mandag 21. januar 2008

And the award goes to...


Her kjem eg uvitande på jobb og går gjennom lista av faste nettsider og bloggar som sjekkast kvar morgon, og der har Irene gitt meg ein award. Er jo totalt mållaus, har jo ikkje fått tid til å forbereda ein tale då dette kom veldig brått på. Men vil gjerne nytta sjansen til å takka mamma, pappa og bror min. Irene for å tenna strikkefakkelen i meg igjen. Ynskjer og Tove og Veronica lukka til med blogging og framtidige strikkeprosjekt (og hekling). Håpar 2008 byr på mange kjekke strikkeklubbar og kanskje nokon kafetura med strikketøy og strikkelunsjar :)

Stod at awarden skulle gis vidare til 10 sjelar, men kjenner for få som har blogg så vert med 3 for min del... Litt trist då eg gjerne skulle sendt awarden vidare til haugar av folk... Jaja, til neste år :)

Er ein smule bitt av basillen og håpar ikkje eg vert kvitt basillen på lenge endå :)

Ingen kommentarer: