fredag 31. desember 2010

Sydney Operahus

Dette bygget treng ingen introduksjon reknar eg med :) Det er jo ein interesant og litt rar bygning, men ein ting skuffa meg stort... På kveldane så var den sjeldan og aldri opplyst, og dette er ein bygning som ber som å bli opplyst. Bergen er flinkare med å lyse opp Ulrikken enn Sydney var til å lyse opp Operahuset på nattestid. Nattebilete eg har av Operahuset var berre eit eingongstilfelle, vanlegvis var der toppen 3 lommelykter som lyste på det. Trur Operahuset er den eine tingen eg kan seie eg har gjort meg ferdig med i Australia...

Resten av Australia må nok besøkjast igjen. Ein veit at det er eit stort land, men at det var så stort blei iallefall eg klar over fyrst når eg kom ned. Neste gong skal eg ikkje reise på slutten av året, heller på starten :)

torsdag 30. desember 2010

Jentetur til Melbourne

Ein liten gjeng på 5 jenter tok turen til Melbourne; meg, Camilla, Rine, Leyla og Cathrine ("samboaren" til Leyla). Tiger Airways er ikkje å anbefala når det skal flygast innlands i Australia...

Melbourne er ein by som virkar til å vera veldig ulik mangen av dei andre byane i Australia. Den har eit meir europeisk preg. Byen lønnar og ein liten hær med kunstnarar som har i jobb å dekke over tagging. Byen er og dekka av kunstverk langs gatene og inn i smug. Ein må følgja med heile tida.

Bileta, øverste halvdel:
Øverst til venstre: Ved eit overgangsfelt midt i byen traff vi på desse tre karane, skikkelege sjarmørar. Vi var solgt alle :). Vetle bilete under til venstre: St. Pauls Cathedral ala Australia. Ei flott kyrkje, men ikkje like imponerande som motparten i London. Vetle bilete under til høgre: Tre benkar var plassert utanfor St. Pauls og foran dei stod det Ladies only. Den var ny, og karen som satt seg brydde seg ikkje så veldig. Stort bilete oppe: Cooks Cottage, som i barndomsheimen til Capt. Cook som "oppdaga" Australia. Flytta til Melbourne frå England, stein for stein. Vetle bilete oppe og nedover (3 stk): Dette er kopi av fosilet til eit maurpinnsvin. - Så har vi det artig i hagen til Cooks Cottage. Trur ikkje eg har ledd så mykje på det eg kan minnes. - Så har eg klart å ta eit bilete av solnedgongen over Melbourne frå toget frå ein bydel litt utanfor.
Underste halvdelen:
Vetle bilete oppe til venstre: Denne papegøyen eksisterte kun for å dekka over nokon som ikkje såg like kult ut på same veggen. Det same gjelder det storte bilete til høgre. Det midels store bilete nede til venstre er ein installasjon som vi tilfeldigvis såg inn eit smug og måtte sjekke nærmare. Hang på veggen frå 3. etasje og ned til litt over døre i 1. etasje. Skikkeleg kul. Resten av dei små bileta visar korleis heimelaga/handlaga drops blei til. Dette oppdaga vi i eit butikkvindauga vi gjekk forbi, så den butikken måtte vi sjølvsagt inn i :)

Gjentar at Tiger Airways er ikkje anbefalt til innlandsflygning i Australia. Dårleg info, plutselege ekstra utgifter og veldig varierande service. Ellers var Melbourne ein opplevelse, der det gjenstår masse.

onsdag 29. desember 2010

Taronga Zoo

Ein liten ferjetur frå Sydney Harboure ligger Taronga Zoo. Dit reiste eg, Camilla og Leyla (ein medstudinne av Camilla). Alle er vi fans av søte dyr. Så dette kom til å bli ein kanon dag :)

Bileta:
Øverst til venstre: Her er Sydneys største landemerker sett frå kaien til Taronga Zoo. Midten oppe: Koalaer er søte, og dei vert ikkje mindre søte når dei søv i stillingar som er ubeskrivelege. Midten under: Virka som fleire enn oss nøt sola den dagen. Øverst til høgre: Fluffy profil av beste sort. Vil KOSE med!!! Midte venstre til høgre: Sebraene delte innhegning med sjiraff, søte var dei alle. - Vi såg og Edderkoppaper, i solsteiken hadde dei søkt tilflukt i skyggen og tok seg likegreitt ein lur. - Eit anna landemerke i Sydney er Sydney Tower (dit kom eg meg aldri). - Vi kom oss på hagens selshow, her demonstrerte ein sel kva dei kunne finne på å gjere med eit stykke fiskegarn som kunne flyte rundt i havet. Moro på show, ikkje fult så kjekt på skikkeleg. - Surikat'er er noko av det søtast på ein savanne, det er iallefall eg overbevist om.
Under til venstre: Gjennom glass kunne vi trygt beskue løvene. Hannløva ved Taronga var eit imponerande skue. Flott kar. Midten oppe: Taronga Zoo hadde nyleg fått ein ny "innbyggar", ein dødssøt liten baby elefant. Midten under: Pingviner!!!! Treng eg seie noko meir? Under til høgre: Sjølvsagt var der kenguruar i hagen og. Innhegningen hadde sikkert alle typar kengurudyr i seg, og den fekk vi gå gjennom :)

Nok ein kjekk dag i Australia. Rart eg kom til nesten 1300 bilete på turen?

tirsdag 28. desember 2010

Bondie Beach - sun, surf og badevakter!

