søndag 3. mai 2009

Fleire veskeforsøk

Då har eg prøvd meg igjen med å sy vesker. Eg har revidert oppskriften litt og eg har våga meg til å sy inn lommer i veskene.

Den svarte med fulglar på er til meg sjølv. Stoffet er frå Ikea og foret er denne gongen og frå noko sengetøy som eg skulle kvitta meg med.

Den lyse med tre på er gitt i gåve til ei venninne, Hanne. Ho hadde nemleg bursdag i midten av april, men ting tar tid... Stoffet er her og frå Ikea, men denne er og fora med stoff frå Ikea.

Har og laga ei rosa veske og, men gult mønster på. Den blei gitt til Kristin før eg fekk teke bilete av den. Stoffen i den er nok ein gong frå Ikea, men den var fora med eit sengetøy som var kjøpt i feil størrelse. Denne veska får kanskje vera med til Maldivene om ikkje så lenge. Så om ikkje eg kjem meg til Maldivene så har noko eg har laga vore der :)

Veske nr 1, som eg gav til Tove, har det no blitt montert lomma inni, så litt meir funksjonell no kanskje :)

Ein lære litt kvar dag, og iallefall kvar gong ein prøvar seg på ein ting igjen og igjen :)

2 kommentarer:

Tove sa...

Jepp - vesken er littegranne mer praktisk med lommer i. Ikke den samme febrilske "neeeeei, har jeg mistet nøklene mine????" når jeg står der og graver og graver og armene mine ikke når langt nok ned. Putter dem bare i lommen, og VIPS! så er de lett å finne!

De andre veskene er fine og - ettersom Kristins allerede er flittig i bruk tviler jeg ikke på at den blir bereist med det første.

Veronica sa...

Ser ut som du har begynt å få teken på veskelagingen nå. :o)