søndag 30. mars 2008

Sheldon og Shaun


Shaun har fått ein venn, Sheldon the Turtle.

Som de ser på bilete til høgre så passar Shaun på Sheldon, dei ser nemleg på ein naturfilm på Animal Planet. Kan vera rimleg skremmande det av og til så godt å ha nokon ein kan gøyma seg bak dersom det skulle bli behov for det.





Ellers så var Sheldon faktisk veldig lett å laga bortsett frå ein ting. Eg har aldri strikka ting saman med I-cord, så det var ein ufordring.

Sheldon the Turtle er todelt. Han kan kle av seg skallet dersom han tilfeldigvis skulle byrja å klø på magen.

Kjem sikkert til å prøva laga fleire Sheldon'ar, men då skal eg bruka litt mindre pinnar til kroppen så han vert litt tettare.

Syns han blei søt eg :) Kanskje eg finn nokon som vil adoptera han.

Ferdig tunika?




Då har eg gått til innkjøp av bånd og har sydd det på, og nei det er ikkje refleksbånd (sjå bilete nederst).

Eg har kun festa båndet på framsida, for eg syns kanskje tunikaen er blitt litt stor, så no har eg moglegheit til å knyta båndet i ryggen.




Så kjem det som er surt. Eg likar ikkje tunikaen, og eg veit ikkje kvifor eller kva eg kan gjere for at eg skal lika den att. Eg får prøva den litt framover, kanskje ha den på meg på jobb ein dag og få eit par gode idear frå folk der.
Kanskje eg kjem til å lika den ein gong i framtida.

tirsdag 25. mars 2008

Strikkekompanjongen

Nokon drikk kaffi i små koppar, eg drikk te frå ikkje fult så små koppar. Ho mor seie eg drikke te frå ausekar, og då har ho ikkje sett den verkeleg store koppen min.

Koppen på bilete rommar faktisk 8.5 dl veske, det er til kanten. Sjeldan eg fyllar den så full, men at eg har mellom 7-7.5 dl te i når eg bryggar i den er ikkje umogleg. Og det hende og at eg tek meg to tebøtter som ikveld.

Kjøpt på Indiska i Åbo Finland, og eg er veldig glad i koppen min :)

No er det sengetid, arbeidsdag att imorgon som nemt i tidlegare innlegg. Blogging er vanedannande, eller kan det vera dei 2 bøttene med te som gjer at eg ikkje er søvning? :)

Påskebading

Følar eg må legge ut fotografisk bevis på at jo der er innebygga basseng gjennom ei dør i veggen i stova heime i Vik.

Seint på kvelden natt til søndag så tente eg eit par stearinlys, tok på meg bikinien og inntok bassenget. Der var vel ca 25 grader i vatnet. Symde eit par gongar fram og tilbake, og som ein ser tok eg eit par bilete. Dette fordi mitt nye kompakte kamera er vanntett ned til 3 m utan undervannshus.
Bassenget er ikkje så stort altså. Det er vel ca 7.5 m langt, 3.5 m breidt og ca 1.2 m djupt. Ikkje akkuratt mogleg med stuping frå 10 m her ned. Derimot er det perfekt for kroppar som vil ha kvile.

Det er ikkje lett å se bra ut på bilete over vatn og det er endå vansklegare under vatn. Bilete er berre bevis på at eg har bada i påsken.



Så dette var det eg gjorde når eg ikkje strikka, såg på film, laga og åt god mat o.l.

Montert

Då var tunikaen montert, som lova før påsken :)

Einaste som manglar no er båndet som skal vere i livet.

Veldig usikker på kva bånd eg vil ha og kva som vil passa, håpar det berre hoppar mot meg når eg går i butikkar fram over. Kryssar fingrane for det iallefall.

Vikjafjellet - Påskefjellet

Eg har ikkje benytta meg av påskefjellet, men har køyrt over det 4 gongar i påsken. Fyrst blei eg henta av pappa på Voss, så var eg med ho mor og han far tilbake til Bergen då dei skulle til syden og eg skulle ha bilen. Då dei var vel påveg til varmare strøk så køyrte eg tilbake til Vik, og idag var det dags å reisa tilbake til byen. Arbeidsdag att imorgon...

Vel overstått påske alle saman, reknar med bilete over talar for seg sjølv :)

mandag 24. mars 2008

Sheldon the Turtle

Har jo alt strikka ein sau, så då burde ikkje noko vera i vegen for at eg skulle strikka ein skilpadde. Har ein aldri så liten svakheit for skilpaddar i tillegg så...

Sheldon er lagt opp og byrja på. Som oppskrifta seie så er dette eit kjapt prosjekt, og sålangt så virkar det til å vera heilt sant.

Har valgt fargar som ein ikkje nødvendigvis forbindar med skilpaddar, men trur dei er litt nærmare verklegheita enn kva grønt er.

Håpar å få resultatet og kompisen til Shaun klar for meet and greet snart :)

søndag 16. mars 2008

Vår og påske

Idag har det vore ekte påskevær på balkongen og inn i stova mi. Krokusen står i kassen på balkongen min. Sola varma jo faktisk idag. Men verdt å merkje seg at det kl 20:30 ikveld snøa utfor vindauga istaden (ikkje det at sol var forventa på det tidspunktet). Mars månad er kanskje ikkje den mest værstabile mnd i året. Håpar uansett at været held seg noko lunde stabilt fint denne veka slik at folk får ei fin påskefeiring.

Eg har 2 arbeidsdagar att så reise eg heim til Vik i påsken. Vert nok eit eller annan strikka i påsken for min del, skia verken har eller likar eg.

TG aka The Gathering

For dei som ikkje veit kva TG (aka The Gathering)er så er det eit alternativt påskeopplegg for dei som ikkje syns skigåing er det kjekkaste i verda. Som f.eks meg og nesten 280 andre frivillige og 5.500 deltakara. Må med ein gong meddela at eg har ikkje vore på TG sidan 2005, og saknar det faktisk kvart år rundt påske.

Sikkert mangen som ikkje kan forstå kva ein kan sakna med eit arrangement som TG, og kven som heller vil sitja framfor PC'en heile påsken. Vel PC'en var aldri det som fekk meg med på TG, det var personane, kollegaene og deltakarane. Hadde med meg laptopen ein gong på TG, og brukte den ein gong. I tillegg fekk eg ein tilbakemelding frå ein far som henta guttungen ein påske, han meinte det var eit genialt påfunn å ha TG i påsken for då slapp han at guttungen satt på hytta og var sur. Alle fekk det dei ville utav påsken og det var det som var viktigast.

Ein opplevar så ubeskriveleg mykje på TG. Som bilete over og til venstre visar. Hyggeleg folk ein jobbar med, og merk slagmarka i bakgrunnen. Folk sit ikkje framfor PC'en heile tida, ikkje etter dei fyrste 48 timane iallefall. Der er og mangen konkurransar ein kan delta i, der er konsertar, der har vore lasergames (som på wasteland), dansemaskiner osv.
På TG har eg vore eit par forskjellege ting. Fyrste året mitt var i 1997. Då var eg vakt på golvet, blei kjent med så mangen nye menneske og vil aldri gløyma dei heller. Opp gjennom åra lærte vi sjølvsagt forskjellege ting og kvart år prøvde vi nye ting for å få alt til å gå meir på skinner. Hugsar framleis påsken då eg stod ved Nordre port og tok imot alt som kom av bussar med deltakara. Meinar å hugsa at eg tok imot nesten 30 bussar åleine. Det var ein opplevelse og det var kaldt. I 2000 blei eg skiftleiar for dagskiftet og fekk ein kjekk gjeng folk under meg som eg skulle halde styr på som igjen hjalp meg å halde styr på 5.500 deltakara. Det er ikkje berre berre å ta imot alle dei deltakarane, det trur eg alle frå TG kan skrive under på. Trur ikkje eg gjorde ein altfor dårleg jobb som skiftleiar, prøvde iallefall å ta vare på alle under meg. Så i 2003 fant eg ut eg ville prøva meg som Medic, og fekk der Fishamster som sjef, karen på bilete over. Hadde sjølvsagt allereie snakka ein god del med han frå før så den overgongen var grei. Største forandringa var å jobba på natt. Eg, Fishhamser og Bandit har vist og fått igong eit "uttrykk" på TG, men ikkje sikker på om det gjer seg på ein blogg som dette. I sensurert form vert det: "XXX i øret og XXXXX i beltet". Vi hadde det mildtsagt kjekt.

Bilete fyrst i innlegget er frå TG når det er komt godt igong, under er det bilete frå etter alle deltakarane har reist. No gjenstår det kun å rydda opp att så kan Vikingskipet igjen vera arena for hundeshows ol.
Eg må komma meg tilbake på TG igjen. Jobba der 2 år til så kan eg seie til alle at eg har jobba som frivillig på TG i 10 år.

GOD PÅSKE til alle eg kjenner, og kanskje litt meir til alle dei som skal jobba på TG i år :) Stor klem frå Sogningen (Duchess)

"Påskepynt"

3 nøster fritidsgarn, 1 par pinner i #7 og 1 heklenål er denne påskehønas egg. Eg lova nemleg Anna-Maylèn at eg skulle prøva å laga ei slik høna som ho har slitt med å laga i det siste. Det er enkelt å sitja å lese bloggar, noko anna å prøva seg på same prosjekta.

Eg la opp dei 25 maskene som eg trengte og strikka det nemte antall riller og byrja å felle. Sydde høna saman i ryggen, fylte med vatt og ein liten pose med erter før eg strikka ho saman ein viss plass. Som ein ser på bilete så ser ikkje høna så aller værst ut endå.

Var sjølvsagt litt rart at høna skulle fyllast før toving, men sidan det stod så i oppskriften så gjorde eg så. Slengte høna mi i vaskemaskina på 40 grader ilag med ein handduk.

Ein heil syklus seinare kunne eg plukke eit fuktig høna utav vaskemaskina, og den er ei rein rype. Har jo fått timeglass formen og alt. Skikkeleg brei over baken, smal i livet osv... Som bilete visar går ho inn og ut på dei rette plassane.

Men sant skal seiast, det er ikkje slik høna ser ut på bilete. Den skal eigentleg vera kjegleforma, så ikkje heilt sikker på om eg skal kalle dette prosjektet for ein fiasko eller ei. Syns nemleg at ho blei litt kul med timeglass formen. Kanskje med ein mindre pose med erter ville det blitt betre, for å fylle høna før toving trur eg uansett er det rette å gjere.

Klar for montering...

Alle kollegaene mine har fått med seg at eg byrja strikka meg ein tunika som eg fant oppskrift til på Knitty. Var veldig driftig i byrjinga og så når kroppen var ferdig så dabba litt av iveren av. Gjekk sjølvsagt tom for garn halvvegs opp fyrste armen, og då nesten 1 år etter eg byrja på tunikaen. Men litt flaks skal ein ha, for butikken eg handla tråden i hadde ikkje solgt mykje av den fargen sidan eg var der sist. Fekk rett farge og frå rett parti :) No er begge armane ferdig og håpar ho mor kan hjelpa meg å montera i påsken. Når det er gjordt er det kun eit bånd i midjen som manglar. Oppskrifta finn ein her.
Så kanskje etter påske ein dag kjem eg stolt på jobb med ny sjølvstrikka tunika :)

mandag 10. mars 2008

Fetter Shaun

Internett er eit ynda verktøy for sauer som leitar etter slektningar. Sjekk kven som fant kvarandre idag, Shaun og Fetter Shaun. Fetter Shaun er svart og kvit, ca 110 g, praktisk talt ein bysau og har ulla fulla sjarm. Altså identisk med Shaun.
Her er bilete frå det interaktive slektstemnet. Den magiske datoen er 10.03.2008
Shaun og Fetter Shaun har allereie byrja planlegginga med å besøkja kvarandre :) Matmor Camilla og eg skal og kosa oss medan dei små leikar :D

Strikkakjole

Her om dagen fant eg ei side, Birgirsdottir, og litt nedpå sida fant eg ein kjole eg like veldig godt. Har ikkje lest eller høyrt noko om desse sidene før, men tok no sjansen på at det skulle gå greitt å bestille derifrå. Bestilte oppskrift og garn, og toppen 3 dagar etterpå kunne eg ta turen innom posten og henta pakken. Byrja sjølvsagt med ein gong og :)

Eg er ikkje nokon verdensmeistar på å strikka mønsterstrikk med fleire fargar, så den nederste borden var det om å gjere å bli kjapt ferdig med. Syns roseborden blei sånn passe, får øva meir på slikt seinare.

Så byrja det som skulle vere den enkle delen, men skal innrømme at eg misforstod mønsteret. Var komt heilt opp til der eg skulle til å strikka livet når endeleg eg tok kalkulatoren fram og rekte opp ned til roseborden igjen. Eg hadde nemleg korta inn skjørtet på kjolen for kjapt. Så då var det å strikka frå "byrjan" igjen. Men det gjekk rimleg kjakt andre gongen. Kom til livet, byrja plutseleg på brystet og i helga blei skuldrene strikka saman. Hekla 2 omgongar med fastmasker rundt halsen og ermene. Festa trådar og dampa den idag.

Kanskje eg tek den på meg imorgon :)

søndag 2. mars 2008

Dykking frå Rongesund Kai


Etter ein lang fredag, mykje flytteaktivitet på jobb og rett på skuddårsfest, så blei eg henta litt over 9 laurdags morgon for å dykka. Fyrste gongen eg fekk testa undervannskameraet eg bestilte i godt tid før Mexico, men som eg fekk fyrst 2 mnd etter eg var komt heim att.

Som kanskje ein del fekk med seg så var ikkje været imponerande på laurdag, har ikkje komt meg i tørrdrakta så tidleg i påkledningsprosessen i forkant av dykking før. I det maska og hanskane blei tatt på så kom sola fram... Utgjordt...

Der var ikkje mykje til liv der nede, men folk har vore dyktige til å kasta søppel frå den kaien sidna siste eg var der å dykka. Ikkje noko fint syn, faktisk veldig trist å sjå kva folk meinar det er greitt å kasta i havet. Men alikevel var der eit par små kamskjell som nekta å gje opp, ein heil haug med orange Dødmannshender. Fant ein Nakensnegel og Rognkjeks, ikkje noko ein treffe på så veldig ofte. Så kjekt var det.

No må eg berre bli flinkare til å komma meg i sjøen og bruka kameraet så vert det sikkert ein del betre bilete framover...