søndag 2. mars 2008

Dykking frå Rongesund Kai


Etter ein lang fredag, mykje flytteaktivitet på jobb og rett på skuddårsfest, så blei eg henta litt over 9 laurdags morgon for å dykka. Fyrste gongen eg fekk testa undervannskameraet eg bestilte i godt tid før Mexico, men som eg fekk fyrst 2 mnd etter eg var komt heim att.

Som kanskje ein del fekk med seg så var ikkje været imponerande på laurdag, har ikkje komt meg i tørrdrakta så tidleg i påkledningsprosessen i forkant av dykking før. I det maska og hanskane blei tatt på så kom sola fram... Utgjordt...

Der var ikkje mykje til liv der nede, men folk har vore dyktige til å kasta søppel frå den kaien sidna siste eg var der å dykka. Ikkje noko fint syn, faktisk veldig trist å sjå kva folk meinar det er greitt å kasta i havet. Men alikevel var der eit par små kamskjell som nekta å gje opp, ein heil haug med orange Dødmannshender. Fant ein Nakensnegel og Rognkjeks, ikkje noko ein treffe på så veldig ofte. Så kjekt var det.

No må eg berre bli flinkare til å komma meg i sjøen og bruka kameraet så vert det sikkert ein del betre bilete framover...


1 kommentar:

Anonym sa...

knalle bilder lene. Kamera virker jo veldig bra ut i fra disse bildene

Camilla