søndag 3. juni 2012

Babyboom og kakebestillinger

... og litt generell strikking :)

Tida flyr som alltid ufatteleg fort, ubeskriveleg faktiskt. Juni allereie, kor forsvant dei andre 5 mnd?
Når eg setje meg godt til rette i sofaen og tenkjer etter så kan eg komma på nokon ting eg har fylt tida med. Eg har vore på ferie, der forsvant ein månad av året. Ellers har strikkepinnane gått seg varme eit par gongar. Der er mangen kollegaer som ventar småfolk, og slikt kan ikkje gå ustrikka hen. Har og laga ein babygåve på bestilling. 

Bileta over kvarandre høyrer saman. Så topp/bunn til venstre: bestilling frå Kristina, babypledd og hue frå Strikkedesign No. 230. Strikka i Gjestals Baby Ull. Topp/bunn i midten: Hege og Svend ventar ei jente så strikka ei jakke og hue til dei frå Strikkedesign No. 230. Strikka i Picles Baby Merino. Topp/bunn til høgre: Espen og Britt ventar sin fyrstefødte, men dei veit ikkje kva dei før, så i rimleg nøytrale fargar så strikka eg Pickles Lun Bris babypledd, strikka i Abuelita økologisk bomull, og ei lita jakke, hugsar ikkje kva garn eg brukte her.
Ynskje alle foreldrene og babyane lukka til. Foreløpig er ståa 1 av 3 babyar har ankommet :) Dette vert spanande og kjekt.



Eit par andre artige ting eg har klart å presse ut av strikkekorga er eit par Arne og Carlos sine eggevarmarar. Desse fant eg i påskeboka deira, syns dei er kjempe artig. Påskefrukosten blei litt ekstra pynta iår. Til eggevarmarane brukte eg Sandnes Mini Duett. Har og strikka eit par vottar med rosa flamingoar, kven syns ikkje rosa flamingoar er kule?? Eg endra tommelen frå oppskrifta, og syns dei blei skikkeleg tøffe. Flamingoane er laga i Du Store Alpakkas Hverdag.

Og så har eg laga ei kaka sidan sist. Faktisk min fyrste kakebestilling. Fekk mail av ein kollega på torsdag denne veka med spørsmål om eg hadde lyst til å laga ei dykkarkaka til mannen hennar som fylte 40 år på fredag. Eg kjenner Karstein og har dykka med han, så dette var ikkje ein utfording eg klarte seie nei til :)
Så byrja idemyldringa og søkte på nett med ein gong. Før eg la meg torsdagkvelden så var ideen klar; korleis kaka skulle sjå ut og kva kaka og fyll eg skulle bruka. Kaka blei mørk sjokoladekaka med Peanut butter Swiss Meringue Buttercream. Eg er nemleg blitt trufast lesar av Sweetapolitas kakeblogg, og dette innlegget har eg lest mangen gongar. Denne gongen gjorde eg alvor av det...


Eg dobbla oppskriften, så fekk 4,5 stk kaker (20 cm) og ein liten muffins. Muffinsen lagar eg fordi eg vil smaka om eg syns kaka er god, sidan eg aldri har laga den før. Når eg hadde laga peanøtt smørkremmen og hatt litt på muffinsen så skjønte eg kjapt at denne oppskrifta skal inn i kokeboka mi :) Det var veldig godt og ikkje så mektig som eg var redd for det skulle bli.

Laga og ein del fondant figurar. Ein dykkar, eit bildekk, kamskjell, fiskar, sjøstjerner, anker og ikkje minst ein fiskebolle boks :) I tillegg hadde eg handla inn litt smågodt til å pynta med. Så no som pynten, kaka og fyllet var klart så byrja eg å dele opp og stable kaka. Eg stabla 6 lag med kaka og 5 lag med fyll. Så laga eg vanleg kvit smørkrem som eg delte opp og farga blå, grønn og ufarga. Dekka heile kaka med blå smørkrem. Den grønne hadde eg i sprøyteposen og forsøkte å laga litt tang og tare. Så laga eg båten av restar med kaka og den ufarga smørkremmen. Båten dekka eg med kvit forndant. Mala på svart kant på båten og teikna på Karstein og N-40 med spiseleg maling og tusj.

Siste finishen var å legge litt lyst brunt sukker langs kanten av kaka (havbotnen), og plasserte pynten litt rundt om ilag med nokon punsjknappar (kråkeboller??) og nokon anna smågodt. Så kom Irene og henta den med hjelpar til å halde kaka påvegen tilbake til bursdagsselskapet.

Så håpar bursdagsbarnet og selskapet likar kaka like godt som eg gjorde. No er det på tide med middag for meg :)

Framleis god helg og snart god sommar, til ALLE!!