Eg og Tove fant været idag uimotståeleg og pakka kamera i veskene og tok turen til Gamlehaugen.Eg kom til Bergen i 1996, men dette er faktisk fyrste gongen eg var på Gamlehaugen. Det var deilegt, mildt sagt. Været var nesten upåklageleg, litt kjøling vind i ny og ne. Gamlehaugen var ikkje åpen for omvisning, men vi har jo tidlegare uttalt at ein alltid bør ha grunnar til å komma tilbake til severdigheitar. Så til sommaren...
Eg og måtte her legge ut eit bilete av hestehovane vi fant oppi bakkane på Gamlehaugen, litt ved tilfeldigheit faktisk. Som Tove nemne i sitt innlegg er den det øveste symbolet på vår. Snøklokkene er eit godt teikn på at vinteren held på å gje slipp. Krokusen klarar liksom ikkje å dy seg heller når sola byrja å titte fram. Det er med andre ord godt å bu på vestlandet om dagane :)
Ellers så har Tove og Lasse alt komt med kjempebilete på utfordringen min, så klikk dykk inn og sjå :) Eg skal prøva meg på eigen utfordring, men hestehoven er alt brukt så eg får finna noko anna :)
Det blei og fotografert noko ferdig strikkeprosjekt, men då dei skal bli gåver så kjem dei fyrst på bloggen om litt.

... vel trulegvis ein gris. Grisepersonar er vist som følgjande:
