tirsdag 29. desember 2009

Vinter

Iår har vi endeleg fått snø til jul og til nyttår, eg er så strålande fornøgd :) I skrivande stunde er det ca 25 cm snø ute og minus 10 grader. Kan ikkje minnes sist det var slik til jul.

Og kva gjer ein i slikt vær? Jo ein må måke snø, noko armane mine skrike at dei ikkje likar. Ein "leikar" og litt i snøen, laga snølykt i forgårs. Då var det litt mildare og snøen var perfekt. Lykta blei sikkert 60 cm høg og lyst noko heilt sinnsjukt :)

Har hatt lyst til å ta ut sparken på tur, den har ikkje vore på vinterføre på MANGEN år, men det har ikkje skjedd endå. Kanskje i morgon?... Gjer eg det vert det nok dokumentert :)

Ellers så kom eg på at eg hadde laga ei julegåve til i haust. Bror min fekk nemleg eit par heimestrikka selbuvottar. Mønsteret heiter Knut og er kjøpt på Jorid's Mønsterbutikk. Skorpionen som lurar seg inne i eine handflata var for kul til å motstå å laga, spesielt når ein har ein bror som har ein skorpion tattovert på eine underarmen :)

No har eg byrja nedteljinga til nyttårsafta. Den skal feirast med fint besøk frå hovudstaden, Mooncat kjem på besøk. Det vert stille og roleg heime, med pinnekjøtt for 2. gong denne jula og riskrem... Det vert nok og sett litt på TV og spelt litt DOG. Ohhh... Kor eg gledar meg :)

lørdag 26. desember 2009

Juleproduksjonen

Då var julaftan vel overstått, all den gode maten, julegåver, godt selskap, snø ute... Heilt perfekt! Det er og trygt å visa kva ein har brukt delar av hausten og mesteparten av desember på.

Har jo sjølvsagt brukt desember til ein del julegåveproduksjon. Bl.a har eg strikka eit par Twillight-vottar av Pickles Abuelita Tjukk Merino Mørk Advent som Oline fekk. Totoro-vottar (ravelry) strikka eg av Pickles Abuelita Baby Merino som Lykke fekk. Veit vottane falt i smak, håpar og dei passa :)

I haust fekk eg boka Creepy Cute Crochet i postkassa. Etter å ha bladd i boka eit par gongar så fekk eg ideen at eg skulle laga desse som nøkelringar. Og dette utvikla seg til å bli ein del av årets julegåver. Her er dei fyrste 10 eg har laga. Der er Day of the Dead menn og damer, der er Mannen med ljåen, ein Ninja, ein Zombie, ein Lirekasseape og eit ekte til-døden-skiller-oss-ad-par. Der blei to ekstra figurar på tampen, og alle har blitt fordelt til det eg meinar har vore verdige eigarar :) Alle i spesiallaga innpakkning. Så håpar eg nokon av dei får nøklar eller kanskje ein sekk å passa på :)
Tove var vel den einaste som faktisk kom med ynskjer før jul, bl.a avlange puter til å ha i sofane/ryggen. Etter å ha tråla gjennom alt av butikkar og konstatert at der ikkje fantes nokon puter som var i Toves stil... Då blei ideen revidert når eg kom over ein kul gardin på Indiska, korrekte fargar og mønster for Tove. Kva gjer ein då? Jo, ein syr sjølv :) Ein lyge og til Tove når ein handlar paljettar til å pynta putene med :) Eg er nøgd med resultatet, og har fått inntrykk av at Tove er nøgd og :)

Framleis GOD JUL til alle kjente og ukjente :)

lørdag 12. desember 2009

Og vinnaren er...

Fyrst kan eg informere at på bilete som eg ville det skulle tippast på så var det kandisert mandarinskall. Der var 3 kommentarer som tippet at det var noko innan rette fruktfamilie, så da trakk eg mellom desse tre :)
Eg fant fram ein kakeboks som var halvfull forrige helg, men som i løpet av veka har blitt tom igjen. Denne brukte eg til å trekke vinnarane i, følte det var passande no i julestrida :) 12 lappar med 12 namn gjekk oppi fyrste gongen, og ut kom Iryl. Så gratulerer masse.

Så la eg tre lappar oppi for å trekke for gjettingen på bilete. Og då kom Iryl ut av boksen igjen gitt, så Gratulerer endå meir :)

Ellers takkar eg ALLE for kommentarane og må alle få ei kjekk førjulstid.

søndag 6. desember 2009

Vellukka julebakst og litt konkurranse

Eg og Tove byrja ein tradisjon med felles julebakst. Igår var den dagen iår. Vi bakar sjeldan dei tradisjonelle 7 sortane, men vi fekk boksa 5 sortar igår alikevel. Iår laga vi: Sprø kardemommebiscotti, Karamellsnitter, Havremakroner, Jødekaker og tradisjonsrike Kakemenn men i utradisjonelle former.

Idag bestod då frukosten min av ein stor kopp te, i tekoppen frå filmen "Nightmare before Christmas" og eit assortert utvalg av gårsdagens produksjon. Det var nam nam!! :)


FØRJULS KONKURRANSE:
Sidan vi no nærmar oss jul så tenkte eg eg kunne laga ein liten konkurranse, men då dette vert min aller fyrste konkurranse så vert den av den enkel sorten. Legg du att ei helsing til dette innlegget er du med i trekningen av det eg har på strikkepinnane idag (Det passar til størrelse 38-39 men det er ikkje sokkar). Og dersom nokon tippar rett på kva bilete under visar så skal du få ein liten overraskelse. Trekningen vert fredag 11. desember, så eg får sendt premiane så fort som mogleg :)

Eksamen overstått - Juleproduksjonen påbegynt

Der har i det siste vore ein del forsøk på eksamenslesning. Hadde eksamen på torsdag, så då var eg ferdig for i år med den slags. I tillegg har det som er produsert i sofakroken veldig ofte vore med ein pakkelapp på, så å blogge om det heilt endå er litt uansvarleg. Vil jo sjølvsagt ikkje øydelege jula for dei som skal få gåver av meg :)

Der er sjølvsagt litt produksjon som ikkje har merkelappar på seg, men det er heller minimalt... F.eks så er sokkane til høgre strikka innimellom eit par julegåver. Desse er heilt straighte i ribbestrikk. Garnet er Schoppel-wolle Admiral Ombre. Eg syns det var veldig godt å strikka med, og varma godt på foten. Strikka og eit par små pulsvarmarar av restegarnet. Fargeovergangane overraska meg, vanlegvis er der klart at eit vist parti med fargeendringar vert gjordt om att gjennom heile nøstet... Denne gongen fant eg ikkje kor effekten byrja igjen, virka nesten som at heile nøstet var ein lang endring. Veldig imponerande.
I sokkegarnpakken med garnet til sokkane over fekk eg og eit nøste med det no forgjette garnet Zauberball, i fargen Fuchsia. Garnet var ufatteleg mjukt og fargane fantastiske. Lurte lenge på kva eg skulle laga av dette, men eit par skikkeleg kalde dagar på jobben gjorde valget enklare. Pulsvarmar var påkrevd dei dagane. På bilete til venstre er resultatet når eg var ferdig å strikka eit par. To veldig ulike pulsvarmarar, men der var garn til overs så eg strikka eit par til. Då fekk eg til slutt eit par i lillatonar og eit i orangetonar. Det lilla paret brukar eg MASSE, det varmar veldig godt. Det orange paret spurte Birkus om ho kunne få kjøpa av meg for nokon kroner og ein middag, så SOLD! :) Oppskriften til pulsvarmarane finn ein her.

Nedteljinga til jule er offesielt starta no...

onsdag 4. november 2009

Ingen little sister, men...

... ein Little Sister's Dress kan eg laga alikevel :)

Av og til så kjem ein over ei oppskrift som ein berre veit ein MÅ strikka. Slik var det fyrste gongen eg såg denne søte kjolen. Tove strikka den i lilla i vår, og lysten blei ikkje mindre av den grunn...

Så er det den evige kampen med seg sjølv og garnlageret. Eg hadde og har framleis ingen å laga kjolen til. Eg hadde heller ikkje noko garn som berre gaula ut etter å bli strikka til denne kjolen...

Etter å ha strikka Uglekjolen, som der heller ikkje var nokon avventande babyjente til, så var der liksom ikkje nokon grunn til ikkje å strikka fleire søte små kjolar. Så åpna Pickles eigen garnbutikk, og utvida garnutvalget og fargeutvalget sitt... SUKK!

.
Pickels' Abuelita Baby Merino i ein knall orange og grønn kom endeleg i poste, og kort tid etterpå var det lagt opp til kjolen :)

Som ein liten ekstra finish så har eg sydd på eit par søte knappar kjøpt på Etsy fra AimooBaroo. Har nemt ho i eit tidlegare innlegg, og her ser ein kor godt knappane tek seg ut :)

Så var det å finne det små søte jentene som kan får kvar sin kjole, denne og Uglekjolen :)

Fullført bestilling

Det er ikkje ofte eg får bestillingar, men på ein strikkeklubb ein torsdagskveld på Huset Pub der vi har busatt oss kom eine bartendaren bort og spurte så fint... Eg er nemleg ikkje vanskeleg å by berre ein veit å innleda med dei rette orda. Jarle, som bartendaren heiter, seie så fint "Du Pus...?!" Har tapt alt der eg...

Heldigvis så var det ikkje bestilling på fancy sengeteppe, for då hadde eg truleg ikkje blitt ferdig før godt uti 2010. Ei skjerf mot vinterkulden derimot, det lar seg lettare gjennomføra :)

Jarle ville at det skulle vera passe langt, blei seinare spesifisert til 140-160 cm, og i svart og grått. Så var det å finna ei oppskrift som ville vera mandig utan å vera heilt vanleg. Bilete visar resultatet :)

Brukte litt over 2 nøster med Lanett Baby Ull. Oppskrifta finne ein her (ravelry-link).
Så gjenstår det å finne ut om Jarle likar skjerfet. Kryssar fingrane :)

søndag 25. oktober 2009

Vielen dank Berlin


Eg og Tove har vore på storbyferie til Berlin :)
.
Etter 2 timar med forsinkelsar frå Flesland heiv vi oss rundt i Berlin. Allereie fyrste kvelden hadde vi satt Holocaust Monomentet, Brandenburger Tor og Reichstag. Det meste blei by night, men det var jo ein opplevelse i seg sjølv for Berlin er ein by som LIKAR å bruka lys.
.
Vi var heldige med været, vi har for det meste hatt sol eller lettare overskya, fyrst natt til avreisedagen kom regnet. Så vi har sett MASSE, bileta her er berre eit utdrag av ialt 534 bilete som eg tok på turen. Bileta visar over : Berliner Dom og Brandenburger Tor. Under : Kaiser-Wilhelms Gedächtniskirche by night, Fernsehturm og inni Holocaust Monomentet.
.
Vi dreiv hovudsakleg med sightseeing, så føttene våre fekk gjennomgå ein god del. Verkande føtter pleia vi godt kvar kveld når vi kom "heim". Vi hadde nemleg badekar på hotelrommet vårt, så vi satt to stolar forran badekaret, fylte det med varmt vatn og brusbadkule, stakk føttene nedi og kosa oss med strikketøy og te. Dette kan anbefalast på det sterkaste :)
.
Tove hadde tatt ut ei liste over garnbutikkar i Berlin, men den låg att på stovebordet når ho reiste. Men ho hugsa at KaDeWe (nordeuropas største handlesenter, eller noko slikt) skulle ha ein garnavdeling. Denne fant vi i det minste. Den var ein liten del av ein avdeling som heite Idee KaDeWe som hadde ALT innan hobby. Der var sjølvsagt mykje flott garn, men eg klarte å komma med utav butikken utan meir garn. Einaste eg kjøpte var ullfiber som eg skal bruka til nokon vottar eg vil prøva å laga.
.
Sit framleis å går gjennom alt eg har vore med på og sett, men er på langt nær ferdig endå.


Tusen takk for turen Tove :)

søndag 18. oktober 2009

Då inspirasjonen kom og tok meg

For ei tid tilbake var eg innom ein blogg der det var snakka om handlaga knappar på etsy. Eg likte veldig godt det eg såg og vips så var det bestilt ein del knappar. Vel 1 veke etterpå var knappane i postkassen min med takkemelding og beskjed frå Aimee, ho som lagar knappane :) Eg falt då endå meir for knappane og vips så var det bestilt endå fleire knappar... Bilete til venstre er forsending nr. 2.

