fredag 5. oktober 2007

Oh, you got me...

Som ild i tørt gras kjem no meldingar om tagging, og eg blei tagga av Fru Turøy

Ein gjer som følgjande:
1. Link til den som har tagga deg.
2. Fortell 7 sanningar om deg selv, litt forskjelleg og litt rart.
3. Tagg 7 personar i slutten av blogginnlegget.
4. Legg ein melding i bloggen deira og gje beskjed om at dei er tagga.

Sju sanningar om meg...
1 - Eg var faktisk Festsjef når eg var med i russestyret.
2 - Har vore den stolte eigar av ein bukk ved namnet Blåmann. Broderen sin bukk heite Labbetuss.
3 - Eg og ei venninne vant konsertbillettar til Backstreet Boys på Topp 20. Den gongen HC var programleiar. Vi hadde laga eit troll med fem hovud, eit hovud for kvar gut i gruppa. Konserten blei tilbrakt på tribuna ilag med mødrene til alle dei hylande tenårings-fansen.
4 - Eg har kappa av meg tuppen på venstre peikefing med øks. Skulle laga båt til bror min. Den då "offesielle" forklaringa var at eg hadde dunka borti øksa (som stod godt fast i huggestabben) med ryggen og den falt ned og tok fingen min med seg.
5 - Spelte fotball i 7 år ein gong i tida. Jobba meg opp frå fast benkeplass til venstre spiss.
6 - Er avhengig av sjangerane Fantasy og Sci-fi. Har eit stort behov for å kunne drøyma meg vekk av og til. Spesielt når dagane er lange og kulda setjer inn. Oppnår dette ved å sjå filmar, lese bøker, spela spel av forskjellege slag...
7 - Eg er født i Stornoway, Skottland.

Slit litt med å tagga 7 bloggar tilbake, er så ny i gamet. Men taggar herved: Tove og Bjørnar som er dei eg kjenner som har blogg, bortsett frå Fru Turøy. Eg må påvirka fleire til å starta blogg og tagge vidare då :)

Ingen kommentarer: