torsdag 20. september 2007

Sjukedagar

Dagar då ein er sjuk går som oftast frykteleg seint. Dei siste 2 dagane har gått frykteleg seint. Men dei har vore "produktive". Har sett heile sesong 2 av Prison Break, eit par liter te har eg drukke og fleire cm er strikka. I morgon skal eg komma meg på jobba att, så skal eg heller bruka kveldane på å strikka og drikka så mykje te.

Merk den kjekke koppen, bursdagsgåve frå eit vennepar og jentungane deira. Trur det er ein kjekk måte å seie at eg må finna meg ein frosk å kyssa. Kranglar ikkje på den :)

3 kommentarer:

Bjørnar sa...

Fint bilete! Må seie at den koppen passar deg bra. Synd biletet ikkje fortel så mykje om kor stor den koppen er!

Lenedyret sa...

Ved sidan av det strikketøyet så vert nesten eg liten og så :) Tusen takk for koppen nok ein gong

Anonym sa...

Gleder meg til å se pleddet i virkeligheten. Ser skikkelig fint ut.

Søt kopp.
Lykke til med froskejakten. ;o)