Der er sjølvsagt litt produksjon som ikkje har merkelappar på seg, men det er heller minimalt...
I sokkegarnpakken med garnet til sokkane over fekk eg og eit nøste med det no forgjette garnet Zauberball, i fargen Fuchsia. Garnet var ufatteleg mjukt og fargane fantastiske. Lurte lenge på kva eg skulle laga av dette, men eit par skikkeleg kalde dagar på jobben gjorde valget enklare. Pulsvarmar var påkrevd dei dagane. På bilete til venstre er resultatet når eg var ferdig å strikka eit par. To veldig ulike pulsvarmarar, men der var garn til overs så eg strikka eit par til. Då fekk eg til slutt eit par i lillatonar og eit i orangetonar. Det lilla paret brukar eg MASSE, det varmar veldig godt. Det orange paret spurte Birkus om ho kunne få kjøpa av meg for nokon kroner og ein middag, så SOLD! :) Oppskriften til pulsvarmarane finn ein her.Nedteljinga til jule er offesielt starta no...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar