søndag 24. februar 2008

Søndagsklær til far...

Det er kanskje litt vel å kalla sokkar for søndagsklær, men uansett så er dette sokkane eg har strikka til pappa.

Som nemt i tidlegare innlegg så tok eg å utvida oppskrifta på Jaywalkers med tilsaman 8 maskar. Etter ein sokk var fullført så forstod eg at kanskje det ikkje var behov for denne utvidninga. Det er ein vanleg sokkepinne eg har lagt på sokken, så den er definitivt stor nok.

Men etter å ha strikka ein sokk så gadd eg så absolutt ikkje å rekke opp og strikka på nytt. Så det blei eit par av det tilslutt. Må få stappa sokkane i ein konvolutt og sendt til pappa, medan det framleis kan vera litt behov for strikkasokkar.

Har litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje har laga noko til mamma og, men dama er ein racer på å strikka sjølv og er alltid varm. Så vert kanskje med ei bok eller noko frå Mamutsalget til ho i same konvolutt.

No visar klokka seint seint, har vore å spelt brettspel hjå Bjørnar og Hanne, tapa så det sang etter. Men neste gong :) No er det sengetid.

1 kommentar:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.