Bondie Beach var ein sjølvsagt strand å besøkja, og ja eg har sett på Bondie Rescue. Men når vi var på Bondie så forstod eg kjapt at eg ikkje har sett nok. Veit absolutt ikkje kven av livvaktene på TV'en eg har eller ikkje har sett. Når vi ankom stranda såg vi at filmteamet var på plass denne dagen, men der var lite action. Såg ein gong at 2 politifolk kom springande ned trappa ved vakthuset, hoppa opp bakpå den lekre vetle badevaktbilen og blei kjørt bortover stranda. Filmteamet kom styrtande etter 2 stk på ein ATV. Meir fekk eg ikkje med meg dessverre.


På bileta er der litt fokus på badevaktene og vakthuset. I tillegg er der eit bilete av Camilla som benytta tida på stranda til å lese bok og jobba med brunfargen. Der er og eit bilete av 2 ridande politi som patruljerte stranda og promenaden. Hestande var pynta med nissehuer :)Eg benytta dagen på Bondie til å bada og sola meg. Eg holdt meg ikkje mellom flagga, men eg symde heller ikkje. Blei til at vi gjekk utover til vi hadde havet til midt på magen, dukka oss under og gjekk tilbake. Vi kosa oss på Bondie Beach, det var faktisk vanskeleg å ikkje gjere det.

Sydney Chinese Tea Garden

Blei kjent med to jenter i Australia. Rine kom ilag med Camilla til Australia for å studere, Beate kom ned for å besøkja Rine. Vi tre tok ein tur på Chinese Tea Garden siste dagen Beate var på besøk. Roen i den hagen var utruleg når ein såg alle dei store husa som omkransa hagen. Der var flotte bonzai tre, små stiar omringa av bambus som susa i vinden. Ein rundtur blei avslutta med te og brus i tehuset i hagen. Ein veldig flott opplevelse. Så tusen takk til Rine og Beate som ville vera med meg :)

mandag 27. desember 2010

Whitsundays, GBR og Cairns

Vi bevega oss, men tilgongen til pc etter vi kom att var litt sporadisk og ikkje med tanke på å laste opp bilete eller å laga blogginnlegg. Kva har vi romjula til :)

Vi hadde planlagt noko, men pga særdeles dårleg vær så blei det gjort litt endringar. Vi enda med å reise til Hamilton Island, ta båt til Long Island, overnatta der 4 netter for å dykke (men blei regn, backgammon og strikking istaden), så droppa vi Fraser Island (grunnet dårleg vær og flomvarslar), reiste til Cairns (med Greyhound), livabord båt på Great Barrier Reef (2 dagar, 1 natt og 6 dykk), tilbake til Cairns 1 dag før vi måtte tilbake til Sydney fordi Camilla måtte pakke seg ut av hybelen sin.

Bileta: Øverste halvdel er frå Whitsunday Islands (Long Island) og underste halvdelen er frå Great Barrier Reef og Cairns.
Øverste halvdel fyrst; Stort bilete: På resorten gjekk ein del Wallabys laus, blant anna ei som hadde ein Joey (namnet på babyane). Desse to måtte eg følgja etter og fotografere ein del. Vil kosa med!!! Mindre bilete oppe til venstre: Her er ein Knelar. Denne kom flygande ein kveld vi satt ute og såg på tropenatta. Eg måtte sjølvsagt fotografere, men eg blei vist litt for innpåsliten så han gjekk til angrep og eg flykta høglydt og Camilla LO!!. Oppe til høgre: Flygehundar. Desse hang i massevis i eit tre bak hovudinngongen til resorten og dei BRÅKA, skråla noko heilt sinnsjukt. Nede til venstre: Heldigvis såg vi ikkje så mangen av denne typen up close, sjølv om der var edderkoppar over alt. Vi gjekk tur i "regnskogen" på øya når det slutta å regne, og der var høg armføring nesten heile vegen (fram og tilbake). Nede til høgre: Vi fekk eit veldig nært forhold til hotelparaplyane våre. Her er vi på ein liten tur til andre sida av øya med paraplyane. Andre sida av øya (i forhold til der vi budde) var heile 100 m (toppen).
Underste halvdelen, småbileta: Oppe til venstre: Her er vi påveg ut til Liveabord båten på Great Barrier Reef (GBR) for å dykka. Påvegen ut får vi ein liten gjennomgong av reglar på båten, korleis opplegget funkar og kva vi kan forventa oss av dykkinga på GBR. Oppe til høgre: Solnedgongen mot fastlandet frå liveabord båten. I det eg tek dette bilete får vi beskjed om å gjere oss klar for å ta eit nattdykk på GBR. Når vi står klar for å hoppa i havet ser vi lyn i same rettningen (men ingen lyd). Nattdykk på GBR var konge! Nede til venstre: Kan du tru det? Eg gløymte å ta med batteriladaren til kompaktkamera mitt (undervannskameraet), så eg fekk kun tatt ca 10 bilete på 6 dykk. Nedtur! Vi såg hai, men fekk ikkje noko bra bilete av det før batteriet gjekk tomt. Såg mykje anna kjekt der og. Nede til høgre: Cairns Lagoon. Der var nemleg observert krokodiller langs strendene i Cairns så folk var oppfordra til å halde seg unna. Lagoonen var staden der folk samla seg for å kjøla seg ned. Stort bilete: Turistbrosjyrebilete av GBR. Blått roleg hav og ein båt mot horisonten :)

mandag 29. november 2010

Vi bevegar oss

Då har eg og Camilla vore ein liten tur i Sydney på sightseeing. Dette skjedde på laurdag. Det blei ikkje så mykje som eg kunne tenkt meg, men dette var ikkje fordi lysten ikkje var der men fordi skoa ikkje var av typen gå langt og lenger enn langt...

Vi byrja med The Rocks, dette er området frå hamna og til under Sydney Harbour Bridge. Der var det marknad kvar laurdag. Haugavis med boder og mykje fint, faktisk så mykje at det blei litt overveldande. Så gjekk turen vidare inn mot hamna, her tok vi ein liten avstikkar inn i Botanical Garden (Oriental Garden-delen) og tilbake til Sydney Opera House. Dessverre hadde skoa drept føttene våre då så vi snitta berre bygningen. Men vi har planar om å komma tilbake seinare, og då SKAL eg gå amok der :)

Idag (måndag) har vi då fiksa oss fly til Hamilton Island, Whitsundays Island, litt nordover langs østkysten. Derifrå skal vi ta ein liten båttur til Long Island til Barefoot Lodge der vi skal bu til laurdag. Og gjett om eg og Camilla skal dykka på Great Barrier Reef derifrå :) Så har vi tenkt å bevega oss sørover mot Sydney, men skal stoppa på Fraser Island og teste ut campinglivet ala Australia. Når vi har fått nok av sand i rompesprekken så tek vi fyrste fly tilbake til Sydney. Camilla må nemleg pakka saman og flytta ut av hybelen sin. Men når det er gjort så finne vi nok på noko meir.

Oppdateringar, bilete og opplevelar frå turen som ligg foran oss no, vil nok dukke opp her :)

lørdag 20. november 2010

Den lange reisen

Eg har vore på lange turar før, men aldri åleine. Alt er så mykje lettare når ein er fleire om å passa på kvarandre. Denne gongen skulle eg reise åleine og som de ser av boardingpasset mitt så skulle eg bytta fly eit par gongar. Min største frykt før turen starta var at eg kanskje ikkje fekk transit på bagasjen heilt fram, men det fiksa seg heldigvis :) Ruta var kanskje av dei litt knotete, men slikt må ein ta med seg når det er prisen på turen som rådar. Så på Kastrup var vedkommande som satt ved sida av meg så supersnill at ho fulgte meg til passkontrollen før ho gjekk for å henta eigen bagasje for så å køyra heim litt utanfor København.
I London Heathrow var det berre å følgja skilta, been there done that for å seie det slik. Neste stopp var Hong Kong International Airport (se bilete til venstre), betjeningen på flyet dit var fantastiske. I 11 timar og 20 min så var dei rundt i kabinen, smilande og blide og med mat, drikke og assistanse. Takk og lov for underhaldningssystemet i nakkestøtta på alle stolane. Såg 3 filmar, litt TV og høyrte litt musikk. Så var 11t 20 min puff - borte!
Siste og endelege stoppet på turen er Sydney. Slo mobilen på når flyet var komt til gaten, og klokka viste 06:53 lokal tid. Då var det ut, følgja skilta til baggage claime, fant ein minibank og tok ut litt peng. Gjekk gjennom passkontrollen, fekk baggasjen rimleg kjapt og må beklagar til alle som håpa å sjå meg på Grensevakten, men tollen tok meg 3 min... Så var det å finne bussane som køyrte til Central Station der eg skulle møte Camilla (togtrafikken var nemleg satt ut av drift idag, typisk). 1 time etter eg slo på mobilen var eg allereie på bussen mot sentrum faktisk. Så til høgre er bilete av inngongen som eg valgte å stå ved til Central Station.
Camilla kom til slutt, flyet var nemleg for tidleg og eg var for kjapp så stakkars Camilla blei for sein :)
I skrivende stund sit eg på leksepulten til Camilla og ser på den blå himmelen og kvite skydottar. Camilla høyre på ein lecture... Snart er det butikken som står for tur.
Eg er glad eg er framme, eg gledar meg til å sova inatt, eg er spent på kva ferien vil bringa.

torsdag 11. november 2010

Leopard med mjukt indre

Tove, AC og Sissel (venninna til AC) var ein bitte liten tur til København. Var kjekt å høyre på alt dei hadde sett, gjordt og handla. Feira AC sin bursdag gjorde dei og, GRATULERAR igjen!! MMS'en av drinkane dei feira med kom til meg fyrst 2 dagar etterpå. Sikkert det kalde været som har sinka den :)

På bilete er den fantastiske overraskelesen eg fekk når dei kom heim. Den er artistisk innpakka av Tove, ho har nemleg mastergrad i gåvepakking :) Garnet, Onion er ein fin blanding med camel og merino, og med ein lekker, roleg lilla farge (perfekt). Gledar meg heilt sinnsjukt til å strikka med det. Trur eg må avvente med å strikka det til i jula. Må ha noko strikkesnop å gleda meg til og :D

TUSEN TUSEN TUSEN TUSEN TUSEN TAKK!!

Tida flyr, men har gjordt litt...

Om ikkje mykje så iallefall litt. Har tatt ein del bilete, strikka ein god del og jobba endå litt meir. Har og bestilt årets ferie, og sidan den skal skje no snart så har eg måtte laga det meste av julegåvene for i år. Får litt lite tid til å fiksa alle ideane mine etter ferien. Og kor går ferien så seint på året spør du? Australia, for å besøkja ei veldig god venninne som har studert der det siste halve året. Det skal bli godt å få ferie snart, litt lite med nesten 11 mnd utan meir enn 1 veke ferie, nokon avspaseringsdagar og helligdagane på våren...

For å fortelja litt om bileta over så er dei resultatet ein tidleg søndag etter ein gløymsk nattkino laurdagen. Klarte å legge igjen mobilen på kinoen ei tid tilbake. Heldigvis såg vi siste filmen og vi var dei siste til å forlate kinoen. Så viste at mobilen ville vera på kinoen, men pga litt dårleg kommunikasjon mellom vaskebyrået og kinoen så reiste mobilen min på tur... Kinoen var behjelpeleg med å ringa opp vaskebyrået og fekk mobilen tilbake. Så i mellomtida gjekk eg å fotograferte litt i sentrum og fekk mobilen tilbake litt utpå ettermiddagen. Har meir flaks enn lovleg av og til :)

søndag 5. september 2010

Fotosafari

Allereie har det gått ei veke sidan eg, Tommy og Hege tok turen til Gamle Bergen og kaiområdet nedanfor. Blei plukka opp av Tommy og Hege og påveg til Gamle Bergen åpna himmelen seg. Ikkje noko nytt i denne delen av landet, men når planen er å fotografere så er ikkje regna alltid ynskje værforhold.

Men nokon gongar så har ein flaks i denne byen og, så idet Tommy styrte bilen ned til Gamle Bergen så slutta det nesten å regne heilt. Og som bileta kanskje visar så kom sola og blå himmel. Det blei med andre ord plutseleg ein fantastisk flott fotosafari i Gamle Bergen og omeng.

Avslutta fotosafarien med brødskiver med pålegg og visning av alle bileta heime hjå Tommy og Hege.

Tusen takk for ein kjempeflott dag Tommy og Hege :) Må gjentakast...

onsdag 25. august 2010

Luftig varm hals

Denne sommmaren er ikkje den som går inn i historiebøkene som tidenes varmaste, beste, med mest grilling, flest flasker med solkrem tømt... Så har strikka pulsvarmar og halsar denne sommaren.
Denne halsen har eg "dikta" saman sjølv, og syns den blei veldig fin. Funkar veldig bra med eit par sko eg har i nesten same fargen :)

Denne er ikkje revlusjonerande, men etter å ha lest nokon strikkeblad så gjorde eg følgjande:
Garn: Pickles Cashmerino, 2 nøster
Pinne: 7mm

Legg opp 126 masker og strikk ein omgong rett.

Omg. 1: *1r, 1vr, 1r, 2r sm fra baksiden, 2 kast, 2r sm* Gjenta ut omg
Omg. 2: *1r, 1vr, 2r, strikk første kast rett, strikk andre kast vrangt, 1r*

Gjenta desse 2 omgongane til der er nok garn til å felle av med. Før felling bør strikket avslutte med omg. 2, då vert det lettast å felle.

søndag 15. august 2010

Den nyaste verdensborgaren

kom til verda torsdag 12. august. Så ein liten familie er født.

Nye verdensborgarar gå sjeldan ubemerka forbi. Så etter eg rette feilen fyrsten gongen (trudde det blei gutt...), så fekk eg strikka eit Melkers Hentesett i krem og baby-rosa. Det å sende det til ho mor var ikkje like lett. Hadde settet i veska i sikkert 2-3 veker før eg fekk fingen ut. Men fekk sendt og det kom fram før tulla blei født.

Ynskje den nye familien alt vel :)

Ei lita ferieveke

Veka etter Muse-konserten var eg heime i sogn. Der venta eit hus som trengte eit nytt strøk maling. Men før ein malar så må ein vaska med kraftvask. Været var så som så, men vi hadde heldigvis ein del opplett med vind så når vi fyrst byrja så gjekk alt knirkefritt. Når eg reiste tilbake til Bergen etter ei veke var der berre mindre ting som gjensto å mala.

Hadde sjølvsagt med kamera og ikkje alle bileta var av pappa og broderen som vaska huset (hjalp til altså). Edderkoppen satt no berre der. Fant og nokon fluer i mangen flotte fargar men den rotne soppen dei stod på var ikkje så delikat...

Sommerkonserten - Muse

Bedre seint enn aldri er det heldigvis noko som heiter, har nemleg ikkje vore heilt i bloggehumør i det siste. Så sommerkonserten den 23. juli kjem fyrst no.

Britiske Muse tok turen til Bergen denne fredagen. Det var lange fare for været, men det blei knakande bra :) I sola prøvde Magnet og White Lies å varme opp publikum før hovudattraksjonen kom på scenen.
Muse var imponerande, så det blei ein fin start på ferieveka eg byrja den dagen :)

torsdag 15. juli 2010

Ingenting muffins

Er det nokon som er i vinden for tida, truleg over heile verda, så er det muffins. Har alltid likt dei amerikaske ekstravagante muffinsane, men klarar eg å laga noko liknande? Har mine tvil, men utan å prøva så får eg det iallefall ikkje. Så jakten på muffinsoppskrifter var i full gong.

Har funne fleire bloggar der ute med mangen flotte muffinsoppskrifter. Har til no prøvd 4 muffinstypar frå Pickles.

Nr 1: Sitronmuffins med valmuefrø - veldig god muffins, ufatteleg luftig. Neste gong må eg laga desse i større muffinsformer, dei var så gode men så luftig at ein liten muffins blei for liten.

Nr 2: Bananas bringebærmuffins - men med bjørnebær. Følte meg veldig sunn når eg laga desse, like så når eg spiste dei. Dei var skikkeleg gode og veldig mettande. Fancy frukost med stor kopp te. På bilete, underst.

Nr 3: Rabarbramuffins uten like - endeleg har eg fått laga noko med rabarbra, og desse muffinsene var perfekte. Desse skal eg prøva å laga igjen, men sidan rabarbera er langt mellom kvar gong ein får tak i så skal eg prøva med annan frukt. Kanskje epler neste gong.

Nr 4: Kokos og lime-muffins - dette var muffinsen som berre såg så imponerande ut at dei måtte testast. Ein vaksen muffin med skikkeleg flashy topping. Den var like god som den ser ut, men ein muffins held lenge. På bilete, øverste.

