mandag 19. januar 2009

Masse småfolk...

Som Tove seie så ynglar folk verre enn guppyer om dagane... Men eigentleg så er det vel berre ein unnskuldning til å strikka søte små ting i søte fargar. Men syns alle kunne planlagt ynglinga litt betre. Ikkje alle treng ha det travelt med å få småfolk på vårparten, nokon kunne spart seg litt til haustparten og. Ikkje det, det dukkar vel opp nokon smårollingar då og :)

Her er bilete av eit skjerf og ei hue som eg har laga. Til tross for å berre vera rillestrikk, så var det rimleg ok å strikka. Må følgja godt med på delar av økinga/fellinga på hua, ikkje sjå på noko spanande på TV då... Oppskrifta er her. Eg har strikka i Dale Babyull.

Ein liten gut ein stad i verda skal få dette settet snart :)

1 kommentar:

Tove sa...

Ble skikkelig fine! Regner med at du fant ut av nakken på luen?