søndag 25. november 2007

Prioriteringar

Same dagen som eg og Tove skulle setja opp på flyet til Mexico for 2 veker med ferie, blei det bestemt å ha strikkeklubb med gjengen frå jobb. Då eg og Tove måtte takka nei til invitasjonen fekk vi eit par kommentarar om at prioriteringane våre kunne vore eit par hakk betre. Så for å bevisa at vi har prioritert alt så kjem følgjande bilete for å dokumentera vår prioriteringsemne:

På flyet:
På Schipol:
På flyplassen i den Domenikanske Republik:

Ja til og med på stranda har vi bedrevet strikking. Det skal seiast at strikking, solkrem og saltvatn nesten vert ei god treningsøkt. Det er himla tungt faktisk.

Det skal og seiast at folk har, av ein eller annan grunn, sett rimleg rart på oss når vi har drege fram strikketøyet og strikka ein mønsteromgong, men i mangel på skruplar så har vi ikkje akkuratt brydd oss.

Vi fekk faktisk laga ferdig ein handduk kvar. Dette vert julegåver, så det vert ikkje nemt meir her.



Som eit forslag til neste gong, kva med strikkeklubb i Mexico?

Her sit eg ved El Castillo på Chitzen Itza og strikkar litt:
På båten frå Isla Mujeres tilbake til Cancun. Her ser ein at folk glor litt:

1 kommentar:

Tove sa...

Hihi!
Trodde du leste jus i dag, jeg....