fredag 16. november 2007

Borte kanon, heime KALDT!!!

Mens jetlaggen framleis sit godt i, kroppen skrik etter varmen i Mexico, søvn er fråværande då klokka eigentleg kun er 20:00 torsdag kveld i hovudet, så kan det vera kjekt å legge ut nokon bilete her og minnast dei gode tidene igjen.

Som nemt i innlegget vi fekk gjordt ifrå ein PC i lobbyen på The Reef Playacar, så har vi gjordt meir enn berre det å ligga på stranda og sola oss. Sjølvsagt har vi gjordt ein god del at det og, men som bileta under så har vi gjordt så mykje meir og.

Bilete til venstre visar Tove på god veg opp ein 46 meter høg pyramide midt i jungelen. Området var på 70 kvm med jungel og mayaruiner. Kun 20% av ruinane er til no gravd fram og restaurert. Fantastisk...


Ellers så var vi og innom dei mest kjente mayaruinane i Mexico, nemleg Chitzen Itza. Bilete visar El Castillo (Tårnet).
Etter turane til både Chitzen Itza og Coba fekk vi lov til å bada i cenoter. Cenoter er eit underjordisk nettverk av elvar og innsjøar som dekkar heile yucatan halvøya. Bilete er av ein som heite Choo Cha som var underjordisk. Var i å bada i ein som heite Ikk Kil der taket hadde rast inn mangen tusen år sidan så der kom sollyset ned til innsjøen. Heilt uttruleg...
The Reef Playacar, som var resorten vi budde på levde absolutt opp til forventningane. Hyggeleg personell (alle helste på ein og mangen hugsa kva ein likte). Det var digg å vakna kvar morgon til ein jungel, maten var alltid fersk og delikat, drikke var det berre å henta, eigen isbar, eigen cenote. Bilete under visar den øverste poolen og poolbaren by night. Kan anbefalast på det sterkaste :)
Cozumel er ei øy som låg rett utfor kysten der vi budde. Vi såg til den heile dagen faktisk, skyline om ein vil. Men på nattestid, då blei det ekstra kjekt å kikka utover havet og sjå auraen til Cozumel. Dessverre kom vi oss ikkje ut til øya denne gongen, men noko må ein ha til gode dersom sein reise på nytt :)
Dykking kom vel ikkje som nokon bombe at eg har gjordt. Hadde meg 6 dykk totalt. Det var skikkeleg flott, sjølv om eg må innrømma at Raudehavet var betre. Men i Raudehavet såg eg ikkje skillpaddar...
eller Blowfish (som faktisk blåste seg opp). Fekk vita at ein Blowfisk kun kunne blåsa seg opp 5-6 gongar i livet sit, så litt beæra følte eg meg :)
Og på Resorten var det kvar kveld Shows, dei fleste dagane var dei i regi av aktivitetsgjengen på hotellet. Det blei berre kjekkare og kjekkare å sjå på etter kvart som vi blei betre kjent med folka i den gjengen. Dei var så morosame ein kveld at dei fekk Tove til å le så ho grein :)
Eg klarte og ein kveld å vinna ein limbo-konkurranse. Bilete er av siste stanga eg skulle under. Klarte det ikkje heilt, hadde berre att å komma meg opp. Men etter applausen å dømma etterpå så gjorde eg vist ein godt jobb. Har ei t-skjorte å visa for bragden. Så tusen takk til Tonje og Hege for treninga eg fekk på etasjefesten :)
Både eg og Tove er vel einige i at det var ein fin tur som helst ikkje skulle vore over endå. Men, shit happens - then you die... Så kanskje eg kjem på jobb på mandag, who knows :)
Alle bileta kan klikkast på for å få større format :)

3 kommentarer:

Anonym sa...

HOHO, velkomen heimatt Lene! Ser ut som de har hatt det knakande kjekt. Og det er heilt grett om de ikkje kjem tilbake på jobb før de er vorte bleike att..hihi

Karstein sa...

så flott ut dette. Men litt for lite dykkebilder :-)

Bigg B

Anonym sa...

Velkommen hjem til det kalde nord og hverdagen... Det ser ut som om dere har hatt en fantastisk tur!

Flotte bilder. Gleder meg til å se resten. :)