Tusen takk til Pickles, kjem nok til å prøva fleire av muffinsoppskriftane deira plutseleg. Men skal prøva oppskrifter frå andre bloggar og. Tek gjerne imot forslag til bloggar å sjekke og :)

tirsdag 6. juli 2010

Babystrikk og ein bommert

Det er ALLTID kjekt å strikka til småfolk, så når 4 kollegare er gravide så finn eg fram strikkepinnane. Men det er ikkje alltid like lett å halde styr på kven som får jenter og kven som får gutar...
Eg hadde strikka to Lille søster kjoler og to sett med Melkers hentesett. Garn til kjolene var tweed som eg hadde handla på Garn.dk, så veit faktisk ikkje kva merke det er då nøstene kom utan merkelapp. Hentesetta var strikka med garn frå Pickles, Pickles Cashmerino og Pickles Extra Fine Merino. Knappane på kjolen har eg kjøpt på Etzy, frå ein som kalla seg AimooBaroo. Veldig fornøyd med knappane og servicen. Knappane til hentesetta er handla på Knapphuset i Bergen, noko meir veit eg ikkje å fortelja...

Når eg skulle merke det fyrste hentesettet så klarte eg å svi det med strykejernet, så eg måtte strikka ny av restane mine. Så jakka nede til høgre med striper på ermene er resultatet. Men idag på jobb fekk eg vita at ho som skulle få hentesettet skulle ha jenta... Ikkje gutt som eg var overbevist om. Vel nytt garn i korrekte fargar er bestilt, så helgestrikkingen er sikra :)

Kjolane har komt fram til mottakarane og det hentesettet som ikkje blei øydelagt er levert. No berre håpar eg på gleda av å sjå småfolk i det eg har strikka :)

Gratulerar og lukka til til alle jentene og babyane :)

Betre seint enn aldri...

Oddis har sykla Bergen / Voss i år og...

Han fullførte og satt ny personleg rekord, så hatten av for han og fyrverkeri :)

Fullført ritt blei feira med avslapping på hytta til Bjørnar med familie. Det etter at Oddis hadde vaska kroppen i eit tjern på fjellet. Som bilete gjev inntrykk av så var ikkje temperaturen til å ropa hurra for.

God mat, godt selskap og masse avslappning. Kunne ikkje bli betre fyrste helga i juni 2010.

Litt meir om Bryllaupssjalet

Då Charlotte gifta seg ville eg gjerne laga noko spesielt, noko ho kanskje ikkje tenkte på at ho kunne komme til å trenga.

Eg viste det måtte bli eit sjal, men hadde inga oppskrift klar, men viste at det skulle vera eit trekantsjal. Etter lenger tid med å sjekke oppskrifer overalt, så bestemte eg meg for eit hekla sjal på Garnstudio. Mønsteret gav eit luftig sjal som ein ville sjå mykje av brudekjolen gjennom, men samstundes kunne ein luna seg under det.

Så var det spørsmål ang kva garn eg skulle bruka. Tove hadde kort tid før laga eit skjerf med Jaipur Fino og ho var veldig nøgd med det garnet, og ho hadde funne ein nettbutikk i danmark som solgt eit stort utvalg :) Så på sida fant eg ein grønnfarge (fargen for fruktbarheit) eg likte.

Eg handla inn og byrja. Kvelden før bryllaupet satt eg på eit baderomsgulv og blokka sjalet. Så i god tid :)
Hang eit hjarte i kvar ende, for bruda og brudgomen. Som bilete her og tidlegare har bevist så blei sjalet brukt, så får tida visa om grønnfargen fungerte.

onsdag 2. juni 2010

Bryllaup!!!

Charlotte har gifta seg med krigaren sin frå World of Warcraft. Dei er blitt Mr. og Mrs. Warcraft :)

Telefonen min ringte ifjor sommar fyrste gongen, trur det var då iallefall. Då hadde Coen og Charlotte bestemt seg for at mai iår skulle ringen på fingen, og eg blei invitert. Slike invitasjonar kjem ikkje ofte, så det var ingenting å tenkja på og eg sa ja med ein gong.

Eg var delvis utskremt fotograf i bryllaupet. Så la meg ta dykk med i bryllaupet som fant stad 28. mai 2010. Småbileta fyrst, det store i midten talar for seg sjølv :) Øverst og rundt ramma mot høgre.

1: Charlotte fekk eit aldri så lite vått utdrikkingslag den 15. mai, spa faktisk, bilete er i frå boblebadet. 2: Dei fleste bruder tek turen via frisøren tidleg morgon på bryllaupsdagen, Charlotte stilte opp 0730 då frisøren ho skulle ha var blitt sjuk og den nye ville ha litt ekstra tid utan prøverunden. 3: Så er Charlotte i bilen, avventar småting som var lagt att i leiligheita og som Camilla sprang etter. 4: Coen har ankommet Oslo Tinghus etter å ha henta familien som stod veldig tidleg opp denne dagen for å fly frå Holland for å delta på bryllaupet, han veit å festa med litt champagne.... brus :) 5: Brudeparet, fulgt av brudefølgje, mot semonisalen på Oslo Tinghus. Dei tek seg riktig så godt ut syns eg :) 6: Dommaren som foretok vielsen var veldig dyktig. Det var veldig romantisk og intimt. Kjapt, nesten for kjapt... Vi hadde veldig god tid etter det. (fortsetjer under bilete)

