tirsdag 13. september 2011

Hyttetur - makrell og tyttebær!

Siste helga i august måtte eg benytta siste sjansen til å bruka bilen eg var bilpassar til heile sommaren. Var meininga å reise heim til sogn, men foreldra mine hadde planar om å reise på hyttetur til Skifjorden. Der var meir enn nok plass til at eg kunne vera med dersom eg ville og, så kvifor ikkje. Pakka sekken torsdagskvelden og pakka alt i bilen når eg reiste på jobb fredagsmorgonen. Reiste direkte frå jobb mot ferja på Oppedal - Lavik. Der møtte eg mamma og pappa og fulgte dei resten av vegen.

Fredagskvelden slappa vi av, blei med kveldsmat og preik før alle la seg rimleg tidleg. Hadde nemleg fått grei beskjed om at det skulle fiskast denne helga, og vi kunne ikkje vera for seint ute på vatnet.

Laurdagen byrja med felles frukost. Så steika vi kvar vår omelett som vi pakka med oss til nistepakke, ilag med ei kanne kaffi og ein liten termos te. Det regna denne dagen, så utkledd som småungar påveg til barnehagen i Bergen så gjekk vi til båten :)
Med himmelen i hovudet og regn i fjeset så tøffa vi utover fjorden, runde fyrtårent og la oss til. Slapp uti to pilkar med tyttebærkrokar og ei fiskestang med diverse. Plutseleg så ville ikkje pilkane synka meir, og når vi byrja dra opp så var dei snøra definitivt i live. Å dra opp eit snøre og sjå 4-5 raske makrellar på tyttebærkrokane er eit rush. Var veldig gledeleg og sidan vi hadde jo håpa på å kunne få litt makrell og då. Etter eit par gongar der snøret aldri kom halvveges til botn og ca 30 makrell seinare så satt vi foten ned (bøtta var FULL). Så utpå fjorden så måtte pappa byrja å sløye, noko stor måken likte veldig godt :) 6 timar seinare og ca 30 makrellar rikar så reiste vi heim.

Heldigvis så fekk vi litt opplett på søndagen, så då fekk vi alle nyta utsikten og terrassen. Eg fekk og plukka eit par verkelege tyttebær utan krok. Desse fekk farmor, ho er veldig glad i rørte tyttebær. Etter stekt makrell til middag og ein kjapp utvask så gjekk vegen heim att. Ei strålande helg må dette definitivt kallast :) Tusen takk mamma og pappa!!

Ingen kommentarer: