjølvsagt mykje flott garn, men eg klarte å komma med utav butikken utan meir garn. Einaste eg kjøpte var ullfiber som eg skal bruka til nokon vottar eg vil prøva å laga.
.
Sit framleis å går gjennom alt eg har vore med på og sett, men er på langt nær ferdig endå.


Tusen takk for turen Tove :)

søndag 16. august 2009

Utfordring - Dag 7

Dag 7, nok ein dag med mindre bra vær... Men som Tove seie "Der fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær". Så på med støvlar, regnbukse og regnjakka, for ein utfordring er ein utfordring. Dei siste to dagane har det komt eit par cm med nedbør, det har nemleg for lengst passert 10 mm (spør du meg). Heldigvis er eg relativt vanntett, spesielt med det rette utstyret på :)

Tusen takk til Lise for ein kjekk og til tider veldig utfordrande utfordring. Lovar ikkje at eg kjem til å gå tur 7 dagar i veka lenger, men klarar eg 3-4 gongar i veka så er eg strålandes fornøyd med resultatet av utfordringen.

God helg vidare, no ropar nemleg sofakroken, tekoppen, Supernatural-gutta og strikketøyet på meg :)

Utfordring - Dag 6

Idag såg eg ikkje ein einaste fjelltopp, så då følar eg heller ikkje for å gå tur på dei... Men tur blei det, sjølv om eg måtte moe meg opp mesteparten av dagen. Som bilete visar så var det ein våt tur, har Ilsa Jackobsen støvlane på (fyrste gong sidan i vår) og regnfrakken min (full av paraplyar). Blei ein lang dusj når eg kom heim, stor kopp te og Supernatural på DVD etter på :)

lørdag 15. august 2009

Utfordring - Dag 5

Det blei ingen fjelltopp idag for eg bestilte meg time til dyprens etter jobb. Det var skikkeleg deilegt, og som så mangen før meg så hadde eg problem med å halde meg vaken. Men vel ferdig - eit "par" kroner fattigare - ein augekrem rikare så fant eg ut eg skulle ta den lange vegen heim.

Turen var utan overraskelsar, eller kanskje eg berre var for avslappa etter dyprensen... Eg sleit uansett med å få eit skikkeleg bilete på turen, soppen blei det beste... Likar ikkje å bruka blitz, men denne var heilt åleine mellom nokon steinar overdekka i mose, så... Turen var uansett ein god avsluttning på behandlingen min. Kanskje fjelltur imorgon?

torsdag 13. august 2009

Utfordring - Dag 4

Idag var det ikkje vore lett å få pressa inn ein tur... Skulle fyrst gå i arbeidstida, vi har nemleg ein særs kjekk ordning - men tida for frå meg. Når eg sprang frå jobb for å nå bussen til byen var det for å fiksa nytt periodekort til bussen, ete noko middag og setja meg på pub for å strikka. Alt dette fekk eg gjordt fram til eg tok bussen heim kl 22:00...

På bussen heim fant eg ut at om ikkje turen blei lang så skulle det bli tur. Så ein kjapp 30 min rett før eg skulle leggja meg fekk eg til. Bilete som dokumenterar turen vart ikkje særleg bra då lysforholda var blitt litt labre så seint på kveld. Skal ta det att på dag 5, det er jo trossalt fredag :)

onsdag 12. august 2009

Utfordring - Dag 3

Idag gjekk turen ein annan runde i nabolaget. På mine vandringar kom eg over dette dissestativet, såg ikkje ut til å vera overforbruk på det.

Det såg lenge ut som det skulle byrja å regna, men iløpet av turen så blei skyane lettare, det blei lysar og etterkvart blei skyene alle moglege fargar. Så no kryssar eg fingrane for fint vær i morgon, då skal eg nemleg benytta meg av moglegheita til å gå ein tur i arbeidstida.

Kamera er i veska alt, og no er det så godt som sengetid :)

tirsdag 11. august 2009

Utfordring - Dag 2

Idag fekk eg med ei venninne på tur som gjekk ned til ein lokal badeplass eg ikkje viste om. Sola kom fram og alt så ingenting kunne vore betre. Som bilete visar så var det idyllisk i vatnkanten, nesten så ein fekk lyst til å bada :)

Det vi ikkje tenkte på der vi gjekk var att tilbake fekk vi kun oppoverbakkar... Turen blei plutseleg litt meir svett enn fyrst antatt, men vi overlevde og er godt nøgde begge to.

Så no skal eg strikka litt og fundera på kor turen skal gå i morgon :)

mandag 1. juni 2009

Aktiv Pinsehelg

1. pinsedag hadde eg invitert Kristin og Tove på rømmegraut. Heimelaga rømmegraut slik farmor har lært meg, på sætersrømme og med semule-gryn. Med fettet på toppen, vaska rosiner opp på og spekemat til. Rosiner må vaskast har eg lært av farmor, dei vert jo flattørka på hustak.

Været var fantastisk så vi satt på balkongen min og kosa oss med tradisjonsmaten etterfulgt av strikking og skravling til sola forsvant. Veldig veldig koseleg og bør vurderast til neste år og for sjå kor vi kosar oss :)

2. pinsedag hadde eg avtalt med mamma at eg skulle besøkja ho på Voss. Ho var nemleg veldig uheldig ei tid tilbake, så ho har dei siste 3 vekene vore på rehabilitering på Voss. Tok toget til voss 10:28 og var på Voss litt over halv 12. Etter ein liten misforståelse så fant vi kvarandre :)

Vi satt oss på ein kafe på Vossevangen og kosa oss i sola, fekk oss litt mat og kosa oss vidare. Mamma smaka Nachos for fyrste gong i sitt liv der :) Det var meininga å ta turen opp med Hangursbanen, men etter å ha sett opp fjellsida eit par gongar så virka det til å vera lite trafikk opp den idag. Må ha den til gode med andre ord. Når vi begge hadde fått vannblemmar på føtene så tok mamma taxi til sitt og eg toget til Bergen att. Avtalte undervegs å møte Tove litt seinare.
Bileta over er av ein museumsgard og kyrkjespiret på Voss Kyrkje.

The Eagles hadde nemleg konsert i Bergen by på kvelden, og vi hadde under rømmegraut spisinga snakka om å stikka på Utsikten på Tippetue for å sjå korleis ein stor konsert tok seg ut frå den vinkelen i finværet. Bilete til høgre visar folkehavet, men her er vi komt litt nærmare byen då. Var kjekt å gå Tippetue til Hotel California og andre slagera :)

lørdag 25. april 2009

Photowalk Bergen 2009

I forrige veke gjorde Tove meg oppmerksam på Ur og Fotos Photowalk Bergen 2009. Påmeldingen var i beste fyrstemann til mølla ånd, og med angiveleg kun 50 plassar pr. merke: Canon, Nikon og Olympus følte vi begge eit behov for å raska på. Vi kom begge med :)

Laurdag 25. april-09, opplett og flott fotograferingsvær. Ifølgje BA.no så var det litt over 200 som møtte fram til Photowalken. Så antatte 150 personar, var gått opp til 173 påmelde og over 200 oppmøtte. God reklame kan vi kalla dette :)

Eg byrja min Photowalk med å få med meg eit seminar om macro-fotografering 14:00-14:45 ved Roger Strandli Brendhagen, Nikon Ambassadør og fotograf for National Geograhic. Resten av Photowalken skulle foregå frå 15:00- 18:00 og deltakarane var invitert til å slappa av på Logen Bar etterpå.

No har det seg slik at fredag tømte begge minnekorta min, men det eg sjølvsagt ikkje var vaken nok til å gjere var å lada batteriet til kamera... 10 bilete inn i Photowalken blei problemmet oppdaga. Kva valg hadde eg då? Jo, eg kunne reise heim og finne ladaren min, gå til Ur og Foto og krysse fingrane for at dei kunne hjelpa meg, eller spørja Brendhagen fint om han kanskje hadde ein ladar eg kunne låna litt? Eg gjekk då for siste valget...

Brendhagen hadde ikkje nokon ladar til meg, men utan å blunke så sa han eg kunne låne hans Nikon D3 dersom eg skulle på puben etterpå (sidan eg hadde bestemt meg for å droppa akvariet). Var veldig skeptisk, for eg viste at Nikon D3 var eit stort kamera, men kor stort fant eg fyrst ut når eg kom heim... På bilete over til høgre ser alle korleis eit kamera til 35.000+ tar seg ut i mine hender. Eg måtte berre lova å ikkje mista det i bakken. Har aldri holdt så godt rundt ein kamera på ein fototur før... Tillit var nokon Brendhagen var flink til å gje.

15:45 fekk alle med Nikon beskjed om å møte Brendhagen ved den Blå Steinen, då kunne nemleg intereserte gå med han til Akvariet og fotografere reptiler. Der ville to reptilspesialistar ta fram reptilane for fotografering. Dette virka til å freista mangen, så eg og Tove bestemte oss for å gå litt på eiga hand.

Photowalken hadde og eit par konkurransar hengande over seg. Nikon og Brendhagen har konkurranse der det beste macro-bilete frå Photowalken kunne bli premiert med eit macro-objektiv (Ja takk!), og Photowalken hadde ein konkurranse med tema "Fragmenter av Bergen" (litt usikker på premien her).

Så no gjenstår det som er vanskeleg, velgja bileta som eg har teke og trur eg kanskje kan vinna med. Så om folk kunne kryssa fingrane for meg så hadde eg vore evig takknemleg, har veldig lyst på det macro-objektivet :)

Bilete øverst er eit utdrag av eit bilete, motivet er frå "tagge"veggen til Sentralbadet. Eit stort parti over eit gitter i veggen er dekka med slike ansikt, ikkje eit ansikt er lite... Løp og sjå, for imorgon kan det vera vekke. Tre bilete til under.


Tusen takk til Tove for invitasjonen.
Tusen takk til Ur og Foto for å arrangere Photowalken.
Tusen takk til Roger Standli Brendhagen for å stola nok på meg til å låna meg sitt kamera.

Eg kjem tilbake til neste Photowalk!! :)

lørdag 28. mars 2009

Vårleg fotosafari

Eg og Tove fant været idag uimotståeleg og pakka kamera i veskene og tok turen til Gamlehaugen.

Eg kom til Bergen i 1996, men dette er faktisk fyrste gongen eg var på Gamlehaugen. Det var deilegt, mildt sagt. Været var nesten upåklageleg, litt kjøling vind i ny og ne. Gamlehaugen var ikkje åpen for omvisning, men vi har jo tidlegare uttalt at ein alltid bør ha grunnar til å komma tilbake til severdigheitar. Så til sommaren...

Eg og måtte her legge ut eit bilete av hestehovane vi fant oppi bakkane på Gamlehaugen, litt ved tilfeldigheit faktisk. Som Tove nemne i sitt innlegg er den det øveste symbolet på vår. Snøklokkene er eit godt teikn på at vinteren held på å gje slipp. Krokusen klarar liksom ikkje å dy seg heller når sola byrja å titte fram. Det er med andre ord godt å bu på vestlandet om dagane :)

Ellers så har Tove og Lasse alt komt med kjempebilete på utfordringen min, så klikk dykk inn og sjå :) Eg skal prøva meg på eigen utfordring, men hestehoven er alt brukt så eg får finna noko anna :)

Det blei og fotografert noko ferdig strikkeprosjekt, men då dei skal bli gåver så kjem dei fyrst på bloggen om litt.

onsdag 18. februar 2009

Vinterfotografering

Av og til skulle vi vel alle likt å teke fri frå jobb om vinteren for å få litt dagslys. Forrige veke så avtalte eg å ta fri ein halv arbeidsdag. Fyrst snakka eg og Tove om å møtast i sentrum med kamera torsdagen, men ho overtalte meg til å ta forlenge helg så fredag 13. feb gjekk turen til sentrum etter lunsj.

For dei som bur i Bergen eller Bergen omeng så hugsar dei kanskje det sinnsjuke været vi hadde torsdagen 12. feb... Det var snø, sludd og regn i ein fin bøtteballett heile dagen. Så når eg vakna fredag morgon og såg at det var skyfritt ute... Var rimleg happy då ja :)

Bilete til venstre forteljer litt om korleis tilstanden var i Bergen sentrum på ettermiddagen fredag 13. februar. Bilete er frå enden av Shetlands Larsens Brygge ved Zachen.