Så for den som ynskjar ein spesiell knapp til det spesielle plagget eller strikketøyet bør nett sjekke ut AimooBaroo.

Så skjer det veit du, inspirasjonen kjem hoppande opp og bite meg når eg minst ventar det. Hadde leste Allers sit Juleblad og nett fått fyrste sending med knappar. Og kva anna finn eg på enn at eg skal prøva å laga eit par knappar sjølv. Resultatet er så som så, men det er fyrste batchen. Dette er truleg ein kunst som må finpussast :) Er alikevel stolt nok av produksjonen til å visa den her. Kanskje kjem der andre seinare.

lørdag 17. oktober 2009

Selbuvottar

Eg er ingen dreven mønsterstrikkar, men er full klar over at øvelse gjer meistar. Har meistra det å strikka med 5 pinnar for ei tid tilbake, så selbuvottar følte eg kunne bli neste steg :)

Desse har eg laga i Kauni effektgarn. To forskjellege fargeeffektar som bevegar seg mot kvarandre. Votten til høgre er strikka fyrst, og ser ein etter er der litt restar av lillafargen nederst på venstrevotten. Syns det er kult med slike effektar og fekk her prøvd det på ein ny måte. Så ja det ser ut som to forskjellege vottar, men dei høyre saman :)

Mønsteret har eg kjøpt av Jorid, kjøpte faktisk mangen mønster den dagen og skal strikka dei og :)

Five down...

Kun 1 prosjekt gjenstår :) Så dette ser lyst ut, sjølv om eg veit eg treng litt tid på det siste prosjektet. Heldigvis har eg gode, dyktige venninner som kan hjelpa meg. Så no er Tove og Kristin advart :)
.
Anyway... Desse sokkane trur eg er etterlengta :) Lova for ei god stund at eg skulle laga dei, men gjekk tom for FreeStyle mørke raud :( Etter litt detektivarbeid fant eg ut at den fargen var gått ut på dato. Eg tenkte så at sokkane ikkje skal brukast på dans og kjøpte ein annan raudfarge og fortsatte. Sokkane er strikka i FreeStyle, diverse fargar. På sokkepinnar 4.5. Og etter god gamal norsk tradisjon; ribbestrikk ned til hælen. Har fortsatt ribbestrikket ut over vristen og.
.
Dette paret er strikka litt lenger enn det fyrste paret eg strikka. Anja, som skal få desse sokkane, prøvde typen sine, det fyrste paret eg laga, på telttur i minus 2,5 grader. Ho var varm og god der sokkane hadde vore på, men frå sokkane og opp - Not so much... Så desse sokkane er blitt heile 60 cm lange med hælen. Så Anja: Prepare to keep warm :D

Four down...

To gjenstår... For dei som ikkje har fått det med seg så har eg plukka fram 6 prosjekt som SKAL fullførast innan året er omme. Virkar som det var akkuratt det sparket bak eg måtte gje meg sjølv :)

Denne babybodyen er delvis strikka etter oppskrift, så langt det er mogleg etter eit oppskrift som skal strikkast fram og tilbake når eg velgjer rundt på rundpinne...

Body'en er strikka av Viking Milk n' Honey garn. Skikkeleg mjukt og deilegt :) Har hamra fast trykknappar i skrittet for lett bleiebytte og sydd i søte knappar med litt glitter i halsåpningen.

No gjenstår det kunne å finne ein liten baby som har lyst til å skitne denne ut :)

søndag 4. oktober 2009

Three down...

... three to go. Nok ein gong er det den private utfordringen min.

For ei tid tilbake fekk eg Opal Bambus garn av Anna-Maylén, deilegt sokkegarn. Har sidan det byrja og rakna opp att sikkert 3 sokkemønster. Men dette siste mønsteret likte eg best så då blei det endeleg eit par sokkar gitt, akkuratt tidsnok til hausten. For hausten er kom til Hordaland med full styrke alt *sukk*.

Garnet var behagleg å strikka med og med korte fargeforandringar. 50% superwash ull, 35% bambus og 15% polyamid, interesant :) Mønsteret er frå Garnstudio, sjå her.

Idag skal eg teste ut sokkane og finne ut om garnet også er varm og godt :) Så tusen takk for garnet Anne-Maylèn :)

fredag 2. oktober 2009

Se opp - 3D kino opplevelse

3 D kino har eg aldri vore på før så dette var stort. Og det at det var ein Disney/Pixar film gjorde alt berre mykje betre. Så for dei som ikkje har forstått alt endå så er eg ein STOR Disney teiknefilm fan :)

"Se Opp" går på kinoar over heile landet no om dagane, "Up" heitar den orginalt. Koseleg film om kjærleik, det å møte nye venner og halde det ein lovar, blanda med action og komedie. Mykje vaksen humor ilag med humor som barn likar og forstår. Med andre ord ein opplevelse for heile familien. Eg anbefalar den STERKT!

Ser eg ikkje lekker ut i 3D brillane??

mandag 21. september 2009

Two down...

... fire gjenstår.
Då snakkar eg om lista over påbegynte prosjekt som eg har lova meg sjølv å fullføra iløpet av hauste. Denne gongen er det Uglekjolen. Etter å ha sett mangen bilete av denne kjolen på nettet så handla eg oppskrifta og garn. Det tok ei god stund før eg byrja å strikka på den. Tok og ein liten pause, sjølv om det er prosjektet eg har hatt kortast pause frå på lista mi.
Når eg kom skikkeleg igong så blei det veldig kjekt å strikka kjolen. Uglene var litt knotete, men det er mest fordi eg er litt ny til flettestrikking. Men fekk det til, så er veldig stolt av meg sjølv. No gjenstår det kun å finne nokon som fortjenar den.
Ellers så jobbar eg jamt og trutt med lista mi, er godt igong med nesten fullføring. Men har strikka hull i peikefingen min, og med teipa fingertupp er det litt "ekkelt" å strikka. Det går med andre ord litt seinare enn vanleg, men det har ikkje stoppa opp :)
Framleis fin veke og happy strikking til alle :)

Welcome to Ken Wood...

Eg har lenge hatt lyst på kjøkkenmaskin, og har lært av bror min at kjøkkenmaskineri må ha namn. Så vil introdusere alle for Ken Wood. Han har til no prøvde seg på baking, og han var dyktig til det. Laurdag laga han pizzadeig og søndagen laga han bolledeig. Suverent :)

Ken Wood har og bragt med seg ein blendar og ein foodprosessor, men det har han ikkje fått sjansen til å briljere med endå. Men kjenne på meg at milkshake har eg lyst på så ein haustkveld i nær framtid :)

Pizzaen eg laga på laurdag var tacopizza. Det er kjempegodt og veldig enkelt. Denne gongen slapp eg å elte for hand og.

Pizzadeigen:
8 dl mjøl
1 pk tørrgjær
litt salt
3 dl lunka vatn
3-4 ss olje.
Nok til pizza i langpanne.

Fyll:
400 g karbonade-/kyllingkjøtt-/kjøttdeig
1 gul løk
1 pose tacokrydder
2 dl vatn (mot 1 dl som tacokrydderposen seie)

Fordel eit tynt lag med salsa på pizzabunnen. Fordel tacofyllet over bunnen, dekk med eit lag med taco chips. Ost etter ynskje på toppen. Steik til gylden på 200grader.

Server med lettrømme, salsa og guacamole :)

lørdag 19. september 2009

One down...

...fem igjen :)
Dette er då mitt Starstruck sjal frå Pickles. Eg har berre brukt Pickles sitt eige garn, men kun Lava og Vinternatt. Når Pickles byrja å selgja garn så måtte eg berre handla, og Pickles Baby Merino skuffa IKKJE. Det var berre mildt sagt herlegt.
Det var ein fryd å stikke med og etter kun 10 min med sjalet på så veit eg det blir ein gjengangar i haust.
Heile tida når eg strikka sjalet diskuterte eg med meg sjølv; med eller utan frynsekant. Eg valgte å ha frynsekant då eg syns det gjer halve sjalet :)
Eg byrja og å mimre over det som faktisk fekk meg hekta på strikking etter MANGEN år der eg sverga aldri å strikka. Sjal var starten på det heile. Og det er gjennom strikking av mangen forskjellege sjal eg har å beherske forskjellege strikkemetodar.
.
Eg gjekk gjennom samlinga mi, den delen som ligg heime iallefall. Hang dei opp som vist til høgre. Det lyseblå heilt til venstre er nr 1, trekant sjal kun i glattstrikk med hekla kant (hekla av Hanne, eg hekla ikkje den gongen). Og så utvikla det seg med ribbestrikk, hullmønster, eit par skjerf, hekling, meir komplisert hullmønster og det siste; stjernestrikk. Eg brukar og alle desse sjala/skjerfa vår og haust.
Så då gjenstår det å fem prosjekt som skal fullførast iår, julegåver og ikkje minst HELG :)
God helg til alle saman :)

søndag 13. september 2009

Slutt på stillheita??

Det har vore litt stille frå meg i det siste, men det har alikevel skjedd ting. Har strikke eit par knelange sokkar til ein kompis, soveposesokkar, men dei gløymte eg å ta bilete av. Har stikka julegåver, så dei må eg venta med å visa fram. Men der er ting eg kan fortelja om, ting eg har plukka fram frå bunnen av kista for å fullføra. Dei skal fullførast før året er omme og, så det er lov å etterlysa og terrorisera dersom eg ikkje bloggar om desse. Legg ved ei liste her:

1 Rebecca dress with lace skirt
2 Soveposesokkar til Anja
3 Sokker av garngåve frå Anna-Maylèn
4 Babybody i Milk n' Honey
5 Uglekjole
6 Stjernesjalet frå Pickles

Eg har ikkje bestemt meg for rekkjefølgjen heilt endå, men håpar å kunne blogga desse prosjekta i fullført tilstand iløpet av hausten :) Så får seie at dette er ein utfordring til meg sjølv.

Birch til meg sjølv

Eg har endeleg strikka eit Birch sjal til meg sjølv. Strikka jo 2 til Mooncat og Nique som hadde heil dag i påsken. Garnet eg brukte på mitt sjal var Rowan KidSilk Haze. Det er som bilete visar veldig tynt, men det er trulegvis det varmaste sjalet eg har laga til meg sjølv til no. Me love this long time :)

Uptown boot socks

Som medlem i Sokkegarnklubben så kommer det pakke i posten 4 gongar i året med sokkegarn. Pakkane inneheld garn til to par sokkar, i teorien iallefall. Kan hende det berre er meg, men det er ikkje like enkelt å vita å byrja på hælen tidsnok på fyrste sokken når ein har eit 100g nøste... Denne gongen klarte ikkje eg det iallefall, så måtte bestilla eit nøste ekstra. Garnet heite Mellanraggi frå Järbo Garn. Garnet var greitt nok å strikka i, litt stivt kanskje. Kjennar at det eg likar best med garnet er at det luktar ull, ein lukt eg har likt sidan eg var liten og voks opp på garden til farfar og farmor.


Garnet var på plass men som alltid er det vanskeleg å finne eit mønster som funkar med garnet og fargane i garnet. Eg falt på Uptown Boot Socks frå boka "Favorite socks, 25 timeless designs". No har eg ein del garn til overs etter å ha kjøpt et nøste ekstar, så prøvar å laga eit par pulsvarmarar til.

fredag 21. august 2009

Feriespøken

Av og til får ein nyss om ein spøk ein berre ikkje kan la vera å ta del i. Dette skjedde då meg fredag i forrige veke. Problemet var å finna eit tastatur av typen Dell som var mørkt og som ikkje fungerte. Eit par meldingar, eit par turar mellom nokon etasjar, eit par telefonsamtalar seinare så hadde eg det som trengtes. Tastaturet blei overlevert Irene (kollega og partner in crime).

Utpå ettermiddagen/tidleg kveld på fredag fekk eg melding om at karsefrø (den absolutte nødvendige ingrediens i planen) var endeleg oppdrevet og planta. Søndagen fekk eg mms med at det spirer og gror...

Torsdag denne veka kom den heldige eigaren av tastaturet att frå ferie, og etter det eg er blitt fortalt så tok det litt tid før vedkommande la merkje til at plassen såg ut som avbilda under. Responsen var og at ho måtte ha nytt tastatur og lurte på om ho skulle ringa Helpdesk. Hennar fungerande tastatur blei levert tilbake og latteren satt heldigvis laust :) No står karsetastaturet i vindauga og vert vatna ved behov, lenge leva
Dette var det kjempe kjekt å vera med på, så tusen takk Irene for at du fortalte meg om ideen så eg kunne bidra aldri så lite... Kva skal ein finna på til neste år då? :)

søndag 16. august 2009

Utfordring - Dag 7

Dag 7, nok ein dag med mindre bra vær... Men som Tove seie "Der fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær". Så på med støvlar, regnbukse og regnjakka, for ein utfordring er ein utfordring. Dei siste to dagane har det komt eit par cm med nedbør, det har nemleg for lengst passert 10 mm (spør du meg). Heldigvis er eg relativt vanntett, spesielt med det rette utstyret på :)

Tusen takk til Lise for ein kjekk og til tider veldig utfordrande utfordring. Lovar ikkje at eg kjem til å gå tur 7 dagar i veka lenger, men klarar eg 3-4 gongar i veka så er eg strålandes fornøyd med resultatet av utfordringen.

God helg vidare, no ropar nemleg sofakroken, tekoppen, Supernatural-gutta og strikketøyet på meg :)

Utfordring - Dag 6

Idag såg eg ikkje ein einaste fjelltopp, så då følar eg heller ikkje for å gå tur på dei... Men tur blei det, sjølv om eg måtte moe meg opp mesteparten av dagen. Som bilete visar så var det ein våt tur, har Ilsa Jackobsen støvlane på (fyrste gong sidan i vår) og regnfrakken min (full av paraplyar). Blei ein lang dusj når eg kom heim, stor kopp te og Supernatural på DVD etter på :)

lørdag 15. august 2009

Utfordring - Dag 5

Det blei ingen fjelltopp idag for eg bestilte meg time til dyprens etter jobb. Det var skikkeleg deilegt, og som så mangen før meg så hadde eg problem med å halde meg vaken. Men vel ferdig - eit "par" kroner fattigare - ein augekrem rikare så fant eg ut eg skulle ta den lange vegen heim.

Turen var utan overraskelsar, eller kanskje eg berre var for avslappa etter dyprensen... Eg sleit uansett med å få eit skikkeleg bilete på turen, soppen blei det beste... Likar ikkje å bruka blitz, men denne var heilt åleine mellom nokon steinar overdekka i mose, så... Turen var uansett ein god avsluttning på behandlingen min. Kanskje fjelltur imorgon?

torsdag 13. august 2009

Utfordring - Dag 4

Idag var det ikkje vore lett å få pressa inn ein tur... Skulle fyrst gå i arbeidstida, vi har nemleg ein særs kjekk ordning - men tida for frå meg. Når eg sprang frå jobb for å nå bussen til byen var det for å fiksa nytt periodekort til bussen, ete noko middag og setja meg på pub for å strikka. Alt dette fekk eg gjordt fram til eg tok bussen heim kl 22:00...

På bussen heim fant eg ut at om ikkje turen blei lang så skulle det bli tur. Så ein kjapp 30 min rett før eg skulle leggja meg fekk eg til. Bilete som dokumenterar turen vart ikkje særleg bra då lysforholda var blitt litt labre så seint på kveld. Skal ta det att på dag 5, det er jo trossalt fredag :)

onsdag 12. august 2009

Utfordring - Dag 3

Idag gjekk turen ein annan runde i nabolaget. På mine vandringar kom eg over dette dissestativet, såg ikkje ut til å vera overforbruk på det.

Det såg lenge ut som det skulle byrja å regna, men iløpet av turen så blei skyane lettare, det blei lysar og etterkvart blei skyene alle moglege fargar. Så no kryssar eg fingrane for fint vær i morgon, då skal eg nemleg benytta meg av moglegheita til å gå ein tur i arbeidstida.

Kamera er i veska alt, og no er det så godt som sengetid :)

tirsdag 11. august 2009

Utfordring - Dag 2

Idag fekk eg med ei venninne på tur som gjekk ned til ein lokal badeplass eg ikkje viste om. Sola kom fram og alt så ingenting kunne vore betre. Som bilete visar så var det idyllisk i vatnkanten, nesten så ein fekk lyst til å bada :)

Det vi ikkje tenkte på der vi gjekk var att tilbake fekk vi kun oppoverbakkar... Turen blei plutseleg litt meir svett enn fyrst antatt, men vi overlevde og er godt nøgde begge to.