7 & 8: Utanfor Oslo Tinghus blei det tid til litt obligatorisk fotografering. Og allereie er det rom for litt tull og fanteri i det kanskje 15-20 minuttar lange ekteskapet :) 9: Charlotte og Camilla slår av ein liten prat, planleggar nok dagen vidare. Her må eg jo og skryte av sjalet som Charlotte har på seg. Det har eg hekla til ho. Har brukt Jaipur Silke, bestilt på garn.dk og oppskrifta er her. 10: Charlotte og Coen hadde invitert heile selskapet sitt med på fest i 3 dagar på Kiel-ferja. Tidlegare koleggarer på båten hadde rotta seg saman, så brudeparet måtte ta ein liten brudevals på toppdekket som var fylt med andre passasjerar. Coen gjorde det vitterleg med stil :) 11: Under middagen var der eit par talar, bl.a Hilde (Charlottes forlovar). Ho fortalte om dei fyrste norske setningane som Coen lærte av ho. Rompe og Charlotte var nemt :) 12:Dessert var bryllaupskaka, og du og du var den god!!! Sinnsjukt god, måtte faktisk lura til meg ekstra stykke :)

Turen var fantastisk, bryllaupet var fantastisk, maten var fantastisk, nye bekjente var fantastisk, været var fantastisk, sjøen var fantastisk... Alt var fantastisk!!

MÅTTE SOLA ALLTID SKINNA PÅ MR. & MRS. WARCRAFT!

onsdag 12. mai 2010

Loke var konfirmant

Som så mangen andre denne mai månaden har eg vore ein liten tur i konfirmasjon. Kven sin konfirmasjon? Jo, nevøen min Loke. Eg må innrømma at eg er nok den værste tanta han har, men av forskjellege grunnar har det dessverre ikkje falt seg heilt naturleg å ha kontakt slik kanskje folk flest har med nevøar og niesar.

Men dette betyr jo ikkje at eg ikkje er riktig så fornøgd over at Loke er blitt så vaksen at han faktisk er blitt konfirmert. Dette er då rett etter at det værste sjokket over å plutseleg bli 15 år eldre er overstått.

I kyrkja måtte eg og mine foreldre, Lokes Farmor og min pappa, sitja på galleriet. Kyrkja var faktisk så full at det nesten rant over. Såg alikevel Loke frå plassen min, og hugsar eg tenkte kor orginalt av han å ha raud skjorte til dressen sin. Det viste seg då seinare, som de ser av bileta, at Loke hadde bunad. Såg ut til å vera einaste guten i rekkjene med bunad og. Way to go!!!

Må ta hatten av for Loke, han stilte sporty opp til alle mulige slags kombinasjonar av bilete. Greitt han laga mangen fjes, men kven av oss i 15 års alderen gjorde ikkje det etter meir enn 30 min med non stopp fotografering? På bileta har vi så sjølvsagt konfirmanten som gjennomgåande tema. På det øverste bilete er han avbilda med besteforeldra sine, så gjett kven som er min mamma og Lokes Farmor. Nederst er konfirmantens foreldre, der han pappa er min kjære halvbror. Den hoppande guten i midten er neste års konfirmant, Lokes vetlebror.

Gratulerar med vel overstått konfirmasjon Loke :) 

søndag 18. april 2010

Gåveleiking

Ikkje ofte eg sleng meg med på trekningar. Er nok dessverre altfor pessemistisk, tippar ikkje lotto heller eg. Er og fult klar over at den som intet våger intet vinner, at den som ikkje deltek vinn heller ikkje osv... Men Gåveleiken som eg kom over på reSIRIkulert prøvde eg meg på, og kom gjennom nålauga :)

Så her for vel over ei veke sidan åpna eg postkassen og for ein gong skuld så var det ein pakke som venta på meg. SPANANDE!!!

Sprang opp trappa, låste opp døra og kasta av meg ytterklea og byrja pakka fram...

Fyrst kom eg fram til ein pakke som var flott innpakka med hjarta på og alt (hjarta heng på innsida av ytterdøra mi no). Så pakka eg opp den flotte pakken og då skua augene mine på ein heimestrikka klut (noko eg aldri har strikka sjølv), eit hekla armbånd (som eg hadde beundra på reSIRIkulert sin blogg), ei hekla nålpute (som eg har sett mangan stader i bloggverda og alltid hatt lyst på) og eit veldig koseleg kort. Dette var kjempe koseleg, så no er det min tur å fortsetja leiken :) Dette er veldig mykje kjekkare enn kjedebreva frå barndommen :)


Reglane i gåveleiken er at ein meldar seg på, mottek ei gåve og skal så senda ei gåve vidare til tre nye deltakere innan 365 dagar. På den måten kan flest mogleg etterkvart motta ei fin, og kanskje handlaga, gåve i posten. Kor koseleg er vel ikkje det...?! :o) Så har nokon lyst til å prøva lukka og sjå kva eg kan koka saman til gåve så er det berre å spørja i kommentarfeltet mitt (eller på skravlebrettet) :)

lørdag 17. april 2010

Tovemor hadde bursdag :)

Det er ikkje normalt å legge ut bilete av ting ein skal gje vekk før mottakaren har motteke. Men når mottakar har motteke så er det trygt å skryta litt. Slik som eg som for fyrste gong har sydd etui.

Dette er eit i utgangspunktet eit heklenål etui med plass til korte strømpepinnar. Laga av stoff frå Ikea og Stoff og stil.

Mottakaren var TOVE, ho hadde bursdag i forgårs. Snart blitt vaksen no :)

Påsken 2010

Eg veit påsken er over for lengst, men betre seint enn aldri som det heite så...
Ein relativt ny tradisjon i påsken held ein ikkje alltid fult styr på når ein starta med, men gjennomførar den iår som tidlegare. Eg og bror min har nemleg starta tradisjonen heime med at iløpet av påskeferien så lagar eg og han 3-retters middag til mamma og pappa. Det har og hendt at andre frå familien har fått vore med. I år var farmor og onkelen vår frå Arendal med.

