mandag 1. juni 2009

Aktiv Pinsehelg

1. pinsedag hadde eg invitert Kristin og Tove på rømmegraut. Heimelaga rømmegraut slik farmor har lært meg, på sætersrømme og med semule-gryn. Med fettet på toppen, vaska rosiner opp på og spekemat til. Rosiner må vaskast har eg lært av farmor, dei vert jo flattørka på hustak.

Været var fantastisk så vi satt på balkongen min og kosa oss med tradisjonsmaten etterfulgt av strikking og skravling til sola forsvant. Veldig veldig koseleg og bør vurderast til neste år og for sjå kor vi kosar oss :)

2. pinsedag hadde eg avtalt med mamma at eg skulle besøkja ho på Voss. Ho var nemleg veldig uheldig ei tid tilbake, så ho har dei siste 3 vekene vore på rehabilitering på Voss. Tok toget til voss 10:28 og var på Voss litt over halv 12. Etter ein liten misforståelse så fant vi kvarandre :)

Vi satt oss på ein kafe på Vossevangen og kosa oss i sola, fekk oss litt mat og kosa oss vidare. Mamma smaka Nachos for fyrste gong i sitt liv der :) Det var meininga å ta turen opp med Hangursbanen, men etter å ha sett opp fjellsida eit par gongar så virka det til å vera lite trafikk opp den idag. Må ha den til gode med andre ord. Når vi begge hadde fått vannblemmar på føtene så tok mamma taxi til sitt og eg toget til Bergen att. Avtalte undervegs å møte Tove litt seinare.
Bileta over er av ein museumsgard og kyrkjespiret på Voss Kyrkje.

The Eagles hadde nemleg konsert i Bergen by på kvelden, og vi hadde under rømmegraut spisinga snakka om å stikka på Utsikten på Tippetue for å sjå korleis ein stor konsert tok seg ut frå den vinkelen i finværet. Bilete til høgre visar folkehavet, men her er vi komt litt nærmare byen då. Var kjekt å gå Tippetue til Hotel California og andre slagera :)

2 kommentarer:

Tove sa...

Og alle var enig om at det hadde vært en fin pinse *går og pleier min rosa rygg*

Veronica sa...

Det så skikkelig koselig ut på altanene din. :o)

Håper det går bedre med din mor.

Gleder meg til vi skal på Tippetue og fotografere når det er konsert med Bruce Springsteen. Da kan vi få en liten smakebit av hva jeg har i vente når jeg skal på konserten 10. juni. :o)