Så no skal eg strikka litt og fundera på kor turen skal gå i morgon :)

mandag 10. august 2009

Utfordring - Dag 1

Har meg oftast ein bloggrunde kvar dag, og idag når eg las Lises Hobbyblogg så utfordrar ho alle som hadde moglegheit til å gå ein tur kvar dag denne veka. Dette er det jo ingen som har direkte ilt av, så då eg ikkje har nokon store planar etter jobb denne veka så har eg satt meg på lista :) Torsdagen har eg strikkeklubb i sentrum, men skal klara å lura inn ein tur på eit vis den dagen og :)

Byrja veldig roleg, gjekk til nærmaste skogholdt i nabolaget og gjekk inn i håp om å kanskje fylla ein liten pose med blåbær. 3 ss med blåbær, lilla fingertuppar og 45 min seinare gjekk eg heim for då kom regnværet som var meldt idag. Så bidrar med eit lite skogsbilete frå turen min, fekk teke 2 bilete før kamera var tomt for batteri.

Må hugsa å lada batteriet til i morgon :)

Inne-strikke-sko

Til jul ifjor var det marknad på jobb, der var det annonsert salg av inne-strikke-sko. Dette lurte ein kollega på korleis såg ut, noko eg og gjorde. Ein annan kollega meinte at ho var i besetjing av eit par og kom med eit par tøflar (som eg ville kalla det) på jobb og eg fekk låne. Fant oppskrifta ved hjelp av nokon kjekke damer på Hobbyboden, og bestilte (på Atelje Margaretha, under strikkin/hekling og sokker/tøfler).

Oppskrifta visa seg å vera av størrelsen 39, noko som stemte etter å ha strikka det fyrste paret. Litt lite kanskje for ein vaksen kar, min kollega altså. Så eg satt meg ned i forrige veke (inspirert av vedkommandes bursdag) og teikna nytt mønster til auka antall maskar. Eg blei veldig nøgd med resultatet, er jo mitt fyrste mønster/justering av oppskrift. Dette eksemplaret av "inne-strikke-skoen" blei heller i størrelsen 44-45, og kanskje litt for stor, men pytt pytt :) Inne-strikke-skoa blei overlevert på bursdagsfesten på laurdag og hamna på føttene med ein gong.

No ser eg fram til at mottakaren skal fullføra sin del av dealen, han uttalte nemleg at dersom han fekk inne-strikke-sko så skulle han springe som ein gaselle gjennom gongane på jobb. Han har 2 veke ferie til å trena gasellespranga på og vi andre har 2 veke på å lada batteria til alle kamera.

søndag 26. juli 2009

Sommardessert

Denne paien er så god så har bestemt meg for at alle fortjenar å ha tilgong til oppskrifta :) To tommlar opp av alle som har vore på JuliTreFest dei siste to åra.

Banansmuldrepai m/sjokolade

Smuldredeig:
125 g kaldt smør/melange
1 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn
75 - 100 g kokesjokolade

Fyll:
4 bananer
2 ss smør/melange
2 ss brunt sukker

Sett omnen på 200 grader. Bland kjapt smør, sukker og kveitemjøl, bland havregryn i tilslutt. Fordel halvparten i bunnen av en paiform, forsteik i 10 min.
Skrell bananen, del i to og halver på langs. Steik raskt i steikepanne med smør og brunt sukker (karamellisere). Legg bananene i formen. Hakk sjokoladen og bland med resten av smuldredeigen som fordeles over banane. Steik i 10-15 min eller til lokket er gyldent (framleis 200 grader på omnen). Server varm med vaniljeis til.

Denne paien er grei å gjere ferdig fram til siste rest av smuldredeigen er fordelt over bananene og så ta den med i selskap og steike ferdig og servere varm der. Ein sikker vinnar tørr eg nesten påstå :)

Terningkast: 6

Bursdagsgåve til meg sjølv!!

Eg har spandert på meg macro objektiv til kameraet mitt. Under er eit par eksempel på bruken av objektivet. Der er framleis ein del prøving før eg vert brukbar i bruken av dette objektivet. Bileta eg har teke til no er sånn passe, men håpar på WOW-bilete i framtida :) Merk at edderkoppen er bittelitt større enn eit knappenålshovud.