lørdag 12. juli 2008

Nine to Five

Eg klarar vist ikkje å ta ein sokkestrikkepause. Etter forrige par sokkar (Bellatrix-sokkane) så tenkte eg at no skulle det bli ei stund til eg laga sokkar igjen, det vara knapt ut dagen... La nemleg opp og strikka eit stykke på desse allereie same kvelden. Men ein stor forskjell er at desse skulle og ville eg ha einsfarga, og då hadde eg svart Regina Silk i huset. Hadde nemleg byrja på eit par knestrømpar for eit tid tilbake som berre låg der og ikkje voks. Så rekka opp :)
Desse sokkane kjem eg nok til å bruka mest av alle eg har strikka. Dette fordi eg likar mønsteret veldig godt, fargen er særdeles anvendleg og garnet er jo ubeskriveleg deilegt.

Flettemønsteret på sokkane er laga utan hjelpepinne, så det gjorde det mykje enklare å strikka. Har nemleg ikkje fått teken på flettestrikking endå... Får sjå om eg kan prøva meg iløpet av sommaren :)

På bilete til venstre ser ein og delar av dei nye balkongmøblane mine. Fekk nemleg lurt Tove og Oddis til å vera med på Ikea for å handla møblane og ikkje minst setja dei saman etterpå. Lavendelplanten på bordet blei ein ekstra bursdagsgåve frå Tove (Tusen takk, Lavendelen leve framleis). Tusen takk til begge for all hjelpa, dei møblane skal bli brukt ein god del. Spesielt når det vert golfturnering i balkongkassen min :)

onsdag 9. juli 2008

Flink til å gå fjelltur

Igår var eg og Oddis spreke, unormalt spreke.
Når eg var ferdig på jobb møtte eg han i sentrum og vi tok Fløibanen til topps. Turen gjekk så til Åsebu - vidare til Nedrediket - opp til Storediket - Brushytta - Utsikten mot Ulrikken - Opp til Blåmannen - Mot Rundemannen og ned att mot Brushytta - tilbake mot Fløien - Tippetue ned til sentrum. Vi var veldig heldig med været og fekk teke eit par kjekke bilete. Over er det utsikt mot Ulrikken, men denne gongen frå Blåmannen. Til høgre sjekkar Oddis utsikten frå varden på toppen av Blåmannen.

Etter turen igår var vi så nøgde med oss sjølv at vi prøvde oss på ein tur til. Den skulle ikkje vera så lang i utgangspunktet, men plutseleg var det gått 4 timar og 24 minutt.

Denne turen gjekk frå Åsane Senter - Vestlandshallen - mot Gullgruven - der vi tok av inn Dalevegen til Mellingen - følgte så Den Trondhjemske Postvei oppover - på toppen tok vi av og gjekk nesten rett opp til Veten (486 m.o.h) - gjekk ned att frå Veten mot Sæterstølen - rota oss innpå nokon jorder før vi fant gardsstien tilbake til Mellingen og mot Åsane Senter igjen.

Hadde værgudane på godfot idag og, trur faktisk eg har fått litt soleksem på bringa iløpet av turen. Tok sjølvsagt eit par koslege bilete og. Over er ei Revebjødla med Langevannet og Mellingen i bakgrunnen, vegen ein ser litt av er Den Trondhjemske Postvei. Vel på toppen av Veten tok eg bilete til høgre av Nordhordalandsbrua. Frå Veten kunne vi og sjå Osterøybrua, Sotrabrua og Askøybrua. Vi fant og ein konkurranse vi skal prøva oss på, les meir på Topp Trim.

Turen kunne og by på variert dyreliv, vi møtte nemleg på hestar, geite, sauer, kyr, frosk, hund, katt og griser. Diverse insekt og sjølvsagt, men dei nemnar eg ikkje vidare.

No skal eg ta meg ein god, lang dusj, kroppen treng det verkeleg og føtna mine gaular etter det (dei er slitne). Etter dusjen skal eg krypa i seng nokså umiddelbart. Imorgon kan kanskje bli ein tung dag på jobb er eg redd for...

fredag 4. juli 2008

Kaloribomber med på jobb

Idag fyllar eg vist år, og då tenkte eg det ville vera kjekt å ta med kaka på jobb. Der er ikkje mangen att på jobb, men nokon skal eg nok klara å overtala til å smaka litt på kakene mine :)

Eg likar veldig godt å laga kaker, men gjer det kun når sjansen for å kvitta seg med den er til stade. Vil helst ikkje ha for mange fristelsar i heimen. Men ikkje lett å finne på kva ein skal laga, så har leita i ein del bøker og blad for å finne noko spanande. Der var ei oppskrift som hoppa litt mot meg og som eg prøvde meg på; Marmor-karamell-brownies.

Oppskrifta følgjer for dei som vågar:
Marmor-Karamell-Brownies100 g mørk sjokolade
175 g smør
250 g fløtekaramellar
5 ss fløte
4 dl sukker (gjerne 3 dl kvitt sukker og 1 dl mørkt muskovadosukker)
4 egg
Korna frå 1/4 stang vanilje
200 g mjøl
1 ts bakepulver
100 g pekannøtter, hakka
50 g mørk sjokolade (til pynt)
1 liten langpanne
bakepapir


1) Sett omnen på 180 gr, 160 gr varmeluft. Kle ein liten langpanne med bakepapir.
2) Bryt sjokoladen i bitar og smelt den saman med smøret over vatnbad.
3) Smelt karamellane i fløten over svak varme og konstant omrøring.
4) Rør sukkeret inn i sjokoladesmøret. Pisk egga og vaniljekorna. Rør inn sjokoladebandingen.
5) Sikt i mjøl og bakepulver, rør saman forsiktig. Rør inn pekannøttene.
6) Hell halvparten av deigen i formen, fordel 3/4 av karamellmassen over. Fordel resten av deigen over og steik kaka midt i omnen i 40-45 min, eller til den er fast når du trykke på den.
7) Ta kaka ut av omnen og la den avkjøla i formen i 20 min, ta så ut av forma og avkjøl heilt på rist.
8) Varm opp resten av karamellmasse og hell i tynn stråle over kaka. Smelt sjokoladen over vatnbad og hell over kaka i tynn stråle.

Denne fekk terningkast:6

Der kom og inn eit ynskje om at eg skulle laga gulerotkaka, den eg lagar har falt i smak hjå folk så kunne ikkje skuffa nokon. Så laga Gulerotkaka i natt.

Oppskrifta følgjar her om nokon likar slike kakar;
Gulerotkake
4 egg
3 dl sukker
3 dl mjøl
2 ts natron
2 ts kanel
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
1.5 dl rapsolja
4-5 dl rå, revne gulerøtter.

Topping:
100 gr Philadelphia Light
50 gr smør (mjukt)
125 g melis
1 ts sitronsaft


Pisk egg og sukker til eggedosis, sikt og vend inn mjøl blanda med natron, kanel, salt og vaniljesukker. Rør inn olja og gulerøttene til slutt. Bland alt lett saman. Steik midt i omnen i ca 45 min - 1 time eller til ferdig steikt. Avkjøl kaka, smør på topping og nyt :)
Denne er saftig og god som alltid, terningkast: 5