På bileta ser de bror min godt igong med å fylla hovudretten etter å ha gitt den ein omgong med kjevla :) Der er og bilete av kvar rett.

Påskemenyen 2010 var som følgjer:
Forrett:
Queneller med fisk og skalldyr. Tomatcoulis og enkel salat til.

Hovudrett:
Okserullade med chillipesto, spinat og brie.
Rotstappe, kandiserte grønnsaker og rødvinsaus til.

Dessert:
Sjokoladefondant med pasjonsfrukt og appelsinsaus og frisk frukt til.

Denne gongen hadde vi og plukka ut litt vin som vi serverte undervegs, men då eg er sinnsjukt dårleg på vin og handlar slikt etter utsjånad på flaska så skal vinkartet forbi uskrevet :)

Men kvelden blei ein suksess, og mykje av det vi laga lagar eg gjerne igjen :)

fredag 2. april 2010

THE Påskeegg

Ein har med jamne mellomrom fått påskeegg til påske, og desse har alltid inneholdt forskjellege søtsaker. Iår derimot, siste arbeidsdagen før påskeferien starta, fekk eg eit overraskande påskeegg av Tove. Denne gongen var det ikkje søtsaker av den gode gamle sorten, men av den nye gode sorten. Heilt genialt spør ein meg, så TUSEN TAKK TOVE!! :D

Har sidan eg fekk egget leita etter påskeblomstrar (krokus, tulipan, påskelinjer...) som eg kunne fotografere det ilag med, men trur du slikt er å oppdrive i Sogn? Ikkje i 2010 iallefall... Så då tok eg med meg appelsinene og påskeegget og arrangerte på kunstgras.

Har ikkje klart å bestemme meg for kva eg skal laga av garnet, men veit eg SKAL laga noko til meg sjølv og som eg kjem til å bruka ofte :)

God påske til ALLE! Tusen takk nok ein gong Tove :)

søndag 14. mars 2010

Beskytte hovudet i kulden

Eg har fått ein uventa fasinasjon med mønsterstrikking, rettare sagt, mønster av litt meir tradisjonell type. Har veldig lyst til å strikka mykje selbuvottar og den slags. Men no når kulden og snømengden var på sitt meste fant eg ut eg trengte ei hue. Gjekk ein tur på Ravelry og søkte; bl.a på Selbu og der dukka oppskrifta Selbu Modern opp. Det var ei hue med noko som kunne sjå ut som eit selbumønster, men det er det ikkje. Forstod det slik at mønsteret stammar frå Shetland/Færøyane, men så adopterte desse øyane Selbuen frå Noreg for lenge sida :) Uansett så likte eg mønsteret, og hadde nokon Senjagarn liggande som eg meinte ville fungere perfekt.
Hua i off white og lys grønn var hua laga i Senjagarnet. Når eg var ferdig så likte eg veldig godt resultatet, men måtte innrømma for meg sjølv og hua sin del at hovudet mitt var litt i største laget.

Eg nemte at eg likte mønsteret sant? :)
Eg leita i stasjet mitt og der var Pickles sitt Cashmerino Silk (off white) og Cashmerino (myk oker). Desse garna skulle strikkast på pinne 3.5 mot Senjagarnets 2.5. Så resultatet blei ei større hue som var eit par hakk mjukare men framleis like varm. Får finne ny eigar til hua i Senjagarnet ein dag.

Kenguprinsen har komt til verden...

Mothers to be og alle rundt desse lykkelege gravide finne alltid på eit kosenamn for babyen som snart skal snu kvardagen på hovudet og gjere alle lukkeleg når dei kikkar forundra tilbake. Det var ikkje noko anna når vår eiga greske sol var gravid med sin fyrste. Prinsen, det var konstatert at det skulle bli ein gut, Kengubarnet, Pingvin og sikkert mange mange fleire :)

Ein vert alltid litt grepe av vørdene mødres glede og forundring, og då tek strikkelysten over for min del. Eg byrja i god tid før prinsen skulle komma, strikka hardt fram til mor skulle i permisjon, men blei ikkje ferdig. Så ein mandag iallefall 1 veke før termin så kom prinsen og strikkinga mi blei satt i høggir. Kort tid etter heldigvis var pakken i posten. Dagen etter kom sms'en med mangen takk, alltid kjekt å få :)

Bilete øverst visar jakka Lille vinkel av Tora Frøseth, eg har strikka denne ein gong før og. Oppskrifta kan kjøpast her. Eg følte og for å laga eit par sokkar til jakka, men desse måtte eg laga på grunnlag av alt eg har lært innan strikking. Blei nøgd eg. Settet er stikka i Pickle sitt Abuelita Baby Merino. Likar Pickles sitt garn VELDIG godt :)

Nederste bilete er av ein posedresse, eller kva det no kallast, oppskrifta har eg henta frå eit Simply Knit blad. Handlar det bladet i ny og ne, men dette er fyrste oppskrifta eg faktisk har strikka. Denne dressen blei ca 60 cm frå skulder og ned til knappane i bunnen + hette. Den er strikka i Viking superwash, tenkte ekte ull som kan vaskast på opptil 40 grader passar barnefamiliar bra :)

No gjenstår det å få møta prinsen, eg gledar meg noko heilt uttruleg. Trippar kanskje litt og :)

GRATULERE!! igjen Christina med Prinsen din.

mandag 22. februar 2010

Udyr på balkongen...

