onsdag 3. oktober 2007

Fullførte langtidsprosjekt

Av og til brukar ein lang tid på prosjekt som i utgangspunktet skulle vore ferdig på eit par dagar. Av og til skjer det og at ein brukar kortare tid på prosjekt som skulle teke laaanng tid.

Vel i kveld/natt blei eg inspirert til å fullføra eit prosjekt av kvar type. Pleddet tek i utgangspunktet litt tid å strikka. 255 maskar er ikkje gjordt i ei handvending. Og iallefall ikkje når det endelege resultatet målar 110x174 cm. Byrja strikka på det for lenge sidan, snakkar måndar sidan. Så var eg sjuk og tok att tapt tid. Veldig nøgd med resultatet og trur det skal bli ei gåve om ikkje så veldig lenger.

Så er det prosjektet som berre skulle ta eit par dagar og ein omgong i vaskemaskina for vel 6 mnd sidan... Var kun pyntekanten og taua på sida som manglar, og det har teke litt tid. Så no som tida er godt forbi sengetid har eg endeleg fullført dei. Desse vert nok og gitt vekk innan kort tid, dette har vore planlagt lenge.

No er det på høg tid å komma seg i seng. Ny arbeidsdag snart. Berre 25 dagar att til avreise... God natt :)

2 kommentarer:

Tove sa...

Grattis med nok et pledd! Så riktig pent ut. Må få fingeren ut slik at jeg kan få strikket et til meg selv. Fint innimellomprosjekt når man ikke vet hva man skal finne på!

Anonym sa...

Gratulerer med fullført pledd!

Forstår ikke at du har hatt tålmodighet til å strikke to pledd... Jeg gleder meg til å bli ferdig med mitt første. Dersom det blir en neste gang, regner jeg med jeg går opp i samme pinnestørrelse som deg for at det skal kunne gå LITT raskere.