Etter ein liten tur til Nordnes så møtte vi felles kjente i sentrum og satt oss på kafe og strikka, kosa oss med varm sjokolade og sjokoladekaka. Litt middag litt seinar, før vi gjekk på Bergen Hotel og Pub og strikka vidar. Var ein HERLEG start på helga, slike kan anbefalast til alle ein gong i ny og ne :)

torsdag 5. februar 2009

Nattfotografering

Etter å ha sett mangen flotte bilete på Tove sin blogg i det siste, blei eg tilstekkeleg inspirert til å finne fram kamera når det slutta å snø ikveld. Fant lyskilder i mørke så eg slapp bruka blits. Alle bileta er teke rundt om i mitt borettslag, for eg gadd sjølvsagt ikkje gå langt i kulden.

Fekk faktisk eit par bilete som eg likte på den vetle turen min og tenkte eg kunne dela med folk. Bevis på at eg kan faktisk finne på å gjere andre ting enn berre å strikka og lese bok om dagane :)

tirsdag 3. februar 2009

Tvangslånt og hekta

Den fyrste boka (Twilight/Evighetens kyss) i denne serien blei tvangslånt til meg i haust av Hanne. Før jula var over var boka ferdig lest. Dersom nokon syns namnet høyres kjent ut så har dei heilt rett, boka er filmatisert og går på kino (Evighetens kyss) i desse dagar.
Hanne veit nemleg at eg likar å lese bøker om vampyrar. No er eg godt igong med bok to. Veldig lettleste bøker. Følar meg som ein fnisete tenåring når eg lese desse bøkene, og det er litt kjekt faktisk :) Eg las fyrste boka på norsk, men bok to har eg fått låne på engelsk. Og idag etter spasertur med Hanne så stakk eg hovudet innom Norli og der solgte dei alle 4 bøkene i engelsk med 25% rabatt. Einaste minuset med bøkene er at det er vanskeleg å slå lyset om kveldane...

lørdag 20. september 2008

Rebusløpet 2008

På torsdag var det dags for årets rebusløp på jobben. Det heile byrja med at i gangen på jobb stod det eit bord, på bordet låg eit fenalår som folk skulle halde og tippe vekta på. På plakaten stod det "Tipp vekta i gram". Ein kollega sa at dette måtte jo eg vera god på som hadde jobba i Posten, nemnar her i bloggen at på Postkontora i Noreg har dei vekter som vert brukt flittig. Eg stilte meg opp og fekk låret levert frå ein annan kollega som prøvde seg. Prøvde å sjå proffesjonell ut og ikkje minst tenkja på eit passande tall i gram. På lappen eg skulle registrerte forslaget mitt såg eg mangen som hadde skrive kilo, så kanskje oppkøyringa var altfor GODT igong, eller så hadde dei ikkje lest plakaten skikkeleg... Eg skreive no ned mitt forslag, 2317 gram, og fortsatte rebusløpet.

Rebussane blei utdelt og løpet kunne byrja... Det var sinnsjukt vanskeleg...

Vel tilbake på jobb fekk me litt drikka, noko viltgryta og så byrja utdeling av premiar. Fyrst var det for beste utførelse av teamet Haustjakt (den fekk vi ikkje), så kom Fenalåret som eg vant (bomma med 25 g på den faktiske vekta: 2292 g), så kom svara og rekkjefølgja på bilane i Rebusløpet der me kom på delt 6. plass (4 bilar dårlegare og 4 bilar betre). Me slo iallefall IT og det var jo målet, så er ganske så fornøgd med resultatet på Rebusløpet 2008.

tirsdag 6. mai 2008

Ettermiddagstur

På bussen heim frå jobb idag fekk eg tekstmelding frå Hanne. Ho lurte på om eg ville vera med å gå til Geitanuken med gjengen i det Blåhuset. Eg er veldig glad i å gå tur, blei strålande fornøgd :) Så rett etter middagen var slukt blei eg plukka opp nede i vegen. Vi køyrte litt oppover før vi tok beina fatt. Eg og Oline hadde ein liten joggetur når vi nærma oss toppen. Og Lykke er ikkje tam. Kvar gong ho heldt nokon i handa i dei brattaste partia, på vegen ned att, så berre peisa ho på. Så ho stolar fult og heilt på dei ho held i handa iallefall. Så vi var 3 "gamlingar" og 2 fjellgeiter på tur idag. I dette været er slikt berre ein fryd. Gleda meg allereie til neste tur :)