søndag 25. november 2007

Prioriteringar

Same dagen som eg og Tove skulle setja opp på flyet til Mexico for 2 veker med ferie, blei det bestemt å ha strikkeklubb med gjengen frå jobb. Då eg og Tove måtte takka nei til invitasjonen fekk vi eit par kommentarar om at prioriteringane våre kunne vore eit par hakk betre. Så for å bevisa at vi har prioritert alt så kjem følgjande bilete for å dokumentera vår prioriteringsemne:

På flyet:
På Schipol:
På flyplassen i den Domenikanske Republik:

Ja til og med på stranda har vi bedrevet strikking. Det skal seiast at strikking, solkrem og saltvatn nesten vert ei god treningsøkt. Det er himla tungt faktisk.

Det skal og seiast at folk har, av ein eller annan grunn, sett rimleg rart på oss når vi har drege fram strikketøyet og strikka ein mønsteromgong, men i mangel på skruplar så har vi ikkje akkuratt brydd oss.

Vi fekk faktisk laga ferdig ein handduk kvar. Dette vert julegåver, så det vert ikkje nemt meir her.



Som eit forslag til neste gong, kva med strikkeklubb i Mexico?

Her sit eg ved El Castillo på Chitzen Itza og strikkar litt:
På båten frå Isla Mujeres tilbake til Cancun. Her ser ein at folk glor litt:

fredag 16. november 2007

Borte kanon, heime KALDT!!!

Mens jetlaggen framleis sit godt i, kroppen skrik etter varmen i Mexico, søvn er fråværande då klokka eigentleg kun er 20:00 torsdag kveld i hovudet, så kan det vera kjekt å legge ut nokon bilete her og minnast dei gode tidene igjen.

Som nemt i innlegget vi fekk gjordt ifrå ein PC i lobbyen på The Reef Playacar, så har vi gjordt meir enn berre det å ligga på stranda og sola oss. Sjølvsagt har vi gjordt ein god del at det og, men som bileta under så har vi gjordt så mykje meir og.

Bilete til venstre visar Tove på god veg opp ein 46 meter høg pyramide midt i jungelen. Området var på 70 kvm med jungel og mayaruiner. Kun 20% av ruinane er til no gravd fram og restaurert. Fantastisk...


Ellers så var vi og innom dei mest kjente mayaruinane i Mexico, nemleg Chitzen Itza. Bilete visar El Castillo (Tårnet).
Etter turane til både Chitzen Itza og Coba fekk vi lov til å bada i cenoter. Cenoter er eit underjordisk nettverk av elvar og innsjøar som dekkar heile yucatan halvøya. Bilete er av ein som heite Choo Cha som var underjordisk. Var i å bada i ein som heite Ikk Kil der taket hadde rast inn mangen tusen år sidan så der kom sollyset ned til innsjøen. Heilt uttruleg...
The Reef Playacar, som var resorten vi budde på levde absolutt opp til forventningane. Hyggeleg personell (alle helste på ein og mangen hugsa kva ein likte). Det var digg å vakna kvar morgon til ein jungel, maten var alltid fersk og delikat, drikke var det berre å henta, eigen isbar, eigen cenote. Bilete under visar den øverste poolen og poolbaren by night. Kan anbefalast på det sterkaste :)
Cozumel er ei øy som låg rett utfor kysten der vi budde. Vi såg til den heile dagen faktisk, skyline om ein vil. Men på nattestid, då blei det ekstra kjekt å kikka utover havet og sjå auraen til Cozumel. Dessverre kom vi oss ikkje ut til øya denne gongen, men noko må ein ha til gode dersom sein reise på nytt :)
Dykking kom vel ikkje som nokon bombe at eg har gjordt. Hadde meg 6 dykk totalt. Det var skikkeleg flott, sjølv om eg må innrømma at Raudehavet var betre. Men i Raudehavet såg eg ikkje skillpaddar...
eller Blowfish (som faktisk blåste seg opp). Fekk vita at ein Blowfisk kun kunne blåsa seg opp 5-6 gongar i livet sit, så litt beæra følte eg meg :)
Og på Resorten var det kvar kveld Shows, dei fleste dagane var dei i regi av aktivitetsgjengen på hotellet. Det blei berre kjekkare og kjekkare å sjå på etter kvart som vi blei betre kjent med folka i den gjengen. Dei var så morosame ein kveld at dei fekk Tove til å le så ho grein :)
Eg klarte og ein kveld å vinna ein limbo-konkurranse. Bilete er av siste stanga eg skulle under. Klarte det ikkje heilt, hadde berre att å komma meg opp. Men etter applausen å dømma etterpå så gjorde eg vist ein godt jobb. Har ei t-skjorte å visa for bragden. Så tusen takk til Tonje og Hege for treninga eg fekk på etasjefesten :)
Både eg og Tove er vel einige i at det var ein fin tur som helst ikkje skulle vore over endå. Men, shit happens - then you die... Så kanskje eg kjem på jobb på mandag, who knows :)
Alle bileta kan klikkast på for å få større format :)

mandag 12. november 2007

Siste dagen i paradiset...

Da var siste dag kommet her paa rette siden av kloden...

Dessverre saa faar eg ikkje last ned bilete fraa turen og lagt ut her i Mexico, saa bilete skal det bli i massevis naar eg kjem heim tysdag kveld eller iloepet av onsdagen. Har tatt sinnsjukt mage bilete og skal eg seie :)

Vi har besoekt Chichen Itza (mayaruiner), Coba (mayaruiner framleis under utgraving), vore paa katamaran-tur til Isla Mujers (Damens oey), eg har dykka 6 dykk og sett skillpadder og andre kjekke dyr, sola oss mykje, drukke ein del Strawberry Daquiri (sikkert ein del eg kjenner som skulle likt aa sett det), vore paa klubbar, sett ildshow, snakka med folk fraa mangen land... I det store og det heile saa har vi kosa oss.

Imorgon, over 1500 bilete seinare av severdigheiter og ny venner saa maa vi ta flyet heim :( Vi har alt proevd aa bytta med nokon svenskar som har 1 veke att, men dei ville jaggu meg ha peng for det.

Vel, alle maa kosa seg vidare i heimlandet saa kjem vi snart tilbake.