lørdag 11. juli 2009

JuliTreFest 2009

Idag er det dags for årest sommerbegivenheit, rett etter det å starta ferien, JULITREFEST!!

Jupp du leste rett, JuliTreFest... Ein kompis og sambuaren har starta tradisjonen. Dei samlar ein passe stor gjeng med venner til å pinnekjøtt og sosialt samkvem i sommarvarmen.

Han har alltid holdt maten. Ifjor syns eg det var på tide å bidra med noko så eg tok med dessert, ein tradisjon eg skal fortsetja med så lenge eg vert invitert. Smuldrepai med banan og sjokolade blei det og den falt i smak så lagar nok det iår og. Oppskrifta fant eg i Spis Bedre, eit blad eg abonnerar på.

Iår hadde eg lyst til å laga ei JuliTreGåve til vertane og. Då det er trua med avslutta vennskap dersom eg strikka ulltruse så falt på kjøkkenhanddukar i Drops Paris. Det blei og eit sett med gryteklutar. Karen likar seg jo på kjøkkenet...

Kristin var fyrste kvinne, Tove var andre kvinne og eg kjem dilltande langt etter... Namnlappar til å sy på ting vi lagar og gjev vekk. Til høgre ser du mine lappar "Handlaga av Lene...". Brunt med orange skrift. På JuliTreGåva er der 4 lappar tilsaman, så vertane skal ikkje vera i tvil om kven som skal få bestilling om fleire :)

Lappane er bestilt på minenamnband i Sverige. Veldig enkelt, greitt og kjapt. Veldig fornøyd, har kun lyst på fleire i forskjellege fargar no...

3 kommentarer:

Tove sa...

Regner med at både gaven og desserten faller i smak, men jeg sitter her og venter på resultat av makrofotograferingen din, altså!!! Ikke håndklær og kake!!!

Mooncat sa...

Eg elskar basketweave, det blir skikkelig fint:). Kos deg me ferie, så snakkes vi seinare.

Klem fra meg

Hanne sa...

Julitrefest- en fantastisk ide. Det er vel lov å herme om man skulle få ånden over seg?
Pludrehanneklem