... med lysande auge, berre sjekk bilete oppe til venstre :)

Eller kanskje der har no komt så mykje nysnø ute at eg kunne grave to hull i snøen og fekk dermed to snølykter på 1 min. Måtte berre ta bilete medan det framleis snør ute. No er det sengetid, lurar på kor mykje snø der er i morgon?

søndag 21. februar 2010

Silvi - anno lenge sida

I jula når eg var heime i sogn måtte eg gå gjennom ein stor kasse med gamle ting som var mine. Der var det mykje rart og mesteparten blei kaste. Silvi, nokon diplom og eit par babyjakker som var brukt på meg som barn blei med heim til Bergen. Så la meg introdusere Silvi, papirdukka mi. Eg hugsar eg syns ho var den finaste papirdukka i heime verda. Eg teikna faktisk eigne kler til ho og eg likte godt å teiken ho. Syns framleis ho er veldig søt :)

Gått i hi...

...iallefall så har eg veldig lyst til å gå i hi. Men sjølv om eg har virka veldig lite aktiv så har eg vore det, men der er mangen kjente på jobb som har vore travelt opptatt på soverommet og så... Her går det hovudsakleg i strikking av babyting, og så lenge det ikkje er levert den vørdene mor så bloggar eg ikkje om det heller.
.
Har levert ei babyjakke til no til Anna som fekk ein gutt 11. februar. Eg har laga Tora Frøseths Lille vinkel i Pickles Abuelita Baby Merino. Eg hadde restar etter å ha strikka Tora Frøseths Kjole til lillesøster i grønn og orange. Resten av orangefargen min blei levert til Lise og hennar Levinasjal-prosjekt, det viste seg nemleg at eg hadde korrekt orangefarge :)


Ellers er der fleire babyar på veg og strikkepinnane brukar eg så det nesten luktar svidd i sofakroken min :) Etter kvart som at ting er levert så skal dei komma i bloggen.

Ellers hadde eg ein liten produksjon av inne-strikke-sko som dei er valgt kalt. Før jul blei eg delvis utfordra til å gje vekk eit par, noko eg fram til dess ikkje hadde klart då eg syns dei er så gode å ha på seg. Men eg tok utfordringen og lodda vekk eit par mot kommentar i bloggen. Paret i svart og spettet lilla er gevinsten og på foten til Iryl som vant. Det raude og kvite paret (Brannfargane) har Ann Chrisitin bestilt og fått. Paret i grått og raudt blei bursdagsgåve til ei godt venninne ved namn Hege. Eg har faktisk gitt vekk 3 par på kort tid, stolt. Har og eit par i grønt og raudt på pinnene, men det får venta litt då babyane har ein liten tidsfrist på seg :)
Kristin er stor på veldedigheit, og slikt smitta av. Ifjor byrja vi å strikke prematurhuer, eg hadde ein tellar og alt (men falt litt bak på oppdateringen av den). Men no kan eg informere at med kjempegod hjelp av Tove og Kristin fekk eg tredd bånd i dei siste huene mine, 38 i antall. Ann Christin (samme som fekk inne-strikke-sko i Brannfarger) tilbød seg å levere dei på Kvinneklinikken forrige mandag då ho skulle i den rettningen. Fekk vita at Kvinneklinikken blei overraska og gløymte nesten å takke, men blei forklart at dei var gledeleg forfjamsa. Så håpar huene kjem til nytte.

Ellers har det lagt seg 10-12 cm nysnø på balkongkassen min denne søndagen... Dermed kan strikkinga av sokkar, vottar og huer halde fram :)

søndag 10. januar 2010

Ulriken med kamera


No i veka informerte Tove meg om at vi skulle på Ulriken på laurdagen dersom været var flott. Viste seg at ho hadde fått tak i 2 gratisbillettar med Ulriksbanen og vi skulle på fotosafari dersom været var upåklageleg.

Når eg vakna igår skinte sola og været var definitivt upåklageleg. Vi avtalte å møtast i sentrum for å ta ein buss oppover til Haukeland sjukehus. Ein liten spasertur oppover til banen og vi var godt påveg.

På toppen var det kaldt, men flott. Kameraene blei tatt fram og utsikten blei fanga om og om igjen. Tove klarte til og med å gøyme seg frå meg der oppe. Når eg endeleg fant ho igjen og autofokusen på kamera mitt hadde slutta å funge gjekk vi inn på restauranten og handla oss lunsj (lapskaus). Den nye restauranten hevar kvaliteten på turen til toppen no, i forhold til før.

Når sola byrja å nærme seg horisonten kledde vi på oss og fotograferte vidare, eg måtte då fokusere manuelt. Ikkje nødvendigvis enkelt når kulden gjer at augene renner, ting vert aldri heilt i fokus...
.
Men det var kjempekjekt å ta turen på Ulriken for å fotografere og berre slappa av. Tusen takk for turen Tove, la oss gjere dette igjen :)

fredag 1. januar 2010

Nytt år og nye moglegheiter


Då var det 2010, ikkje det at eg har venta på det...

Slutten av 2009 var veldig kosleg. Veldig god venninne på besøk og familien, god mat, snø, islykter i tunet og litt fyrverkeri (utan styrepinnar, så har råd til salt i maten i det nye året og).

Sidan vi har fått så mykje snø iår så hang vi opp mat til småfuglane ettermiddagen igår. Eg hadde heldigvis pakka telelinsa og satt meg til i stovevindauga og knipsa igår og idag. Det var skikkeleg kjekt men fuglekikking etter gamalt. Vi har til no observert masse Kjøttmeis, eit par supermodige Blåmeisar, ein Rødstrupe, ein Svartmeis og ein Grønnsisik. Ikkje akkurat utvalget som der ein gong var men kjekt likevel.

Er dette berre forsmaken av kva 2010 skal tilby så gledar eg meg. Gledar meg til alt eg skal finne på, folk eg skal møte, venner eg skal invitere på middag, alle spela eg skal spele. Kryssar allereie fingrane for flott sommarvær.

GODT NYTTÅR ALLE SAMAN!!