mandag 8. oktober 2007

Påbegynt, halvferdig og avslutta


Det er kjent fakta i alle handarbeidsmiljø... Aldri ha berre eit prosjekt, alltid ha fleire prosjekt å bytta mellom.

Mitt påbegynte prosjekt er bærenett til å ha på stranda i Mexico. Innrømmar glatt at eg er påvirka av Tove og nettet ho hekla. Så eg fant noko tilsvarande på Purlbee. Snart ferdig med kroppen, i mangel på noko betre å kalla det. Går fort å strikka berre eg hugsar å kasta tråden mellom alle fellingane... Oppskrifta seie bomullsgarn, og eg hadde ein haug med Tukan frå Dale som eg har knabba frå mamma i korga. Kunne ikkje blitt betre trur eg :)
Så var det prosjektet som er halvferdig. Grunnen til at det er halvferdig er at eg kun har ein sokke-tøffel. Må handla meg eit nøste til med raud Pronto. Oppskrifta eg har brukt er eigentleg berekna på Eskimo, men det stoppar ein sjeldan frå å prøva med anna garn. Oppskrifta fant eg på Garnstudio. Må skaffa meg ei stor heklenål og slik at pyntekanten kan bli ein realitet. Denne tøffelen var veldig god å ha på seg :)

Så var det prosjektet som var avslutta. Evalua nr 3. Eg har strikka den i trippelt Oleanna-garn. I oppskrifta står det at ein skal strikka til arbeidet målar 23 cm. Eg avslutta når mitt målte 21 og syns kanskje det var litt stort då, så oppfordrar dei som vil laga denne til å prøva litt i ny og ne.

Så no er det store spørsmålet; kva nytt prosjekt skal eg byrja på sidan Evalua er avslutta. Fyrste tanken min er julegåvar, har ambisjonar på den fronten iår...

1 kommentar:

Anna-Maylén sa...

Hei hei! Takk for hilsen på siden min ;)
Har hørt masse om deg, så koselig å se på siden din og "bli kjent" med deg der. hehe...
Jeg er ikke på langt nær så flink til å strikke som deg som jeg ser på siden her, men jeg har hvertfall blitt hekta! Har holdt på med broderi noen år, men gøy å lære seg noe annet også :)