



Forrige veke tok eg fri frå jobb for å lesa på eit fag eg tek på deltid på oppfordring frå jobben. Eg viste det ikkje kom til å bli lett. Eg veit der er ufatteleg mangen ting som er MYKJE kjekkare enn å lesa fag. Over er der bilete av 2 fullførte gamla prosjekt og eit nytt fullført prosjekt.
Babyjakka er av typen Baby Jiffy Knit Sweater. Eg har tidlegare strikka 3 av denne typen som er gitt til små yndige mottakarar. Denne er strikka i Spar Kjøp sitt Ruby garn. Denne jakka var strikka ned til armane, så den blei fullført her ein kveld. Veldig kjapp og enkel oppskrift som vert veldig søt.
Babytøflane er Super Soft Slippers frå boka "Two balls or less". Dei er strikka i Fairytale-mohair garn med eit par søte knappar til. Tøfflane byrja eg på for ei tid sidan, men dukkar alltid opp nye ting. Men under eksamenslesinga blei dei plutseleg ferdig gitt :)
Sokkane var det nye prosjektet. Garnet er mottatt i Sokkegarnklubben, Regia Softy. Garnet var ikkje akkuratt typisk sokkegarn, så å finne korrekt oppskrift... Einaste eg viste var at det trulig ville bli best med hullmønster. Så eg såg gjennom "Favorite Socks - 25 Timeless designs" - der fant eg Meida's Socks. Desse vert truleg gåve veldig veldig snart, dei er jo rimleg sommerslege :)
Det siste bilete er av balkongmøblane mine etter regnet. Der har vore ein del pollen i lufta i det siste, iallefall klare teikn til det på møblane. Alt måtte tørkast og papiret var rimeleg gult etterpå. Stakkars alle med pollen allergi, det der såg ikkje bra ut...
Men til tross for å ha strikka ein del så har eg og fått lest. Eksamen var gjennomført på tysdag, så no er det berre å avventa resultatet. Kryssar fingrane til dess rundt eit par strikkepinnar :)