søndag 14. mars 2010

Beskytte hovudet i kulden

Eg har fått ein uventa fasinasjon med mønsterstrikking, rettare sagt, mønster av litt meir tradisjonell type. Har veldig lyst til å strikka mykje selbuvottar og den slags. Men no når kulden og snømengden var på sitt meste fant eg ut eg trengte ei hue. Gjekk ein tur på Ravelry og søkte; bl.a på Selbu og der dukka oppskrifta Selbu Modern opp. Det var ei hue med noko som kunne sjå ut som eit selbumønster, men det er det ikkje. Forstod det slik at mønsteret stammar frå Shetland/Færøyane, men så adopterte desse øyane Selbuen frå Noreg for lenge sida :) Uansett så likte eg mønsteret, og hadde nokon Senjagarn liggande som eg meinte ville fungere perfekt.
Hua i off white og lys grønn var hua laga i Senjagarnet. Når eg var ferdig så likte eg veldig godt resultatet, men måtte innrømma for meg sjølv og hua sin del at hovudet mitt var litt i største laget.

Eg nemte at eg likte mønsteret sant? :)
Eg leita i stasjet mitt og der var Pickles sitt Cashmerino Silk (off white) og Cashmerino (myk oker). Desse garna skulle strikkast på pinne 3.5 mot Senjagarnets 2.5. Så resultatet blei ei større hue som var eit par hakk mjukare men framleis like varm. Får finne ny eigar til hua i Senjagarnet ein dag.

8 kommentarer:

Tonemi sa...

Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min....

Å, for noen lekre luer...I lekre farger:O) Heldig er den som får lua:)

Birkus sa...

Luene dine er bare kjempe fine Lene!

Anonym sa...

Luene vart kjempeflotte, det er mest så dei fristar til etterfølging!
Gratulerer med Kengubarnet, her kom ei lita Solstråle natt til laurdag. Mitt tredje barnebarn. Og alle hjarte gledar seg...

maje76 sa...

Tusen takk for kommentar i bloggen min.
DUSS2010 er det samme som en sokkealong ja, bare at her kan du godt strikke alle 12 mønstrene de siste mnd i året hihi
Deilig med regler som ikke må holdes innenfor mnd.

Flotte luer du har laget.
Har sett på mønsteret mange ganger men ikke kommet helt i gang:-)

Merete sa...

Takk for hyggelig kommentar i bloggen min.
For noen nydelige luer du har strikket. Liker fargene du har brukt godt!
Ha en fn uke!

Mooncat sa...

Takk for besøk i Tigerstaden. Luene ble kjempefine, og jeg har fremdeles lyst på en (selv om jeg kanskje ikke trenger den på en stund).
Sees om ikke så alt for lenge.

Camilla

reSIRIkulert sa...

Heisan
Du har meldt deg på gåveleiken hjå meg, og om du er så venleg å senda ein mail med namn og adresse, så vil du etterkvart motta ei gåve frå meg i posten ;o)

Likte godt huene dine, og eg elskar garnet frå Pickles! :o)
Siri

reSIRIkulert sa...

Hei igjen :o)
Då gjer me det enkelt, og eg skriv min mail her ;o)
lykkelise(a)hotmail.com
Siri :o)