onsdag 16. januar 2008

2008's fyrste Strikkeklubb

Onsdag 16. januar 2008 kl 19:00

Det samla seg 10 jenter i stova hjå Tonje for å strikka. Stovebordet var dekka med stangselleri, oppkutta gulerøtter, druer, dipp og SMASH sjokolade. Brus var sjølvbetjening på spisebordet.

Heilt utruleg å sjå kor flinke alle er blitt, spesielt med den varierande graden med strikking folk hadde frå før strikkeklubbdagane. Det var strikking av rimleg kompliserte sjal, vestar, trøyer, babyhuer, jentehuer, babypledd. Nokon prøva seg til og med på hekling.

Personleg så blei eg ferdig med dei to stykka som ein ser på bilete til høgre, som visar før monteringa. Bilete under visar kvar det vert etter eit par sømmar :)

Ellers så skjems eg over at eg ikkje har komt med noko nytt på bloggen min før no. Eg har heller ikkje bilete å visa kor produktiv eg var i førjula. Men får reisa rundt om og få tatt eit par bilete og legge bevisa ut etter kvart. For nesten alle julegåvene mine iår hadde heimelaga innslag iform av strikk.

No er det langt over sengetid. Tidleg opp på jobb imorgon og, i tillegg så SKAL eg på trening rett etter jobb. Skal bli flink å trena att, har vore altfor slapp dei siste par mnd :(

Nyårsforsettet mitt iår får vera å oppdatere bloggen oftare enn i byrjinga.

Ingen kommentarer: