onsdag 26. september 2007

Resultatet

Vel, her er resultatet. Om no Eva som har laga oppskrifta nokon gong ser denne så håpar eg ho godkjenne den.


Eg likte iallefall hua. Har ikkje bestemt meg om eg skal ta den sjølv eller gje den vekk.

Bileta er med dei obligatoriske vinklane har eg forstått etter litt blogging :)

mandag 24. september 2007

Strikking med 9 nøster ull...

Etter besøk hjå Fru Turøy igår kom eg heim med ein del Oleana garn. På jobb idag kom eg på ideen å laga Evalua, den er litt poppis i gjengen om dagane :) Men den er kul så... Men eg fant ut eg skulle laga den i 3 forskjellege fargar. Noko som då resulterte i at sofane min nesten blei for liten for meg og strikket mitt...


Men håpar og trur hua kan bli kul eg :)

Chocolate Pretzels

Folk som kjennar meg litt har mest sannsynleg fått med seg at eg likar meg veldig godt på kjøkkenet. Eg likar derimot ikkje oppvasken... Men å laga noko varmt å eta eller å drikka, baka ei kaka eller to, det likar eg. Og dersom eg lagar slikt, spesielt kakene, så delar eg helst med andre. Inkje unntak igår. Fekk plutsleg lyst til å laga noko godt og det blei Chocolate Pretzels (sjokolade kringler)

Sjokolade Kringler

100 g margarin, 100 g sukker, 1 egg, 225 g mjøl, 25 g kakao.

> Pisk margarin og sukker kvitt, pisk inn egger. Sikt i mjøl og kakao og bland til fast deig. La kvile i 15 min. Del i ca 30 emner. Trill kvart emne til ca 10 cm lange pølser og lag kringler. Plasser på bakepapir med litt mellomrom. Steik midt i omnen, 190 grader i 8 - 12 min. Avkjøl.

Desse kjeksa kan trekkast med sjokolade. Då smeltar ein 100 g kokesjokolade og 1 ss margarin i vannbad. Dypp kringlene og la sjokoladen stivne. Server :)

Eg likte iallefall kringelene, ikkje umogleg at dei vert laga att ein annan gong.

torsdag 20. september 2007

Sjukedagar

Dagar då ein er sjuk går som oftast frykteleg seint. Dei siste 2 dagane har gått frykteleg seint. Men dei har vore "produktive". Har sett heile sesong 2 av Prison Break, eit par liter te har eg drukke og fleire cm er strikka. I morgon skal eg komma meg på jobba att, så skal eg heller bruka kveldane på å strikka og drikka så mykje te.

Merk den kjekke koppen, bursdagsgåve frå eit vennepar og jentungane deira. Trur det er ein kjekk måte å seie at eg må finna meg ein frosk å kyssa. Kranglar ikkje på den :)

lørdag 15. september 2007

Nye pinneprosjekt

Eg fant ei oppskrift på knitty som eg berre måtte prøva. Tok meg 2 dagar å strikka eit par. Eg fulgte oppskrifta men har bestemt at eg skal prøva ein gong til, men går ned til 3.5 i pinne.Men syns dei blei søte eg. Ein ny type sokk. Den typen som jenter kan ta med seg i veska og ta på seg kor som helst; på fest, i besøk, på hytta, på kontoret, på skulen osv.

Oppskrifta heiter Twinkeltoes på knitty.

Spillegalskap

Må innrømma at eg har ein svakheit utanom strikketøy, 20 meter under overflaten og eksotiske plassar.

Eg likar veldig godt å spele brettspel. Her ser de mesteparten av dei spela eg har. Der er eit par til som ein nesten er flau over å ha i skapet, så dei lot eg ligga.

Mange lurar sikkert på kva som er favorittspelet mitt, men ikkje sikker på om eg har eit favorittspel. Eg berre lika å spele.

I stabelen min finn ein spel som:
Tantrix: byggespel
Scarablords: Strategispel for 2 personar
Alhambra Gardens: Byggespel
Carcassonne: Byggespel og taktikk
Carcassonne, the Castle: Byggespel og taktikk
Pueblo: Byggespel og taktikk
Settlers m/sjøfararar: Sivlilisasjonsbygging
Shadows of Camelot: Lagspill, moglegheit for bløff pga forrædar.
Ticket to Ride: Kappløp gjennom bygging
Penzum: Kunnskapsspill.

Eg har ein liten samling, men ingenting i forhold til ein kompis. Han brukar aliaset Fairwood på sidene til Brettspill på nettet. Meinar han har lagt ut liste over spela han har der og. Dei siden er verdt å sjekka for julegåver, bursdagsgåver og gåver til seg sjølv.

Neste spel eg trur eg må bestilla frå Brettspill er Shear Panic.

tirsdag 11. september 2007

Bringer fisken på bordet

I ny og ne så finn eg ut at eg skal ha fisk til middag. Då må eg planlegge i god tid. Eg må avtala med nokon venner, dra fram stampen med utstyret frå under vasken på badet og ikkje minst så må eg få tak i luft.

Så er det å komma seg til ein flott fiskeplass, bruka 30 min på å pakka på seg 30 kg med utstyr og hoppa i det. Dykking er fantastisk, deileg, avslappande, innbringande og krafttømmande.


Om det skulle vera i heimlege trakter, eller

om det er i fjerne strøk. Varmt eller kaldt, for fangst eller for å nyte. Har ein lyst, har ein lov og kronasjen eit dykkarsertifikat kostar er verdt det.

Dykking i Mexico er det neste store eventyret :)

mandag 10. september 2007

Mexico 29.okt - 13.nov

Idag er det akkuratt 7 veke til eg (og Tove) sit på stranda i Playa del Carmen, Mexico. Nærmare bestemt på The Reef Playacar. Eit 4+ all inclusive hotel, rett på stranda.

Avreise Bergen tidleg mandag morgon 29. oktober. Flyr så til Schipold og etter eit par timar pause der går flyet direkte til Cancun, Mexico. 1 times busstur etter det og vil er i Playa del Carmen.

Vi har store planar om å slappa av, sola oss (bli ekkelt brune), besøka eit par ruinar, bada, eg skal ha eit par dykk og vi har sjekka moglegheita for å ta ein tur med ein katemaran.

Vil berre advara folk med ein gong, her kjem bilete på bloggen når eg kjem att...


Dette er eit bilete frå nettet av eine pyramiden på Chichen Itza.

Inspirasjonen til bloggen

Fru Turøy må få æra for at eg har starta blogg.

Oss jentene på jobben byrja litt etter litt å strikka på jobben. I den samanhengen fekk vi og adressa til

Irene sin blogg og fekk inspirasjon frå den. Så no skal eg gjera eit hederleg forsøk på å laga ein blogg på eigahand.

Noko av det som er blitt laga sidan strikkeklubben Vital blei starta. Orange tøfflar laga eg til 30 års dagen til ein kompis. Etter tøfflene var tova i vaskemaskina trekte eg dei over eit par yttersko for å la dei tørka der. Då var eg sikker på at dei blei like store iallefall.

Så er der to babypledd. Det kvite er levert og vert brukt heile tida. Det gule med kvit blomster rand ventar på ein baby å varme i oktober.